Teigejenta vart tatt i berg

Og Teigekjerringa såg meir enn ho skulle

«Denna gjorde som spratt tå, tok dei vare på, og ho skal vera på Teige den dag i dag.»

Ein gong langt atti tida vart ei jente på Teige i Kvam så søkkjande borte. Folk leita og leita, det vart ringt med kyrkjeklokkene au, men Teigejenta fanst ikkje og kom ikkje att, kor mykje dei leita og ringde. Så ein dag det lei på andre året etterpå, kom ein framandkar til gards og spurde mor hennar som burte var, om ho ville gjera så vel og sjå åt dottera si. Jau, det kan du veta mora ville, og vart med framandkaren så fort ho vart ferdig. Mannen hadde køyrdoning så fin og gild at Teigekjerringa ikkje maken hadde sett. Det skulle vera bra gampar på Teige, men dei forslo nok ikkje mot denne. Og selatyet var tå finaste slag, det var berre så det skein i sylvet og skrangla i ormhugu-beigslet, og da dei kom i vegen, gjekk skussen berre så det susa og kvein om øyron. Dei køyrde langt, tykte Teigekjerringa. Men endeleg svinga dei inn på tunet på ein retteleg storgard. Stugubygnaden var så stor og gild at han likna meir på eit slott enn på noko anna hus kjerringa hadde sett.

Da ho kom inn, låg dotter hennar sjuk. Ho skulde ha bån, men det måtte koma kristen-folk til hjelp før bånet fekk koma åt verd’n. Nå gjekk alt godt, og Teigekjerringa vart hjå dotter sine nokre dagar.

Ein dag mannen var borte, spurde dottera mor si om ho var huga til å sjå kvar denna heimen hennar var, Jau, mora ville da gjerne det. Dottera fortalde da at ne» i kjellaren, der var det eit glas med noko dråpå ti, som ho fekk finne og ta med seg opp. Ho greidde nøye ut korleis ho skulle finne det. Mora gjekk ne» i kjellaren og fann glaset og kom med det. Dottera sa da at mora fekk smørja eine auga sitt med noko tå det som var på glaset. Mora så gjorde, og ho vart straks var at auga vart så underleg. Ho såg så mykje klårare enn før, og ho såg i myrkret like godt som i ljoset. Og nå såg ho det med, at denna storgarden ho var kome åt, låg under Storfururot’n nord og upp for Teigejordet.

Ein dag medan dottera låg til sengs, og mora gjekk der og stelte, kom mannen inn og bar seg for at dei held på vart mjøl-lause, og han kunne ikkje få male hell», nå, så han visste ikkje kva han skulle gjera.

  • Ta øyken og køyr ne» på åt oss etter mjøl, sa mora.

Mannen så gjorde, men kom snart att foruta mjøl.
– Det er krossa på alle mjølbølun på Teige, så eg gjorde ikkje noko der, eg, sa han.
– Jau, du lyt i vegen att, sa Teigekjerringa. Det er eit storkjær på staburet vårt, som det ikkje er krossa på. Det lyt du ta med deg hit.
Og mannen i vegen att. Men det var nok ein kross på det kjæret med, som kjerringa ikkje hadde vorte var, for han var sett på eine gjorde rundt kjæret. Men nå treiv han kjæret så kvast at denna gjorde med krossen på, rauk av, og han sette kjæret på sle’an og køyrde heimatt. Det var såpass stort det kjæret, at det var fleire tynno mjøl ti det. Denna gjorde som spratt tå, tok dei vare på, og ho skal vera på Teige den dag i dag.

Om ei ti» kom da Teigekjerringa heimatt, og auga som såg både i ljos og myrkre, både jordisk og underjordisk, det hadde ho. Og jamenn var det mykje og mangt å sjå for henne, som ikkje dei andre såg det grand tå.

Mange år etter at dette hende, var Teigekjerringa på ein auksjon på Veikle. Best ho sto der, fekk ho sjå dottermannen sin og. Ho gjekk da burtåt «om og helsa og spurde korleis det sto til med dottera. Men da lyfte mannen kvast handa og slo til auga hennar, så det skvatt utur skallen. Og Teigekjerringa vart gåande einøygd all sin dag sidan.

Frå historier.no

Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri

Publisert her første gong 14. november 2014

0 Comments

Submit a Comment