Gåver til historielaget

Frå Kari Åse Tvete Hernæs og Jostein Hernæs har Fron historielag fått fire flotte vevskeier. Desse er svært forseggjort og vitnar om eit nøye arbeid. Opphaveleg stammer vevskeiene frå garden Kvigstad på Sør-Fron, men eigarane fann ikkje plass til dei lenger og førespurde historielaget om vi ville ta vare på dei. Ei av skeiene er merka 1837 og mogleg GHS. Kanskje er det initialane til den som har gjort dette fine arbeidet?

Vi fekk og ein damesal, som er delvis ombygd til stol. Salen trur dei stammer frå Skurdalsgrenda og opphaveleg var dei eit par, altså to like salar. Jostein sin far, Steinar Hernæs, meiner at salen var ein del av eit oppgjer for landbruksreiskap. Edvard Baukhol (1879-1948), Steinar sin bestefar, handla med reiskap av ymse slag, og betalingsevna blant bøndene var nok ikkje alltid like god. Etter ei stund hamna så salen i Skåbu med Edvard si dotter,  Nora (Leonora Marie) Baukhol, som gifta seg med Sigmund Hernæs. Seinare enda den opp hos Kari Åse og barnebarnet Jostein, som nå gjev den vidare til historielaget.

Salen er merka 1 B 8 I 4 D 5 – noko vi trur er initialane til den opphavlege eigaren B I D og årstalet 1845 – kanskje har det vore ei bryllaupsgåve?

Salen vil nå få plass ved peisen i stugua frå Søre Skogen. Der håper vi å kunne ta vare på han til framtidige generasjonar. Stor takk til Kari Åse og Jostein for gåvene!

Loading

0 Comments

Submit a Comment