Vart skoten da ho skulle hente meir klede

by | 17. apr 2014 | Biografiar | 0 comments

Ennå er det ikkje over: «Ny E6 bygges nå fra Vinstra til Sjoa. På Kvam har de imidlertid støtt på utfordringer i form av etterlatenskaper fra krigens dager. Forsvaret skal nå undersøke området nærmere før entreprenøren får fortsette. Funnet ble gjort ved Kjørem grendehus, ca. 4–5 km nord for Kvam.»  Foto: Einar Almehagen, GD  1. april 2014.

RAGNAR ØVRELID: Tre sivile bygdefolk vart drepne i kampane i Kvam i april 1940. Den første var ein danske, Søren Sørensen, som budde på Svarthaugen. Han såg at garden tok til å brenne og la på sprang nedover for å redde grisane. Etter kampane fann dei han ved jernbanelinja med tre kuler gjennom hovudet.

Den andre var Petter Klomstad på Kjestad. Han var att heime på garden for å hjelpe ei 92 år gammal sjuk kvinne som låg til sengs. Da det tok fyr i fjøset etter ein granat, sprang han ut og skulle sløkke. Han fekk ein splint av ein granat i seg og døde. Seinare på dagen ville den 70 år gamle Mari Bakken ned att til husa sine for å hente meir klede. Ho kom ikkje att. Sonen fann henne i tunet morgonen etter. Ho hadde fått ei kule i hjertet. Ho var den tredje frå bygda som døde.

Ondag den 24. april 1940, medan tyskarane var på veg mot Vinstra, pakka den norske forsyningsstaben på Veikle sakene sine og reiste nordover utan eit ord. Folk i Kvam skjøna at det galdt å kome seg unna før kampane tok til for alvor, opp i skogen og lia i første omgang, så vidare til hytter og sætrar inne på sjølve fjellet. Dei fleste frå Baksida drog over til Øldalen. Frå fjellet der oppe kunne dei følgje med i det uhyggelege skodespelet nede i kvamsbygda.

Lærar N. N. Ringdal har skrive ei levande forteljing om krigsdagane i Kvam i april 1940: «Ei bygd opplever krigen» (Dølaringen 1949, ny utgåve 1991). Han ser sjølvsagt hendingane med bygdeauge, ikkje frå militær synsstad. Og han fortel nøye om det kvamværane opplevde desse dagane – og nettene. Han er ikkje nådig når han skriv om forsyningskommandoen på Veikle. Desse folka miste heilt grepet om pliktene sine. Ikkje noko påbod kom ut til sivilfolket, ingenting om evakuering av bygda, ingenting om at dei burde lage seg mat på fjellet i påkommande tilfelle. Det verka mest som om dei norske forsyningsoffiserane ikkje visste om forsvarslina britane bygde opp i Kvam.

Det var sein vår i 1940. Oppe i liene og i fjellet låg snøen ennå til opp på leggen, laussnø med eit tynt skarelag på. det var kaldt om nettene, og det var lite folk fekk med seg i farten da dei måtte rømme bygda. Ein mann treiv med seg ei øks, ein kaffikjel og litt kaffimat da han drog. Han vart borte i fem dagar.

Eit spesielt problem var det å få frakta til fjells dei som budde på gamleheimen på Veikle. Transporten tok til natt til tysdag 22. april. Siste pulje drog oppover til sætrane torsdags morgonen, mens tyskarane slo seg igjennom Kvamsporten, og kulene kvein overalt.

Onsdagen og natt til torsdag var heile kvamsbygda på vandring, dei fleste til fots, med småbarn, og med gamle og sjuke. Somme køyrde, helst dei som frakta matvarer og klede til fjells. Nokre få bilar gjekk i trafikk opp og ned til bygda att, kjøpmann Sletten fekk sendt mange billass med mjøl, sukker og anna inn på sætrane natt til torsdag, medan lysgranatane loga opp sør for Kvamsporten. Hytter og sel var fulle, det kunne vere opp til 30-40 inne, folk låg i fjøsa og i løene. Mange sel var opptrekne frå før, fjellet var fullt av norske soldatar på flukt frå kampane ved Tretten og nordover, ein del britar hadde allereie trekt seg innover fjellet. Dessutan var ein god del folk  evakuert frå  Oslo og Lillehammer for å kome til ein tryggare stad.

Dei fleste av bygdefolket greidde seg. Somme av dei gamle vart så hardt medfarne at dei sjukna og døde utpå sommaren.

 

0 Comments

Submit a Comment