Men sauebøndene er glade for at gaupa vart skoten

HÅKON SVEEN i DAGNINGEN 17. MARS 1995: Gaupa har gjennom alle år vore sett på som ein av dei verste fiendane sauebøndene i distriktet vårt har. I det siste har det vorte gjett fellingsløyve på to dyr i dalen, og fleire jaktlag har vore ute. Onsdag ettermiddag fall den fyrste gaupa i baksia mellom Kvam og Vinstra. Det var eit jaktlag frå Vinstra som kom på sporet av gaupa, og etter fleire timars jakting enda det med at Lars Gjerdingen frå Vinstra løyste skotet som gjorde det slutt på gaupa sitt liv.
Jakt er spennande, og det er ikkje mange jegarar som opplever å felle ei gaupe. Som jeger er sjølvsagt Lars Fjerdingen godt nøgd med resultatet av den slitsame, men spennande jaktturen. Ei gaupe er eit gjevt jakttrofé å ta med seg, men Lars Gjerdingen meiner at sauebøndene nok er meir glade enn han er. Det er litt trist at eit slikt praktfullt dyr må bøte med livet, meiner Vinstra-jegeren, som saman med dei andre jaktkameratane sine legg ut på nye turar.
Dei kjem til å rekkje spor, sitja på post og jakte til den andre gaupe det er gjett fellingsløyve på også har tapt kampen mot jegarane.
Kommentarar:
Gunn-Kari Hagen Hugse Lars va innom hime å synte fram gaupa. Snakk om gjill pusekatt! Om é itte va fasinert tå kattedyr før, så vart é det da!
- Aud-Lisbeth Engum Kjem ihaug kå store potein va e Gunn-Kari. Da e skjønte kå skumle dessa pusekattein keinn verra…
0 Comments