https://vimeo.com/105594300
Tove Østby delte andreprisen i historielagets konkurranse om beste lokalhistoriske video. Gratulerer! Juryen meiner: Videoen fortel om ein viktig og rik tradisjon – seterdrifta gjennom århundra. Med konkret utgangspunkt i filmskaparens eiga historie frå Lomsetra. Ho intervjuer mor si. Her kjem det fram mange interessante opplysningar og historier. Men det er nokre utfordringar her. Dei første ti sekunda av videoen er eit stillbilde av ein værbitt planke. Med voice-over, som det heiter. Her kunne det i staden vore opningstekst i skrift og gjerne litt musikk som tok oss inn i stemning og tema.
Videoen omfattar to delar. I første del på ca 4 minutt les filmskaparen opp ein meir generell artikkel om seterdrifta, som det er lagt bilde på, både stillbilde og film. Eit problem her er lite samsvar mellom tekst og bilde. Det skuldast nok at filmskaparen gjer det svært vanskeleg for seg, for teksten er tydeleg ikkje skriven med tanke på å være ein videotekst. Den skiftar for fort tema og baserer seg berre på ord. Teksten gir ikkje rom for å fortelje med bilde. Det er som om filmskaparen ikkje heilt stoler på at bilde kan fortelje – utan ord. Når teksten raskt fortel om mjølking av kyr, ser vi bilde av rabarbra. Når teksten fortel om ulv og bjørn, ser vi to bunadskledde småjenter som går hand i hand. Når vi høyrer om dagleg arbeid og slit, ser vi bilde av insekt på vatn. Den same filmsekvensen av vandring over sølete gras blir brukt fleire gonger og fortel svært lite. Her kunne ein ønskje seg at filmskaparen hadde løfta linsa og gitt oss meir oversyn.
Når ein lagar video, er det viktig å undersøke kjelder og finne materiale. Her treng ein ikkje gå lenger enn til historielagets heimeside for å finne både bilde og film frå setring og seterdrift. Det kunne med fordel vore nytta.
Andre del av videoen er basert på intervju med mor. Ho har mykje interessant å fortelje, men når ho fortel om mjølkerampa, vil vi gjerne sjå det ho fortel om. Det kjem først seinare. Når ho fortel om korleis det var på Lomsetra da ho var ung, vil vi gjerne sjå bilde frå den tida. I staden får vi dei to bunadskledde småjentene. Når ho fortel om at det var ein lang ferd for folk og dyr opp frå dalen, vil vi gjerne sjå eit kart som syner oss vegen. Først med historia om ein hest som vart berga, er det samsvar mellom bilde og ord.
Rytme er eit viktig element i all formidling. Vi treng pause og variasjon, vi treng bilde utan ord. I Seterlivet – en verdifull skatt går alt i samme tempo med litt for mykje informasjon som det kan vera vanskeleg å få med seg.
Men når alt dette er sagt, må ein også seie at Tove Østby fortenestefullt har laga utgangspunkt for eit viktig og kreativt prosjekt som verkeleg fortener at ho jobbar vidare med det. Når ho får meir røynsle med kamera og redigering, kan dette bli eit verdifullt dokument for ettertida.
0 Comments