Korleis var det å vera ung under krigen?

Oddrun Stormorken Rudland som konfirmant i bunad sydd under okkupasjonen. Foto: H.H. Lie eftf.
Oddrun Rudland frå Stormorken i Kvam var knapt 13 år da Noreg vart okkupert i 1940. – Ein og annan privat fest var det. Da hende det at vi vart forstyrra av tyskarane. Eg trur ikkje dei kom for å skræme oss. Dei var unge, dei òg, ville gjerne vera med i dansen. Men vi var for unge til å skjøne at desse unge soldatane var folk, dei og. Ein ung tyskar baud meg opp til dans ein gong. Da spytta eg han rett i anletet. Det ville eg aldri gjort i dag. Men vi var nok redde tyskarane, fordi vi vart skræmde med dei og innprenta å halde avstand, fortalde ho i ein samtale med Ivar Myrstad i 2005.
Vi hadde radio heime i Stormorken. Likevel visste eg ikkje noko om krigen før eg kom på skulen. Om dei heime hadde høyrt radiomeldingar, veit eg ikkje. Kanskje ville dei ikkje uroa ei småjente? På Kvam var det elles ei vanleg oppfatning at vi låg langt vekk frå alt som heitte krigssoner.
Det var på alle måtar ein uvanleg skuledag. Vi starta ikkje med ei tradisjonell salme, slik vi hadde for vane. Lærar Ringdal sa vi skulle syngje Gud signe vårt dyre fedreland. Etterpå fortalde han at tyskarane var komne til landet. Og det heilt utan grunn, la han til: «For vi har ikkje gjort ein katt fortred». Dermed støtta han hovudet i hendene og gret så han rista. Dette gjorde sterkt inntrykk på alle og har brent seg inn i minnet. Ringdal orka ikkje å undervise, og i alle fall klassa mi vart send heim.
Krigen var igang i Noreg. Folk frå Mørebataljonen låg heime hjå oss på Stormorken, før dei måtte rømme vidare. Eg ser ennå for meg eit 50-liters mjølkespann ute på troppa med ei stor ause i. Der kunne dei drikke seg utyrste. Det var forresten snille karar, som ofte tok oss ungane på fanget. Kanskje hadde dei i all hast måtta reisa frå smårollingar sjølve?
Seinare kom engelskmennene, og så var krigen i Kvam i full gang. Ei låve var det fyrste som brann, og eg ser for meg store tyske bombefly. Mor sa at no måtte vi rømme. Men det vart ikkje så lang flukt, berre 300-400 meter opp til Myrrusta. Det var bratt dit, og vi meinte oss utanfor skothald. To av brørne mine låg att på fjøstaket og stirde mot Kvamsporten. Det var utrygt. Kulene begynte å hagle ned på bølgjeblekktaket.

Noko seinare gjekk vi ned att og sat bak skorsteinspipa. Men det vart så ille at alle måtte ta til skogs. Bakom ein stor stein gøymde vi oss resten av dagen og høyrde på kommandorop, skriking og skyting.
Far sela på seks hestar i Stormorken, og så drog vi til fjells. Det var mykje snø våren 1940 og tungt å ta seg fram. Bestemødrene mine var med, båe med avbroten fot. På setra var mykje øydelagt av soldatar. Dei hadde brote seg inn og brukt av inventaret til fyringsved. Vi måtte vidare til nabosetra, der omlag 40 personar slo seg til for natta. Det vart mange dagar på setra for nokre av oss. I tillegg til oss ungane var det ein del eldre folk. Derfor trongst det mjølk, og eg hugsar dei kom baksande med ei ku i snøen!
Vi hadde med ski og var framme på åskammen for å følgje med i utviklinga. Desse skiene gav oss forresten eit lite avbrekk i gravalvoret. Engelskmenn på rømmen lånte ski og fekk fram latteren, der dei kava og stupte. Men dei kom seg visst unna.
Heilt isolerte frå krigen var vi no ikkje. Da ein tysk tanks vart sprengd, var trykket så kraftig at rutene dirra heilt innpå setra. Likevel var det merkeleg kor rolege dei vaksne var. Eg hugsar berre ein gong mor gret. Det var da deler av Kvam og kyrkja stod i brann.
Vi kom ned att 1. mai. Da var det bert. Militærkolonnar strøymde nordover. Det var «otyle» med lyskastarar på kryss og tvers. Eg høyrer enno kommandoropa og kjeftinga. Mange fall. Svogeren hans far, Peter Klomstad, og ei frå Bakka vart skotne fyrste dagen. Sjølv såg eg berre ein som var drepen. Det var ein tysk motorsyklist like ved Vik som vart råka av kuler.
Du spør om korleis det var med mat og klede?
Matmangel kan eg ikkje seia at det var, i alle fall ikkje for oss som var frå gard. Likevel måtte sjølvsagd alt utnyttast godt, og enkelte surrogat vart nok også tekne i bruk.
I klesvegen var det derimot verre – nesten prekært av og til. Da eg vart konfirmert, var det ei frå Sjoa, Signe Svarstad, som sydde drakt til meg av stoff frå ullvarefabrikken på Lillehammer. Drakta ber preg av at det ikkje gjekk an å vera nøyen på at tråd og farge alltid stemte overeins. Men budnaden vart fin den, og litt spesiell med blomster i heile livet. Eg skal bruke han 17. mai i år òg. Så seint som da syster mi vart konfirmert etter krigen, måtte ho ta til takke med ein omsydd kjole. Og til avslutningsfesten på Ringebu realskule fekk mor sydd meg kjole av blårutete gardinstoff. Det var om å gjere å vera oppfinnsam: Av ein bordduk fekk eg både skjørt og vest.
På føtene var tresko vanleg. Det fanst òg sko av fiskeskinn, og vi hadde ein som laga harde og vonde pluggasko. Pensko eller bunadsko var det ikkje bryet verdt å tenkje på. Ein kunne nok få kjøpt sko på rasjoneringskorta, men det hjelpte lite når det var mangelvare. Budeia heime skulle ha låge gummisko som ein del av lønna. Det var ikkje alltid like enkelt.
Nå var det ikkje så ofte det vart snakk om å pynte seg heller. Det var lite sosial omgang blant oss tenåringane. Men litt var det da. Den frilyndte ungdomsrørsla heldt det gåande. Vi hadde ball på ungdomshuset, og sjølvaste Klara Semb kom og heldt kurs i folkeviseleik. Ein og annan privat fest var det òg. Da hende det at vi vart forstyrra av tryskarane. Eg trur ikkje dei kom for å skræme oss. Dei var unge, dei òg, ville gjerne vera med i dansen. Men vi var for unge til å skjøne at desse unge soldatane var folk, dei og. I kontrast til dette står minnet om ein ung tysk soldat, ein veterinær, som kom åt Stormorken fleire gonger om dagen for å sjå etter ein sjuk hest. Han var ofte inne, men skulle aldri ha bevertning.

Krigshandlingane kan eg ikkje hugse at eg var så særleg oppteken av, i alle fall ikkje utanfor Noreg. Men små glimt har festa seg. Ein tur til lillehammer var ei amerikareise for ein kvamver den gongen. På netthinna sit att nifse bilete av mørke gater og store mengder med tyske soldatar. Og var det dramatiske nyheiter frå Narvik, vakna eg, for der hadde mor ei venninne. Molde kom òg nære inn på livet, for der hadde bestefar og bestemor gifta seg.
Men fredsdagane hugsar du godt?
Det sit ikkja att så mykje som ein skulle tru, og det av ulike årsaker. Kanskje har eg fortrengt ein del òg. Eg var hos Ola Sletten som hushjelp da fredsbodskapen kom. Det var kona hans som ringde heim, ho arbeidde da på Mølla. Ho bad meg gå på loftet og finne kveitemjøl som låg gøymt der. Så skulle eg baka ein fin loff. Flaggast skulle det også. Etterpå sykla eg heim med blanda kjensler. Eg var sjølvsagt glad for freden, men lei meg for det som hende vidare. Alle nazistane skulle arresterast. Dei vart stuva saman på ein leigd lastebil. Eg tykte dei fòr stygt fram. Transporten gjekk ut over dalen. Siste stopp var førebels Lillehammer. Vi reiste for å treffe dei, men fekk ikkje tale med dei. Da gret mor.
17. maifeiringa var eg med på. Det var ein spesiell dag med tog for fyrste gong på fem år. Ringdal heldt festtale, det var god traktering, og folk var i festhumør. Litt seinare kom dei kongelege heim. Men det var vanskeleg å sleppe gleda laus, ettersom fleire frå den næraste familien hadde vore medlemmer i Nasjonal Samling. Det veksla nok mykje mellom gråt og glede den fyrste tida.

Ein ting er godt å tenkje attende på: Eg hugsar ikkje nokor form for aksjonar i Kvam, slike overgrep som vi kjenner frå andre stader. Sjølv om ein del medlemmer no var arresterte, var det ingen skadefro å sjå. Medlemmene hadde vore folkelege og hjelpsame under krigen, og dei aller fleste passive. Heimefrontaksjonar og forføljing av motstandsfolk var det lite eller inkje av i krigsåra. Det forklarar sikkert noko av haldninga i Kvam i maidagane 1945.
Men det var godt å få reise ut, i fyrste omgang til Hamar på handelsskule. Mor hadde vore livredd for å sleppe meg nokon stad under krigen – og heilt ufarleg var det kanskje ikkje heller. Men ungjentefantasien kunne ingen stengje for. Helst ville eg bli lege – som bror min. Eller i alle fall studere, lære. Ei stutt tid skulle eg bli kinamisjonær, ein misjonær hadde vore innom i Stormorken. Dette var noko for meg… Eller same kva det no vart, eg hadde så brennande lyst til å bruke meg, realisere meg sjølv, som det så fint heiter i dag. Og så vart eg berre kontordame…
I ettertid ser eg klårt at sjølvrealisering fekk eg i rikeleg monn som kjerrring og mor au. Likevel er det ikkje vanskeleg å vera einig med dei som syntest okkupasjonstida øydela framtidsvonene for mange av oss som var unge.
Frå Fronsbygdin 2005.
.
Hvor for er det så mye bilder her av div ting som ikke har noe her å gjøre .
Er det reklame penger det går på«
Ivar m
Det er WordPress-systemet som legger inn annonser noen steder. Det er den du mener? Du har klar tilbakemelding om at det «ikke har noe her å gjøre». Sjekker om historielaget kan betale seg bort fra denne reklamen.