Gudrun Lunde – to kvinnealdrar i omsorg for eldre

Her står Gudrun Lunde «på gjengrodde stier» på Veikle: «Det var ei tropp her, framfor det som var hovudinngangen til alders-avdelinga. Her kom oss med frukosten og kveldsmaten på brett frå kjøkenet. Foto: Kjartan Ruset.
KJARTAN RUSET I KYRKJEBLAD FOR NORD-FRON nr 3 2016: Gudrun Lunde hadde sommarjobb på aldersheimen på Veikle i Kvam sommaren 1952. Hausten 1953 vart ho fast tilsett, som fjortenåring. I 1962 flytte ho med til Nord-Frons nye aldersheim, Sundheim. Der arbeidde ho til 2012, dei siste åra på dispensasjon. Ho var 73 då ho gav seg! Imponerande 60 år i omsorgsarbeid. Sjølv trekker ho frå 10 år, dei åra ho var heime og hjelpte mor si då ho vart åleine, og eitt år i utdanning. 50 år er imponerande nok. Det kvalifiserte til Kongens fortenstmedalje, som ho vart tildelt i 2010.
Gudrun er historie! Ho sa seg viljug til å dele litt av den historia med oss. No når den siste, store utbygginga på Sundheim snart er fullført, kan eit tilbakeblikk til Veikle vise den enorme utviklinga det har vore på desse seksti åra.
Gudrun fortel: Det året eg var 13 fekk eg meg sommarjobb på Veikle. Det var ikkje mange plassar vi kunne få jobb den gongen. De va Veikle oss tydd te! Året etterpå, då eg var ferdig med folkeskulen, spurde Anna Kjæstad, styrarinna, om eg kunne begynne fast.
Du vart med andre ord «headhunted», som vi seier i dag!
Ja, eg har støtt likt å stelle for folk! På Veikle likte eg meg kjempegodt. Sant å seie kjendest det som ein nedtur då vi flytte til Sundheim! På Veikle var vi som ein stor familie, 6-7 tilsette og eit par og tjue pensjonærar.
Hugsar du kven som arbeidde på Veikle den gongen?
Eg trur det! (Ho må tenke seg litt om, så kjem det:) Anna Kjæstad var styrarinne. Då eg hadde sommarjobb, var Bergljot Ringen kokke. Mannen hennar, Anton Ringen, var gardsbestyrar på Veikle. Seinare kom Johannes Stebergløkken som gardsbestyrar. Han og familien budde og på Veikle. Etter Bergljot kom Gunda Myrhaugen som kokke, og etter henne Karen Letrud. Marit Johnsen og Aud Hermansen var kjøkkenjenter. Anna Haugalien, Oline Slåen og Marit Aasmundstad (frå Heidal) var pleiarar. Olaf Berget stod for gardsdrifta saman med broren Ivar. Egon frå Danmark arbeidde som sveisar. Arbeidsgjevar for oss alle var Nord-Fron kommune, som åtte Veikle den gongen.
Det var vel enkle forhold samanlikna med i dag?
Ja – og tungvint! Vi starta kl 7 med ein morgonkaffi på kjøkkenet. Så var det å ta kvar si bytte med varmt vatn og gå på romma for morgonstell. Vinterstid måtte vi og fyre i omnane på romma. I tillegg til det daglege stellet av dei gamle hadde vi også reinhaldet og klesvasken. Frukosten vart servert på romma. Dei sprekaste åt middag saman med arbeidsfolket ved langbordet på kjøkkenet. Dei andre fekk maten på romma. Vi gjekk med brett over tunet. Seks av pensjonærane budde på ein stor sal. Der var det eit langbord som vi sette maten på fyrst, og så gjekk vi derifrå rundt til dei andre romma. Det var to og tre på kvart rom, ingen hadde einerom.
Gudrun vert lang i blikket ho er seksti år attende i tida. Men du verden, vi hadde mykje moro på Veikle.
Eg hugsar godt den gongen det var opningsfest på Kvam Bygdahus. Då kom vi veldig seint heim, eller tidleg kanskje, for å seie det slik! Vi rakk ikkje å byte til arbeidstøy, så då serverte vi mårråkaffien i festbunad! Det tykte dei gamle var stas, prata mykje om det etterpå.
Såg de noko til presten på Veikle?
Ja, sokneprest Skåre heldt andakt stundom, eg trur ikkje det var nokon fast dag. Doktor Kolvik kom når nokon var sjuke. Var det forkjøling på gang, kokte Anna eit brygg av sukkervatn og medisin-sprit. Hadde nokon vondt, så var det å ta ein Globoid. Det var omtrent det vi hadde å hjelpe oss med! Dei gamle fekk lov til å døy, når dei følte tida var inne. Når nokon døde, vart kista fyrst sett på stabburet. På gravferdsdagen vart det pynta med granbar og einekvist i gangen der dei eldre budde, og kista vart sett inn der. Dørene til romma stod opne, så ein kunne fylgje med på bisettelsen som presten forretta. Så vart kista ført til kyrkjegarden.
Hugsar du nokon av pensjonærane?
Eg trur eg hugsar dei fleste! Det var eldre frå heile Nord-Fron. Frå Kvikne hugsar eg ei Johanne Massengjordet. Så hadde vi eit spesielt syskjenpar frå Ruste, Mari og Petter Moastuen. Ho Mari fylgde med på alt som skjedde, spesielt når det kom besøkande. Ho kunne og gje ei hjelpande hand i arbeidet, stundom litt motviljug. «Eg skal gjere arbeidet, og de får æra for det!» kunne ho då seie. Og så var det Amund Rønningen, som kvar dag gjekk til stasjonen og henta posten. Han kunne vere nokså sliten når han kom opp att. For ikkje å gløyme Petter Odden. Han sat heile tida i skålen og spikka «kose» (opptenningsflis).
Det gjekk med mykje ved på Veikle?
Det skal vere visst! Om vinteren fyrte vi opp i omnane på romma ved morgonstellet. I eldhuset der vi vaska klede, fyrte vi i ein Jøtul-omn heile året. I storstua var det ein stor klebersteinspeis, som stod eit stykke ut frå veggen slik det var vanleg før. Mellom peisen og veggen kunne ein då stable ved. Ved juletider laga Olaf Berget eit flott lad med kvit bjørkeved, og la inn raud oreved så det vart ståande «God jul» med raude bokstavar i vedstablen. I storstua var det forresten juletrefest kvar jul. Då kunne det vere opptil hundre menneske der.
Men attende til klesvasken, Gudrun. Hadde de vaskemaskin?
Ikkje den fyrste tida eg var der. Då var det å vaske på gamlemåten, med vaskebrett og med koking. Vi kokte forresten såpe sjølve, av feitt frå slaktinga. Så fekk vi ei vaskemaskin, men tøyet måtte framleis kokast i den store ystepanna. Nokon tørketrommel fanst ikkje. Kleda måtte ut på snora, både sommar og vinter! Så var det til slutt å rulle og stryke tøyet.
Kva med baking?
Den var det Anna Kjæstad som stod for. Vi hadde heimebaka brød heile tida, og flatbrød og lefse. Anna hadde stundom ekstrahjelp til bakinga. Det hende og at vi hadde ekstrahjelp med klesvasken.
Hadde de vaktordning og fritid?
Det var mindre med det! Vi pleiarar og kjøkkenjenter budde i andre høgda i same huset som pensjonærane, så vi hadde i grunnen vakt heile døgnet. Skulle vi bort ein efta eller ein kveld, måtte vi forsikre oss at nokon av dei andre var til stades. Vi fekk ein fridag innimellom når vi hadde behov for det.
Og lønna?
Det var 300 kroner i månaden, attåt kost og losji. Kvar lønningsdag gjekk eg på postkontoret på Kvam stasjon og sette inn kr 150 i Postsparebanken!
I «Historia om Fron» bind II, har Ragnar Øvrelid intervjua Anna Kjæstad om livet på Veikle. Det er skildra akkurat slik Gudrun fortel det. Og Anna opplevde flyttinga til Sundheim akkurat slik som Gudrun, går det fram av intervjuet: «Ho var ikkje hauga på å flytte til det moderne Sundheim i Betjeninga ville og helst ha blitt på Veikle», heiter det i Øvrelids tekst. Men til Sundheim kom dei. Og Gudrun kom etter kvart til å trivast også der, elles hadde ho ikkje halde ut i femti år! Ho hugsar godt dagen dei flytta, i slutten av september.
Eg hugsar spesielt ho Marie Resset. Ho hadde fyllt 100 år om våren, og var nokså sprek. Juliane Bakken køyrde henne i den grøne drosja si, eg trur det var ein Chevrolet! Juliane tok førarkort då mannen hennar gjekk bort, og tok over hans drosjeløyve. Det var ein stor overgang å kome til Sundheim! minnest Gudrun. Oss kom til det som heitte «Gamlepleia» den gongen. Men allereide i oktober vart vi flytta opp i andre høgda, over fødeavdelinga. I april 1963 flytta eg forresten over på fødeavdeling, som nattevakt. Det var og ein overgang! Men det var fint å jobbe der og. Fødeavdelinga vart nedlagt i I 1979 begynte eg på hjelpepleiarutdanning på Gjøvik. Praksisen fekk eg på barneavdelinga, og i 1980 tok eg eksamen og vart autorisert hjelpepleiar. Frå juli 1980 til ferien i 2012 var eg fast tilsett ved Sundheim.
Første februar i 2011 vart eit høgdepunkt i livet til omsorgs-veteranen Gudrun: då stod ho på Slottet og takka Kongen for fortenstmedalja som ho hadde blitt tildelt hausten. Ho hadde med seg dottera Guri. «Dere er så fine i dag, det er godt å se hvor dere kommer fra!» sa dronning Sonja ved det høvet. Ho kjende att Gudbrandsdals festdrakt som dei to bar. Kongen og dronninga var trivelege og pratsame, tykte Gudrun. Det var fleire som mottok medalje og hadde sine fylgje med. Dei vart servert biteti, og ein kar med kvite hanskar serverte dei champagne! Forsamlinga vart delt i grupper, og så gjekk kongen og dronninga rundt kvar for seg og prata med gjestene. Gudrun kunne då nemne for Kongen at dei hadde ein god felles kjenning, nemleg Tordis Sande, vertinna på Sikkilsdalseter, som kongen kjende godt, og som Gudrun hadde arbeidd saman med på Sundheim.
Gudrun fekk dispensasjon eitt år om gongen, etter at ho hadde fyllt 70. Det var ikkje så lett å slutte. Du vert glad i desse gamle! innrømmer Gudrun. Men sjølv kjenner ho seg ikkje gamal, i sitt åtteogsyttiande år. Ein dag etter arbeidstid vart Gudrun «kidnappa» og bortført med bind for auga. Då bindet vart bortteke, var ho i instituttet til Annie Solberg, der ho fekk massasje, og så bar det vidare til eit festpynta Ruste bygdahus – og festen var for henne! Kollegaer på Sundheim og ein venninnegjeng som kalla seg «Driftige damer» stod for arrangementet. Sommaren 2012 takka ho for seg på Sundheim. Ho er framleis aktiv saman med «Driftige damer». Dei arrangerer stor julemesse, og har utsal i «Tyle kroken» på Peer Gynt-senteret, der Gudrun tek sine vakter. Og så har ho barneborna Tuva (9) og Sture (6) å oppleve ting saman med. Hus og hage krev sitt, så livet er framleis både leveleg og godt!
Men kva seier du no, Gudrun, når nye Sundheim står ferdig? Du meiner vel ikkje at vi skal attende til slik det var på Veikle – sjølv om det kjendest som ein nedtur den gongen de flytta derifrå?
Nei, det meiner eg ikkje! seier Gudrun nøkternt. – Men for meg er det fint å hugse den tida, for då kan eg setje meg ned og mimre!
Og takk for det, seier vi som fekk mimre ilag med denne Nord-Frons absolutte supervetaran i den kommunale omsorgstenesta. Med det føredøme ho viser i truskap og arbeidsglede, er ho ei utfordring til oss alle om framleis å slutte opp om Sundheim, og bidra til å fylle desse flotte bygningane med liv og innhald, til beste for våre eldre.
hei hvordan kom dette stedet til? Jeg er knyttet til viekles / weikles. de flyttet til minnesota USA for lenge siden
Sorry if misspelling anything.