Fare for jordras
BRIT NILSEN: Namnet på bygda Kvikne i Vinstradalen er eit gammalt namn, og det finst skriftleg belagt i 1432, a Kviknom. Namnet er elles berre kjent som bygde- og gardsnamn frå Sør-Trøndelag. Kvikne i Nord-Fron har nok opphavleg vore eit gardsnamn, og det kjem truleg av gamalnorsk kviknar, som heng i hop med det gamalnorske adjektivet kvikr, med tydinga «levande». Namnet kan sikte til grunnforholda på staden, til kvikkleire og fare for til dømes jordras. Slik bygda ligg til i bratta, høver dette godt.
E har høyrt at det budsette seg fyst folk i Skåbu. Så da det kom folk lenger ni, så sa døm at det kvikna te…så vart det Kvikne