Den som går i krok og slyng?
BRIT NILSEN: Elve- og vatnnamnet Vinstra har ôg gitt namn til stasjonsbyen Vinstra. Det fleste forskarar har tolka namnet som «den venstre», fordi elva ligg på venstre sida av hovuddalføret når ein fer oppover dalen. I en artikkel frå 1978 skreiv forskaren Kåre Hoel om namnet Vinstra, og han har ei heilt anna forklaring: Han meiner namnet er ei sjølvstendig elvenamnlaging av gamalnorsk vinda, som betyr «dreie, svinge, vinde». Namnet skulle da bety «den som vindar og snor seg, den som går i krok og slyng.» Han meiner også at namnet opphavleg var brukt på Vinstervatnet, som er svært krumt.
Eg trur vi gjer rett i lytte til Kåre Hoel. Han var ein av våre fremste namneforskarar. Norsk Stadnamnarkiv gjorde i si tid vedtak om at alle bustadnamn i Noreg skulle granskas og gis ut i eit stort bokverk: Norske bustadnamn. Arbeidet vart berre fullført i Østfold. Kåre Hoel sykla rundt i fylket, banka på alle dører og skreiv ned det han hørte. Han heldt på i seks år. Så byrja sjølve forskararbeidet. Da han døydde i 1989, låg det att eit manus etter han på nesten 8000 tettskrivne sider. Professor Tom Schmidt har gitt ut dette manuset, supplert med sine eigne kommentarar. Dette arbeidet vart fullført i 2021: Norske bustadnamn Østfold – 20 bind, eitt bind for kvar kommune! For dette arbeidet vart Tom Schmidt i mai i år tildelt Wilsemedaljen.