Welcome to Furuheim!

by | 8. feb 2026 | Språk, Verksemder | 0 comments

Engelsk brosjyre for Furuheim hotell og familie pensjonat frå 1910. Furuheim vart fyrst bygd som sanatorium og hotell i 1893 av Petter E. Olsen og kona Anne. Petter døydde i 1904, og Anne vart da aleine med drifta, fram til ho selde Furuheim i 1919. Bygga vart da tekne i bruk til framhaldsskule og frå 1946 som landsgymnas.

For dei som ikkje er så stødige i engelsk, har eg prøvd å lage ei oversetning av teksta i brosjyra:

Furuheim ligg i Nordre Fron kommune i Gudbrandsdalen, 10 minutt frå Vinstra jernbanestasjon, på venstre sida av elva Laugen og på eit jamt, grankledd platå om lag 850 fot over havet.

Klimaet i Gudbrandsdalen er det mest gunstige av Noregs innlandsklima, med den lågaste nedbøren i landet, i gjennomsnitt 12–16 tommar per år. Temperaturen kan gå ned til 25 grader kulde på det lågaste og opp til 28 °C på det høgaste. Snøen ligg jamt frå midten av desember til slutten av mars, noko som gjer Furuheim til ein framifrå vinterskurstad òg.

Sidan den fine lufta i dette innlandsklimaet er tørr og lite vindfull, kjennest sjølv meir enn tjue kuldegrader ikkje ubehageleg. Utmerkt drikkevatn vert teke frå ei kjelde.

Frå hotellet kan ein enkelt leggje ut på fleire utflukter, til dømes:

NED GJENNOM DALEN

  1. Ei rekkje korte spaserturar i både flatt og kupert terreng, for det meste gjennom skog. På grunn av den porøse jorda held desse vegane seg alltid tørre. Benker er sette opp fleire stader.
  2. Nordover til Kvam (5 mil), der ein kan sjå «Kvam sin riddar» (òg kalla Bjørnsonfjellet), ei svært interessant fjellformasjon. 1¼ mil vidare ligg Sinclair si grav.
  3. Sørover til garden «Solbraa», der ein kan sjå fleire store jettegryter ved Harpefoss, 5 mil.

OPP I FJELLA

  1. Rett opp bak hotellet, 2–3 timars gange, kjem ein til eit fjellplatå med setrer og eit lite vatn. Frå platået er det fin utsikt mot fjella i Rondane og Jotunheimen.
  2. Gjennom den vakre dalen frå Vinstra til den siste skyss-stasjonen, Kampesæter, 17 mil, og vidare inn i Jotunheimen.
  3. Over elva frå Vinstra til «Braatningsfoss», 1¼ mil, derfrå vidare til «Fefor høgfjellshotell», om lag 3 timars gange. Halvvegs opp er det storarta panoramautsikt over dalen med Rondane i bakgrunnen.
  4. Til «Galaa høgfjellshotell», om lag 4 timars køyretur på god veg (om vinteren 3 timar via snarveg).
  5. Ein kombinert tur til begge desse hotella tek 8–10 timar.

Gode hestar og førsteklasses køyretøy kan ein få ved hotellet.

Hotellet har no 34 gjesterom, éin spisesal, éin røykjesalong med open peis og ein stor konversasjonssal med godt piano. Alt er solid bygt, og korridorane er oppvarma om vinteren.

Dei fleste romma i avdeling B (sjå planen) har eigne loggiaer eller verandaer, som om vinteren er lukka med vindauge. Nesten alle rom er møblerte med kommode og chaise-longue eller lette stolar. Avdeling C, som bind saman A og B, er ein søylegang, 12 fot brei og open berre mot sør. Det flate taket over denne delen er utforma som ein open luftbalkong med vakker utsikt over dalen.

I tillegg til denne bygningen eig hotellet éin villa med 6 rom og eit mindre hus («peisestove») med 3 rom.

Hotellet har tilbod om varme bad og dusjbad, og dei som ønskjer dampbad kan få dette ved badeanstalten på Vinstra. Hotellet har moderne W.C.-anlegg. Bowlingbane, plen for tennis og eit stort uteområde for idrett, krokket, boccia, gymnastikk m.m. høyrer til hotellet.

Om vinteren er staden særleg godt eigna for vintersport, med framifrå skiløyper og akebakkar på opptil 3 mils lengd, og som regel skøytebane i nærleiken. Pelsfôra kåpe eller anna varm ytterkledning, samt snøstøvlar og tjukk ullgenser, bør takast med om vinteren.


ROM

Rom med éi seng: kr 0,75–1,75 per dag
Rom med to senger: kr 1,50–4,00 per dag

For kvar ekstra seng med sengeklede:
kr 0,50–0,75 per dag

Lys og oppvarming: kr 0,50 per dag

Ved opphald kortare enn:
14 dagar: tillegg kr 0,25 per dag
3 dagar: tillegg kr 0,50 per dag

Rommene vert rekna frå den dagen dei er bestilte. Gjester vert bedne om å oppgje kor lenge dei planlegg å bu. Gjester som treng meir enn eitt dobbelt teppe og éi dyne, må gjere særskild avtale om ekstra sengeklede eller ta med eigne.


MÅLTID

Frukost kl. 8–10
Middag (3 rettar med kaffi) kl. 14
Kveldsmat kl. 19.30

Vaksne:
juli–1. september: kr 3,00 per dag
Resten av året: kr 2,50

    Born:
    10–15 år: kr 2,00
    5–10 år: kr 1,50
    Under 5 år: kr 1,50 per dag

    Alt som kjem i tillegg til måltida nemnde ovanfor, og alt som vert servert på romma, vert rekna som ekstra. Hotellet har løyve til sal av vin og øl; gjester som ønskjer brennevin, må ta dette med sjølve.

    REISA TIL FURUHEIM

    Om sommaren går ekspresstog frå Kristiania kl. 8.00, med ankomst Vinstra kl. 15.46. Det går òg ordinært tog frå Kristiania kl. 9.15 (korresponderande ved Lillestrøm kl. 10.18 med tog frå Stockholm), med ankomst Vinstra kl. 18.43. Hestar og køyretøy møter ved stasjonen.

    For reisande som passerer Furuheim på veg til Kampesæter Turisthotell, vert middagen servert kort tid etter at toget har kome fram, og hestar og køyretøy vert stilte til rådvelde. Nokre rom vert òg haldne av for slike reisande.

    Post- og telegrafkontor finst ved jernbanestasjonen. Telefonforbinding til alle delar av Noreg. Engelsk, fransk og tysk vert tala.

    Personar som lid av tuberkuløse sjukdomar, vert ikkje tekne imot.

    Kommunelege Kr. Rée, som bur like i nærleiken, er hotellets lege. Konsultasjonar vert betalte direkte til legen.


    Dr. Rée har gjeve følgjande skildring av Furuheim:

    Omgjevnadene kring «Furuheim» må reknast mellom dei vakraste landskapa i Gudbrandsdalen. Klimaet er i høg grad oppkvikkande og styrkjande, noko som kjem av nærleiken til fjella. Lufta er tørr, roleg og klår, og på grunn av den umiddelbare nærleiken til skogen er ho balsamisk og relativt rik på ozon. Tåke førekjem svært sjeldan, og nedbøren er gjennomgåande – særleg om sommaren – lita.

    Temperaturen held seg jamn både gjennom døgeret og frå dag til dag, i sterk motsetnad til dei kraftige og brå temperaturendringane i høgfjellet.

    Dei klimatiske tilhøva, saman med dei vakre omgjevnadene kring hotellet og dei rike høva til friluftsliv, gjev høve til – og legg opp til – eit regelmessig utandørs liv, som ikkje berre skjerpar appetitt og søvn, men òg aukar kjensla av velvære i kropp og sinn.

    Alt i alt har «Furuheim» alle føresetnader for å vere ein framifrå kurstad, ikkje berre for overarbeidde menneske som søkjer rekreasjon, men òg for rekonvalesentar og sjuke. På grunn av det tørre innlandsklimaet er staden særleg godt eigna for pasientar som lid av emfysem, urinsyregikt og reumatisme. Av andre sjukdomar som med godt resultat vert behandla ved hotellet, kan nemnast klorose, blodmangel og lettare former for nevrasteni, søvnløyse og hjartesjukdomar. Pasientar med tuberkulose kan ikkje takast imot.

    På grunn av den lune plasseringa kan «Furuheim» særleg tilrådast som opphaldsstad før eller etter eit opphald ved høgfjellshotella, og òg etter ei kurbehandling ved badeanstaltar ved kysten.

    Vinstra, mars 1910
    Kr. Rée

    Loading

    0 Comments

    Submit a Comment