Bli med til seters i 1937

Eineståande film frå Isum

DSC_0156

Anne Marie Tron som 95-åring. Finaste barndomsminna: livet på setra.

OLE CHR. RISDAL: Anne Marie Tron blei fødd på Isum i 1918. Som vanleg var på den tida, måtte ho tidleg lære seg til å arbeide. Nokre av dei finaste barndomsminna ho har, er livet på setra. I 1937/38 skulle også seterlivet bli foreviga. Det var den kjende filmfotografen Paul Berge frå Fåvang som sytte for det. Han laga fleire opplysningsfilmar for å dokumentere jordbruket i Noreg. Du kan lese meir om han i Årbok for Gudbrandsdalen 1999. For mange år sidan blei det også laga eit NRK-program frå Isum, der Anne Marie og dei fire syskena hennar, Iver, Ragnhild, Pauline og  Tor, deltok. I det programmet blei det også vist klipp frå denne gamle filmen, der Ragnhild, Pauline og Tor var med. Historielaget har hatt originalen i mange år, men no er den endeleg digitalisert. Her kommenterer ho sjølv det ho var med på for 75 år sidan.

Publisert her første gong 29.11.2013

0 Comments

Submit a Comment