Gudbrandsdalslaget – Aarbok Nr. 24

Gudbrandsdalslaget er ein organisasjon for etterkomarar av emigrantar frå Gudbrandsdalen og for andre som er interesserte i historia og kulturen i dalen. Gudbrandsdalslaget vart skipa 12. september 1909 for å halde ved lag banda til heimlandet og gje immigrantane ein stad å samlast. I fleire år ga dei ut årbok, der dei skreiv historier om gamlelandet og om korleis det har gått med dei som freista lukka på andre sida av Atlanterhavet.

Mange av dei som emigrerte til USA, slo seg ned i nærleiken av der det var «kjentfolk». Derfor kan vi finne større samlingar av folk som opphaveleg stamma frå sama bygda i Noreg. Ofte utvikla ulike område sine eigne dialektar, kulturar og tradisjonar som skilde seg frå andre delar av landet. Folkedansar var unike for kvart område, og mønstera innan rosemåling og anna handarbeid var ulike.

Det som ofte var felles for desse immigrantane, var at dei ønskte å halde på kulturen, folketrua og tradisjonane frå heimstaden til røtene sine, og å halde kontakta med landet dei stamma frå.

Gudbrandsdalslaget er fortfarande aktive og har årlege stemne som samlar mange etterkommarar frå Gudbrandsdalen. Laget hjelper også dei som vil finne attende til røtene sine, gjennom seminar, turar, samlingar, lenkjer til slektskjelder og eksterne heimesider. Mang ei interesse og kontakt har vorte oppretta med hjelp frå laget.

Mål for laget

  1. Halde Noreg, landet til forfedrane våre, i kjært og levande minne.
  2. Ta vare på kunnskapen om folket i Gudbrandsdalen, historia deira, handverkstradisjonar og kunst.
  3. Fremje kunnskap og venskap mellom folket frå desse områda i Noreg og folket i Amerika.
  4. Støtte og oppmuntre interesser som vil gagne og heidre Gudbrandsdalen både her og i Noreg.
  5. Samle materiale til ei historisk skildring av livet, levekåra, påverknadene og tradisjonane til desse immigrantane og etterkomarane deira i dette landet.
  6. Arbeide saman med liknande organisasjonar i saker som er felles for alle nordboarar.

(Måla er henta frå heimesida til Gudbrandsdalslaget og oversett frå engelsk).

Vi tek med nokre av «Frøningane» som er nemde i «Aarbok nr. 24» 1953:

ANTON CHRISTOFFERSON
La Crosse, Wisconsin.

Anton Christofferson var født paa en liten plads som kaldtes Vesle Graav i Sørfron, Gudbrandsdal, den 18de Februar 1861, og var saaledes 92 aar paa sin siste geburdsdag. Anton kom til Amerika sammen med sine forældre da han var otte aar gammel. Kom til Waupon, Wisconsin, i 1869 hvor faderen døde lidt senere. Familien flytted saa til Coon Valley hvor Anton blev konfirmeret i Coon Valley Lutherske Kirke. Fik sig senere en farm hvor familien bodde i 32 aar og hvor moren døde. Da Anton var ugift flyttede han efter morens død til Larson farmen og bodde der i 15 aar. Da Larson familien senere flyttede til La Crosse blev Anton ogsaa med og har bodd hos dem hele tiden siden. Anton er nu sengeliggende og i daarlig helbred.

(Teksta er gjengitt slik ho er skrive i årboka)

OLE A. BRYN
Longview, Washington.

Ole Bryn vart fødd på Bryn, Øvre i Nord-Fron, den 2. juni 1865. Han var son av Amund Pedersen Bryn og Berthe Hansdatter Bryn. Han var den niande av femten born. Familien utvandra frå Noreg til Dei sameinte statane i åra 1870–1883. Hans, den nest eldste, var den første som kom over i 1870, og foreldra saman med fire born, dei siste i 1883. Desse fire var Peder, Albert, Ronnog og Paul. Ein son, Thorvald, døydde i 1867 då han var seks månader gammal.

Ole utvandra til Dei sameinte statane i 1882 saman med broren Torvald (f. 1870). 21. april reiste dei med båt frå Christiania til Hull i England. Frå Hull tok dei tog til Liverpool, der dei gjekk om bord på White Star Line med kurs for Amerika. Undervegs møtte dei store mengder isfjell og vart sitjande fast i isen i tre dagar. Skipet la til kai i Quebec i Canada. Derifrå vart dei frakta vidare med tog til Dei sameinte statane.

Under reisa oppbevara Ole eigedelane sine i ei lita kiste av tre som han sjølv hadde laga. Han hadde skore namnet sitt inn i loket. Medan han venta på klarering av immigrasjonsstyresmaktene i Quebec, vart kista stolen. To dagar seinare oppdaga han kista saman med bagasjen til ein annan immigrant. Då denne immigranten vende ryggen til, gjekk han fram og tok kista attende. Han har ho framleis i sitt eige.

Dei kom fram til Montevideo i Minnesota den 17. mai 1882 på Noregs nasjonaldag. Her vart han buande i to eller tre år og arbeidde på gardar nær systrene sine, som hadde immigrert tidlegare. I 1884 og 1885 arbeidde han for ein mann ved namn Stevens som budde nær Arvilla i Nord-Dakota. Han kjøpte eit spann oksar som ikkje var tamde. Han måtte leie dei heile vegen frå Arvilla til Devils Lake og seinare til Mouse River på leiting etter land. Den 2. juni 1886 tok han opp nybyggjarland i seksjon 31, township 157 nord, range 74 vest. Her budde han samanhengande fram til hausten 1951. Han oppheldt seg der òg sommaren 1952 og planla å vende attende sommaren etter.

Ole Bryn vart gift med Martha Stutrud den 6. april 1896. Dei fekk tre born: Arthur, busett i Westby, Montana, Olga, no fru J. H. Pierce busett i Longview, Washington, og Melvin som nå bur i Tunbridge, Nord-Dakota. Ole tente som skrivar for «Dewey School District» frå 1899 til 1900 og som kasserar for «Dewey School District» frå 1900 til 1948. Han var òg aktiv i lokalsamfunnet og sat i styret for «Berwick Farmers Cooperative Elevator» og i styret for eit samvirkemeieri oppretta i Berwick. Han var dessutan med i maskinforretning saman med Peter Teigen som partnar. Ei tid eigde han halvparten av eit kornlager i Berwick.

Fru Bryn døydde 2. april 1950, og han budde åleine på garden deira nær Berwick fram til hausten same året, då han vart råka av gallestein. Han tilbrakte vinteren hjå sonen Melvin, som bur på ein gard dyrka opp av Paul Bryn, ei mil nord for garden til Ole Bryn. Han flytta attende til heimegarden i 1951, der han vart verande fram til november då han reiste til Longview i Washington, der han budde den vinteren hjå dottera si. Sommaren 1952 vende han attende til heimegarden. Han reiste til vestkysten i desember i fjor (1952) for å tilbringe vinteren der. Etter dei planane han har no, vil han atttende til den gamle heimplassen til sommaren.

(Teksta er oversett frå engelsk og redigert noko i forhold til orginalteksa)

PETTER PYNTEN
Westby, Wisconsin.

Petter Pynten, fylder 95 aar den anden December 1953. Petter var født paa Sør Fron, Gudbrandsdal, i 1858 og kom til Westby, Wis., i Juni 1880. Arbeidede en tid i Nord Dakota og Montana, kom saa tilbake til Wisconsin hvor han var skogsarbeider i 6 vintre. Kjøpte sig et stykke land ved hvad som er kjendt som Springdalsryggen i Wisconsin, hvor han byggede et hjem for sig og sine forældre. Kjøpte senere mere nærtliggende land og farmede der til 1947 da han solgte farmen og flyttede til Coon Valley. Petter var gift med Gunda Sanding som døde i 1949. Efter konens død flyttede han tilbake til Springdalsryggen og bor nu hos sin søsters barn, Olga Tilmer, og Hans Dauve. Petter er rask og rørig og i god helbred fremdeles.

(Teksta er gjengitt slik ho er skrive i årboka)

Kjelder: Gudbrandsdalslaget Aarbok Nr. 24, utgjeve i 1953 og Gudbrandsdalslagets heimeside: Gudbrandlag.org

Loading

0 Comments

Submit a Comment