Israel Krupp bygde seg hus på Tofte under krigen

CARL HENRIK GRØNDAHL: Dette er forteljinga om korleis det var å byggje eit stort hus under krigen. Eit aldri så lite drama. Kamphandlingane i Norge er over. Tyskarane har okkupert landet. Det tyske flyvåpenet finn ut at flygarane treng ein Skiheim i landet dei har erobra og invaderer Tofte Turisthotell i Sør-Fron. Fridtjof Balchen hadde arva det etter bestefar sin, grosserar Johan Sørensen. Dei kunne nok handtere krigsmaskinar, desse tyske offiserane, men kombinasjonen av alkohol og vedfyring enda med havari. Skiheimen brann ned 16. desember 1940. Så skjer det noko underleg. Byggmeistar Anders Haverstad i Ringebu får eit brev frå Oslo Linsømfabrikk datert 21.4. 1942, altså eit drøyt år etter brannen. Her fortel S. Strand at på «Tofte Turisthotells grund akter vi å oppføre en hytte eller et hus av tømmer i gammel Gudbrandsdalsstil». Har byggmeistaren teikningar eller framlegg til noko slikt? Og vil han ta på seg byggjinga?

Anders Haverstad trur sjølvsagt at S. Strand er en mann og svarar «herr Strand» at har tar oppdraget. Men Signe Strand er sekretær på linsaumfabrikken, som Israel Krupp eig. Det er han som kjøper branntomta på Tofte og skal byggje hotellet opp at «når forholdene tilsier det». Kvifor handlar han til seg ein brannruin langt oppe i Gudbrandsdalen? Hadde han vore der nokon gong? Ingen veit svara i dag, men dette kjøpet er verkeleg langt borte frå alt det ein fornuftig mann ville gjere.
For Israel Krupp er jøde. I 1941-42 vinn tyske styrkar på alle frontar. Alt tyder på at Noreg i framtida vil bli del av det stortyske riket. Kva nazistane meiner om jødane, kunne ingen vere i tvil om etter krystallnatta i Tyskland og Austerrike mellom 9. og 10. november 1938, da 1400 synagogar brann ned og omlag 30 000 jødar vart sende i konsentrasjonsleirar. I Noreg var dei antijødiske aksjonane lite planmessige første okkupasjonsåret. Men i 1941 vart jødeforfølginga meir systematisk, og i 1942 måtte alle jødane registrere seg. I oktober 1942 starta arrestasjonane. All jødisk eigedom vart konfiskert, 773 jødar deporterte, dei fleste direkte til Auschwitz. Israel Krupp flykta til Sverige i tide med kone og son, men far hans, fire brør og ei syster vart drepne i Auschwitz. Han visste kva som gjekk føre seg.
Men likefullt kjøper han altså – gøymd bak Signe Strand og Økernveien A/S – eit nedbrend hotell i Gudbrandsdalen. Og ikkje nok med det. Han går attpåtil i gang med å byggje! I ei tid der det er rasjonering og mest uråd å få tak i alt som må til for å reise eit hus. Eit hotell går ikkje, men eit hotell må ha ein direktørbustad. Den vil han få opp. Fjernstyrd frå eit tilvære som militær og kurér i Sverige.
Les meir om Israel Krupp – «dette merkelige mennesket på Hundorp»
Anders Haverstad svarar at det å skaffe nytt, er så å seie umogeleg. Han går på jakt etter husvære som kan flyttast til Tofte. Han har vore på Laurgard på Sel, skriv han til «herr S. Strand», og sett på hovudbygnaden. «Huset er tømret med sinkelaft og egner seg således bra for flytting.» Rivinga vil koste ca 2000 kroner og passar dårleg for akkord, «da man lett kan få ødelagt materialer som det er vanskelig å erstatte.» Men han har òg sett på to store toetasjes stuer i Sør-Fron med svære tømmerveggar, «bra å ha til materialer som må erstattes.»
Huset på Laurgard kjem ikkje til Tofte. Kanskje let det seg ikkje gjere å tilpasse det til behovet Israel Krupp hadde. Han vil gjere det vanskelege. Bygge nytt i ein stil og med ein velstand som ikkje var vanleg i dalen. Eit lite slott. Med kjellerrom til øl og vin, badstue, vaskerom til avkledning.
I mai 1942 er han framleis i Oslo og må ha stått fram som byggherre. Anders Haverstad sender eit brev datert 18.5.1942 til «Herr kontorsjef Krupp, Oslo Linsømfabrikk. Ang. byggearbeidet på Tofte er det nødvendig at De kommer oppover en tur med det første til nødvendige konferanser på stedet.» Om dei møttest, veit vi ikkje, men sommaren 1942 får arkitektane Lange og Nustad i Oslo eit oppdrag. Dei skal teikne «Direktørbolig på Tofte, Hundorp.»

Dei teiknar eit hus som ikkje er tilpassa rasjonering og mangel på byggevare. Utfordringane for byggmeistar Haverstad står i kø. 22.9. 1942 skriv han til arkitektane at han kan forsøke å få tak i eikedører, «men fra før av vet jeg at det er godt som håpløst å få anskaffet noe sånt.» Israel Krupp meiner alvor når han vil ha «gammel gudbrandsdalsstil» med treskjæring, og Haverstad skriv at Petter Muriteigen har interesse av dette arbeidet «og hører gjerne fra Dem direkte.» Litt trevare har han fått tak i på Kjorstad, men frakt med bilar er framleis på det uvisse.
Han går i gang med å byggje, men arbeidet stoppar, for han har ikkje noko å byggje med. Å gå snarvegar nytta ikkje, for all produksjon av trevirke vart kontrollert av styresmaktene.
6. juli 1943 skriv Anders Haverstad til arkitektane at arbeidet «har nu en tid vert igang igjen. Det meste av de gamle materialer samt skiferstenen på Kjorstad er nu oppkjørt, endel mindreverdige materialer er nokk ennu igjen derborte, men det er umulig å få bil til å kjøre mere.» Noko er lagra hos Nils Steig på Sundgarden, men må bort derifrå, for Steig vil ha att huset. «Bil får jeg ikke, men jeg har fått en hestekjører til å ta noen lass efter som han får råd med det.»
Han har saga opp alt det gamle, skriv han, og fått ein del nytt materiale, så nå trur han at han skal få sett opp 2. etasje og taket, «men panel til utvendig kledning blir det visst vanskelig å klare.» Ser óg ut til at pengar var eit problem: «Regning på dører og vinduer samt regn. på kjøring v/S. Hegge er ikke utbetalt da kassen er tom.»
Israel Krupp må ha flykta over til Sverige før hausten og arrestasjonane tok til. Nå er det frk. Strand og arkitektane som styrer. 15. november 1943 skriv Anders Haverstad til arkitektane at det framleis står stille på Tofte, da det har vore heilt umogeleg å få tak i materiale, «Anders Tofte lovte jo flere ganger at vi skulle få endel firkant m/m, men da det kom til stykket så turte han ikke levere. Istedet fikk vi tak i litt av Albert og Pål Tofte, men det var altfor lite.» Taket er ikkje reist. «Det hele må nu bare stå inntil vi på sett og vis kan få skrapt sammen det høist nødvendige av det som mangler da det ikke nytter å arbeide uten materialer.»
Han fortel at han har vore ein tur på Kjorstad og sett på det som var att der av materiale. «Utenom alt det vearask som ligger der igjen er det også en del gamle panelingsbor, endel never samt gamle glass og to peiser.» Arkitektane svarar at «vi snakket med frk Strand i telf. I dag og skulde be Dem om å ordne med glasset, som står hos Wadahl og får kjørt det op til Tofte.» Og så går dei til kjernen: «Vi går ellers gå ut fra at De gjør hvad overhodet gjøres kan for å få taket på huset før sneen setter inn for alvor. De får vel kanskje iallefall såpass med bjelker at De kan få noe av taket overdekket. Det mulig manglende bør vel da kanskje dekkes med bakhun.»
Så må det ha gått trått og stått stille gjennom vinter og vår, for 19. juni 1944 skriv arkitektane til Anders Haverstad at da «vi på lengere tid ikke har hørt noe, ville vi svært gjerne ha en oversikt fra Dem om hvorledes byggesaken for tiden ligger an. Om det hele står i stampe, eller om der blir gjort noe fortgang?» Og er lagring av materiale tilfredsstillande? Oppstår det unødig skade?
Byggmeistaren svarar 1. juli at saka står slik ho sto i november. «Det manglende av firkant med videre skal vi nu, under al forsiktighet, få av Pål Tofte som nu holder på å sage, men den nødvendige rupanel til kledning av annen etasjes yttervegger samt takbord kan jeg ikke nu forstå at det vil lykkes mig å få tak i da sagbrukene som lovte dette enda ikke har fått anledning til å levere noe.» Han skriv at han var oppe på Tofte 16. juni for å sjå og ordne opp etter vinteren, og «det hele så meget bra ut og jeg kunne ikke skjønne at noe har tatt noen skade. Dører og vinduer samt plater og andre byggingsartikler ligger lagret i skuret med låst dør så det er iorden.»
Så er det byttehandel. 5. august 1944 får gardbruker Sverre Tofte brev frå arkitektane som «kan meddele at A/S Økernveien ved frk Strand har gått med på at De kan ta ca 150 stk ukurant teglsten på branntomten i bytte med 4/4 eller 4/5 tommer firkant.» Og skulle han ha meir eller andre dimensjonar å selje, vil A/S Økerveien kjøpe, «idet de mangler en del for å få et høist nødvendig tak reist.»
I desember 1944 er huset endeleg under tak, «de fleste vinduer innsatt og det andre ordnet således at det uten skade kan stå stille inntil videre.»
Eit halvt år seinare kapitulerer tyskarane. Israel Krupp kjem heim som offiser. Og flytter til eit nytt, mektig hus på Tofte. Eit hovdingsete blir det kalla. Han fekk viljen sin gjennom. Ein kar som gjorde det umogelege mogeleg.
0 Comments