Oppgangssaga frå Me-Åkre – eit stykke Skåbu-historie ved Sula

Ved elva Sula i Sødorp står i dag ei oppgangssag som er eit særmerkt minne om eldre tiders skogbruk, handverk og utnytting av vasskraft. Saga stod opphavleg ved Me-Åkre i Skåbu, og historia hennar er knytt til både gardane Nordgard Kongsli og Grosberg og arbeidet til Fron historielag med å ta vare på eldre bygdekultur.

Saga vart bygd kring 1890. På denne tida var oppgangssaga ein gammal teknologi, og dei meir effektive sirkelsagene hadde for lengst byrja å konkurrere med dei tradisjonelle sagene. Likevel hadde oppgangssaga ein viktig eigenskap: Ho kunne handtere grovt tømmer på ein måte som dei nye sagene ikkje alltid kunne. Difor heldt slike sager fram med å vere i bruk også etter at den industrielle sagteknologien hadde gjort sitt inntog.

Ivar Brandvol studerer saga ved Me-Åkre før demonteringa byrjar.

Saga på Me-Åkre

Oppgangssaga på Me-Åkre var eigd i fellesskap av Nordgard Kongsli og Grosberg. Med vasskraft som drivkraft kunne store tømmerstokkar bli saga til bord og plankar. Arbeidet var både enkelt og sinnrikt: Vasshjulet overførte kraft til sagmekanismen, slik at sagbladet gjekk opp og ned gjennom tømmeret.

Det karakteristiske ved ei oppgangssag er nettopp den vertikale rørsla til sagbladet. I motsetnad til ei moderne sirkelsag er det ikkje eit rundt blad som roterer, men eit langt sagblad som arbeider fram og tilbake. Når saga er i drift, blir den gamle teknologien svært tydeleg – vatnet driv eit stort vasshjul, og krafta blir gjennom akslingar og mekanikk omforma til den rytmiske rørsla i sagbladet.

For folk som ser saga i dag, er det lett å tenkje på henne som eit museumsgjenstand. Men for dei som bygde og brukte slike anlegg, var dette eit viktig arbeidsreiskap. Saga gjorde det mogleg å foredle tømmeret lokalt og produsere materialar til hus, uthus og andre bygningar.

Oppgangssaga der ho opphaveleg stod i Sagstubben med utsikt utover Me-Åkre.

Dugnadsgjengen i gang med demonteringa i 1963. Ivar Brandvol (leiar i Fron historielag 1951-1974) til venstre.
Kanksje nokon dreg kjensel på dei andre?

Ei gåve til Fron historielag

I 1963 vart saga demontert på Me-Åkre. I samband med dette fekk Fron historielag overta henne. Saga vart gitt som gåve av Eivind Sande og Asbjørn Kongsli.

Det var ikkje tilfeldig at historielaget ønskte å ta vare på akkurat denne saga. Ho representerte ein del av den eldre teknologihistoria i Fron – ei tid da vatnet i elvane ikkje berre var ein naturressurs, men ein viktig energikjelde for bygdene.

Etter at saga var demontert, vart ho flytta og sett opp att ved Sula i Sødorp. Dermed fekk ho ein ny plass i historia – denne gongen som ein del av det som etter kvart skulle bli Fron bygdatun.

At saga vart flytta til Sødorp, gjorde det også mogleg å samle fleire gamle arbeidsreiskapar på same staden. Nokre år etter at saga kom på plass, vart eit kvernhus frå Skurdalshaugen på Harpefoss flytta dit. I dag står saga og kvernhuset saman ved Sula.

Gode arbeidsteikningar måtte til for riktig montering etter flyttinga. Oppriss av saga teikna av Olaf J. Brandstad.

Oppgangssaga var nokså medfaren etter mange år utan bruk. Her ser vi «velta» der tømmeret vart tatt inn på saga.

Vatnet frå Sula

Plasseringa ved Sula er meir enn eit spørsmål om å ha ein vakker og sentral museumsplass. Her finst sjølve energikjelda som saga treng.

Sula har gjennom generasjonar vore ei viktig elv for Sødorp. Vatnet vart brukt til både vatning, kverndrift og sagbruk. Det fanst fleire dammar og vassveiter langs elva, og vatnet vart ført i renner og veiter fram til dei stadene der det skulle nyttast. Det vart ført nøye kontroll med kven som hadde rett på vatnet frå elva.

Inntaksdammen til vatningsanlegget ved Solbrå i Sødorp har seinare fått ei ny rolle. Dammen vart sett i stand slik at vatnet kunne nyttast til å drive både oppgangssaga og kverna til historielaget. Det er eit fint døme på korleis natur- og kulturhistoria heng saman: Elva Sula har gjennom hundrevis av år vore ein del av livsgrunnlaget i bygda, først og fremst gjennom vatning, men også gjennom kraft til kvern og sag.

Oppgangssaga til Fron historielag er ikkje fyrste saga som nyttar vasskrafta i Sula. Her ei sag plassert litt lenger opp i Ådalen.
Foto: H.H.Lie rundt 1900.

Frå sagbruk til kulturminne

Etter flyttinga i 1963 gjekk det fleire tiår før saga igjen kunne køyrast. Fron historielag har lagt ned eit omfattande arbeid med å restaurere og setje både sag og kvern i stand. I 1995 vart anlegga sette i kjørbar stand, med inntaksdam i Sula og renner fram til vasshjula.

Sidan har saga med jamne mellomrom blitt demonstrert for publikum. Når vassføringa er god nok, kan ein oppleve korleis ei vassdriven oppgangssag faktisk arbeider. Dette gjer saga ved Sula til noko meir enn ein gammal bygning. Ho er eit levande teknisk kulturminne. Når vasshjulet går og sagbladet byrjar å bevege seg, får ein eit konkret inntrykk av korleis folk i tidlegare generasjonar utnytta naturkreftene.

Slik fram står kvernhuset frå Skurdalshaugen og oppgangssaga frå Me-Åkre i dag ved Sula.

Loading

0 Comments

Submit a Comment