RAGNAR ØVRELID: Dei ung gfita seg utan å kunne noko arbeid, dei hadde ikkje samla seg pengar eller klede, og etter eit halvt års ekteskap måtte dei ut og tigge, sidan stele. Foreldrelause barn streifa tiggande omkring. Fattigkommisjonen kritiserte gardbrukarane for å mangle omsorg for gamle arbeidsfolk. Dei bruker dei gamle i onnene og slepper dei så utpå bygda igjen
for å ta ved tiggeri, tyveri og bedrageri deres føde, liksom man slipper hesten ut etter pløying for å søke næring.
Dette var på 1740-talet. Tigginga varierte sjølsagt med dårlege og gode år, men heldt seg som ein del av bygdemiljøet heilt opp til slutten av 1880-åra. I nødsåra etter 1830 høyrer vi stadig om
det i nærværende trange tider overhåndetagende betleri. Ca 2000 antages å lide nød og vil i løpet av sommeren bli utsatt for hunger. Det daglige betleri har økt, og det har vært umulig å utrydde i disse trange år.
Langt på veg var tigginga godteken av bygdene også. For mange var det ingen annan utveg. Eilert Sundt skildrar tigging i Fron i 1851. Han har snakka med fattige, som var fulle av hat mot dei velståande:
Gårdbrukerne er nå så harde, at rett nå vil de ikke la folk leve
fekk han høyre. Tiggarar kunne gå heile dagen og berre få 3 merker mjøl i det meste (3/4 kg). Og nå kunne dei ikkje gå meir enn tredje kvar dag, elles fekk dei ingen ting. Overalt der Eilert Sundt oppheldt seg i fattige heimar, kom det ugifte døtrer med småbarn tilbake frå tiggarturar på bygda. Dei hadde sine faste ruter, der dei rekna med å få ein liten skjerv.
At bygdefolket såg på dette som ei slags godkjend fattighjelp, kan vi lese av eit brev til kommunestyret frå gardbrukarane i Ruste i 1870. Dei vil gjerne kome tigginga til livs, står det. og dette kunne gjerast med å nekte gåver til tiggarar som ikkje høyrde med i krinsen. Bygdas eigne tiggarar kvidde dei seg for å nekte.
Frå Historia om Fron, bind 1
0 Comments