Vømmølsbroka vart mobba

Og heimsmør var for fint til å eta heime

vømmøl

Vømmølsbroka i sitt rette element. Foto frå Digitalt museum

HELGE STORMORKEN: Da eg begynte på Eidsvoll landsgymnas, reiste eg i ei heimvoven vømmølsbrok. Ho var så tjukk og stiv at når ho var gjennomvåt, kunne eg reise ho opp etter veggen. Etter eit døgn datt ho i hop og kunne brukast att. Men press tok ho ikkje, sjøl om ho låg under madrassen kvar natt (det var finare forhold der, ikkje halm.) Mobbing gjorde at ho ikkje overlevde fyrste året.

sp0c77ad

Helge Stormorken

Husdyrhaldet stod for storparten av inntekta, mjølka utgjorde ein viktig del. Men alt som kunne, vart seld, heimsmør og egg var for fint til å eta heime. Margarin kosta mindre. Kjøtt og flesk gav au mynt i pungen, og ulla gav ikkje berre blanke kroner, men vart til strømper, vottar, genserar, senge- kjole-, arbeids- og finty. Ved sidan av alt anna måtte kvinnfolka karde, spinne, veva, strikke, sy og vøle. Og da nesten alt gjekk med tungarbeid, var slitasjon stor. Men det var sterke sakar dei laga.

 

Frå artikkelen «Natur og levekår i Kvam i mine oppvekstår», Fronsbygdin 2007

0 Comments

Submit a Comment