Da Vis-Knut såg huldreungen

Ho vesle Mari Rindhølen vart borte ved Slangen

Hit til Hinhøglidsætra var det ho Embjørg bar ho Mari.Bilde frå Universitetsbiblioteket i Bergen

TORGER IVERSTUGUN: Oppe i Skåbu var det ein jentunge som var borte for hundre år sia. Ho var i seks-års alderen, og ho var dotter til Hans Rindhølen og kona, Anna. Dei hadde med seg ho vesle Mari. Da dei var komne fram til staden og hadde sett frå seg lærskreppa med nista i, ba dei ho Mari om å halde seg i nærleiken av dei. Og så gjekk dei i gang med lauvhogginga. Men da det lei utpå dagen, la dei merke til at ho Mari hadde vorte bort. Dei sprang rundt og leitte og ropte namnet hennar. Men ho var som sokken i jorda. Det vart snøggt slutt med lauvhogginga, og da det ikkje lykkast å finne att jenta til om kvelden, vart folk frå bygda bodsent til å vera med og leite.

Dei leitte i fem dagar både natt og dag, men utan å finne den vesle jenta. Femte morgon dro far hannar borti Epedalen for å spørja han Vis-Knut om råd. Da han Hans hadde fortalt om´ Knut heile hendinga frå ende til annan, vart han Knut sitjande lenge med auga heilt rolege, medan han liksom sveva litt med eine handa. Så snudd han på hovudet og sa til faren: – Det er berre bra med ho vesle Mari nå. Faren tok med ein gong mistanke og svara: – Å, ho er vel død, er det von. – Nei, sa han Knut, ho Mari livi, og nå er ho au komen til folk att. Han nemnde klokkeslettet da ho vart funne, og det viste seg sida at det stemte nokså nøyaktig.

Ho Mari hadde vorte attfunnen av ein tolv-tretten år gamal jentunge som gjætte på Hinøgelli-sætrom. Korleis den vesle jenta hadde kome seg opp den lange og ulendte lia frå Slangen og heilt oppi fjellvigga ved Raudskarkampen, var ei gåte. Den jenta som fann att ho Mari, heitte som vaksen kvinne Embjørg Moen. Ho har sjølv fortalt om korleis det gjekk til:

Eg vart var ein liten jentunge som sat og kura på ei måsåtuve. Ho var raudflekkute i andletet av flugubit, og ho verka svært slapp. Eg tok straks den tanken at det måtte vera ein huldreunge. Og eg hadde høyrt av gamle folk at berre ein kasta stål over slike, kunne ein trygt ta dei i handa. Eg tok fort av meg skreppa for å finne kniven, men dessverre hadde eg gløymt han att ned på sætra den dagen. Men så kom eg på at det var hekter av metall i trøya mi. Dermed ranga eg av meg trøya og slengde ho høgt i lufta over jentungen på måsåtuva. Så hadde eg på meg trøya att og tok en vesle jentungen på ryggen og labba nedpå sætra att det fortaste eg vann.

Etter at Mari Rindhølstugun vart vaksen, reiste ho, som så mange andre i den tida, over til Amerika. Det kan nemnast at ho Embjørg Moen, som fann at ho Mari, har mange slektningar etter seg i Skåbu den dag i dag.

Redigert utdrag av artikkelen «Bortkomne bån i Espedalen og Skåbu som vart atfunne i skog og fjell» i Årbok for Gudbrandsdalen 1965.

Loading

0 Comments

Submit a Comment