Motiv for utvandringa til USA var så mange

Alt var litt større i det eventyrlege landet på hi side av havet. (Bilde frå Anne Lise Jørstad Røsand/Vegar Skar)
EINAR HOVDHAUGEN: Utvandring til Amerika letta folkepresset i bygdasamfunnet. Ein del sveltihelplassar blir nedlagde. Det blir ledige husmannsplassar for dei mange som før hadde hatt vanskeleg for å skaffe seg ein plass. Inderstklassa blir etter hvert sterkt redusert. Utvandrarstrømmen er sterkt dominert av småkårsfolket i bygda. Ofte må ein undre seg over korleis dei kunne skaffe pengar til billett og utrustning. Men det viser at husmennene ikkje var så heilt eigdomslause. Det hadde nokre dyr og litt innbu som kunne gjerast om til pengar. Og etterkvart hjelpte dei som var komne over skyldfolk og kjenningar med billettar.
Motiv for utvandringa har vore så mange. For dei fleste var motivet å koma seg ut av ein nokså vonlaus livssituasjon her og skape ei tryggare framtid for seg og sine i det nye eventyrlege landet på hi side av havet. Det desse folka kjende til, trudde på og drømte om, var jord. Og i Amerika låg endelause jordvidder og venta på sin mann. Mange ønskte koma ut av sin fornedrande livssituasjon som det sosialt lagdelte bydasamfunnet plaserte dei i. Dei som reise frå ein gammal slektsgard, som det gjekk ut med, har og reist frå nederlaget og slektsskamma. Av og til ser vi at ein gardmansson utvandrar i lag med ei husmannsjente han har eit barn med. Kanskje er han utvandra for å følge sitt hjertes valg på tvers av ekteskapskonvensjonane i ættesamfunnet. Utruleg mange kvinner med barn født utanfor ekteskap har greitt kome seg over til Amerika. Dei har vel og hatt sine grunnar.
Men det vart og skapt ein Amerikafeber, der den eine har dratt den andre med seg, der eventyrlyst og rein utreiselyst har vore medverkande motiv. I den seinare del av denne utvandringstia kjem eller eit anna motiv inn. Tanken om å reise ut nokre år, tene seg pengar, og så koma tilbake til gamlelandet. Det var ikkje så få som nå kunne tenke seg ta nokre år i Amerika, som ei oppleving dei ville ta med seg, som ein slags skole, der motivet da var å tene pengar for å etablere seg i Norge, anten det nå galdt å overta slektsgarden eller på annan måte. Ikkje så få var borte ein 5-6 år og kom tilbake. Men dei fleste vart nå verande der, sjøl om dei nå ofte såg seg råd med å besøke heimlandet ein og flere ganger i sitt liv.
Frå Gardar og slekter i Fron, bind I
0 Comments