Var Svartedauen verkeleg så ille?

by | 24. mar 2020 | Folketru | 0 comments

Ei lita jente på Veikle einaste livet som vart att i Kvam?

th._kittelsen_mor_der_kommer_en_kjerring

Mor! Der kommer ei kjærring! Tegning: Th. Kitelsen

IVAR KLEIVEN: Om Svartedauen herja på det hardaste her i dalen, veit vi ikkje noko visst om; at han tolla hardt i folket, både unge og gamle, er sakte ikkje å tvile på, men om det var så gale som segna går, er vel lite truleg, når det heitest at folket døydde ut i bygder og grender, så det ikkje kunne vera att meir enn eitt og to menneskje. På Lalm i Vågå var det berre på ein gard plogen gjekk i åkra på våren 1350, i Heidalen døydde alt folket ut så nær som ei jente på Slette, og i Kvam var ei vetljente på Veikle det einaste livet som var att. Desse segna syner at sotta har herja hardt og sette stygt støkk i folk, men at dei er større setand´, er mindre truleg.

Les kva Ragnar Øvrelid skriv om Svartedauen

Heller ikkje er det meir å rette seg etter at det i Svartedauen vart mange fjelldaler ståandes øyde, og som ikkje vart bygt att meir. Det kjem seg ofte av det at det her og der på grensene mot fjellet kan vise seg tofter etter hus, som helst har vore bygt av folk i dei seinare rydningstidene, folk som for veidingas si skuld ville bu nære fjellet.

Elles var det ein fæl folkemink sotta førde over Noreg, dei som har granska avgangen er kome til at treaparten av folket strauk med. Så gale var det kankje ikkje her i Gudbrandsdalen, ein finn i det heile ikkje noko merkje på at det har vore så ille, men det er nok visst at sotta sette folkeaukjin attende så mykje at det gjekk halvtanna hundreår før folketalet nådde att målet frå 1348.

sz8d0278

Fotograf Mary Evans Picture. Rettighetshaver: NTB scanpix

 

Svartedauen var verre enn vi trur, skriv forskning.no

Det ser ut til at folk var som lamslegne etter Svartedauen, både på kropp og sjel. Mange stader i landet lausna det slik ågåløyse, råskap og usedaugskap mellom folk at det aldri har vore så gale, og mot desse sto kyrkja makteslaus, for prestane gjekk med i sotten mest forende. Under Svardauen synte dei katolske prestane seg frå dei gode sidene: dei tok seg med ihug av dei sjuke og spara seg ikkje, og derfor sette mest alle livet til, så det vart prestnaud i alle bygder. Ein kan undre seg på korleis prestnauda vart avhjelpt, og mange av kyrkjene iu fjellbygdene vart nok ståande ubrukte og vart kanskje heilt nedlagde.

0 Comments

Submit a Comment