Nilshimin

by | 18. jun 2021 | Biografiar, Jordbruk | 0 comments

Historia om eit vanskeleg liv

nilshimin-1

Pål Nilsheimen. Bilde frå Anna Smikop.

ODDMAR MYRUM: Den karen vi skal fortelja om her, var original i beste tyding av ordet. Namnet var Pål Nilsheimen, eller Nilshimin som har vart kalla til dagleg. Foreldra hans var Hanna og Ola Nilsheimen, og dei hadde berre denne eine sonen. Han var fødd i Kvikne i 1900. Det blir sagt at foreldra hans Pål var svært strenge med guten, og at dei fleire gonger var direkte hardhendte med han. Han fekk hjerneskade, uvisst kva som var grunnen.

Nilshimin likte godt å prate med og om jenter. Det var interessa for jenter som øydela fleire år av livet hans. Det kom ut at han hadde vore nærgåande mot ei ungjente i bygda. Det vart rettsak, og han vart straffedømd. To år bak murane fekk han. Sjølv hevda han at han var uskuldig. Mange i bygdesamfunnet stødde han og meinte at alt saman var oppspinn, men han måtte slite med at han hadde vore på straff.

Tidleg utvikla han ein kvass replikk som han brukte som eit godt forsvarsvåpen mot alle som gjorde narr av han. Og etter kvart vart det få som våga å seie imot han. Eg råka Pål på kafe på Vinstra. Han sat og prata med nokre karar, men reiste seg og skulle gå. Da fekk han auga på meg og kom bort til bordet og fortalde at han var på heimveg. «Kjerringa blir så forbanna dersom eg kjem for seint til maten,» sa han. «Er du gift da?» spurte eg. «Nå slit eg på tredje kjerringa, Den første var så stygg og sint at eg slo ihel ho og grov ho ved i møkkakroken. Den andre kjerringa døydde på normalt vis. Men denne eg har nå, ser ut til å bli for hard for meg,» sa Pål. Så grotesk kunne han vera. Og han prata så høgt at heile kafeen høyrde det. Dermed fór han på dør.

På folkeskolen lærte han både å lese og skrive, og på mange område kunne han virke svært gløgg. Han las mykje i Bibelen og hadde gjerne eit gudsord når einkvan sa noka han ikkje likte. Det beste inntrykket av Nilshimin får vi gjennom dei tallause historiene som er etter han.

Gjerdet rundt Nilsheimen var ofte i forfall, og geita hans Pål kom inn på naboeigedomen. Ein dag kom grannen og klage på dette. «Ja, men du skjønar at geita forstår seg ikkje på marsteinane», svara Pål.

Ein kveld var Nilshimin på besøk hos ein gamal sambygding som hadde ord på seg for å bruke feil passervidde når han dreiv med oppmæling. Denne karen hadde lyst til å erte Nilshimin, som han visste ikkje treivst så godt i mørkret. «Er du ikkje redd for å gå heim att i dette svarte haustmørkret»? «Nei, er ikkje mørkredd,» svara Nilshimin, «men når du er død, vil eg nok vera litt redd for å gå ute når det er mørkt og kanskje risikere å møte deg når du er ute med storpassaren din!»

Pål var ofte på Tøftebua, som var butikken hans Reidar Hagen. Ein gong gav han seg til mykje av dagen og dreiv og reiv kjeft med kundane. Til slutt vart Reidar lei dette. Han tende på alle pluggane, tok tak i Pål og puffa han ut. Med det same Nilshimin for over dørstokken, såg han opp og las høgt det som sto skrivi over døra: «Takk for besøket og velkommen igjen.»

Ein gong vart han innkalla til forsyningsnemda i samband med krøtterteljinga. Det var nøye med slikt under krigen. Pål vart spurd kva tid kua hans skulle kalve. «Ja sanneleg om eg veit. Kua har vore gjeld i åtte år, så eg har ikkje greidd å følgje med i kalvingsdatoane,» svara Pål.

Pål Nilsheimen hadde ein levande fantasi. Den var nok til stor hjelp for å oppleve noko han hadde lyst til, og noko han drøymde om. Han fortalde meg ein gong at han hadde fått fjernsyn heime hos seg. «Eg har plassert det i nørdre og ytste roa, Ja, du veit nå korleis det er heime hos meg, du. Og så har eg fått skjerma nedføring på antenna, så bileta blir ekstra fine.» Det spela mindre rolle at eg aldri hadde vore inne i huset hans Pål.

Ein dag var han på butikken. Der var det ein kar som sa til han at han måtte klyppe av seg noko av den bustute hårluggen. Han som sa dette, var fehandlar og mest utan hår. Dette beit Nilshimin, og dermed kjem det: «Eg har ikkje vore meir uærleg enn at eg har  håret mitt i behald!»

Pål Nilsheimen likte godt å gå på tivoli. Ein gong var han på eit stort tivoli ved Bøndenes hus på Vinstra. Ved skytebanen stod ein gjeng med ungdommar. Dei ville halde ap med Nilshimin og ville ha han til å skyte med luftpistol. Det låg flerie store pistolar på disken, og ein var ladd og ferdig til bruk. Ungdommane gjekk hardare på Nilshimin for å få han til å skyte. Men han ville ikkje. Da var det ein av ungdommane som sa: «Han tør ikkje skyte.» Dette stakk Nilshimin, så han reiv til seg pistolen i fullt sinne. Han sikta ikkje ein gong, men klemde av – og der sat pila midt i blinken. Da vart det slutt med å fleipe med Nilshimin den kvelden.

I grannelaget til Nilsheimen var det mykje religiøsitet. Nilshimin tolka religionen på sine måte: «Å, det er vel med religiøsiteten på Skogom som med bitetiet på Nilsheimen. Den er framme berre når det er framandfolk til stades.»

I alderdomen skranta helsa ein del, og dei siste åra sine levde han på aldersheim. Pål Nilsheimen døydde i 1975, og er gravlagd ved Kvikne kyrkje.

Frå Fronsbygdin 2005

Publisert her første gong 3. februar 2014

0 Comments

Submit a Comment