OSKAR LETRUD: Vi hadde heimelaga leiker. Eg hugsar spesielt hesten som bestefar hadde laga. Han var fullt utstyrt med sela og kjørereiskap av alle slag og var mye brukt. Dette var av dei tinga som vart øydelagde om våren 1940, da huset vart treft av fleire granatar som ødela alt.
Her i grenda fekk vi ikkje straum før like før jul i 1952. Parafinlampa var ljoskjelda. Vi hadde ikkje radio eller noko slags musikkinstrument, så underhaldninga for oss ungane var det vi fann på av leik sjølve. Om kvelden passa det da godt med «blindbukk». Før vi vart såpass at vi kunne vera med og hjelpe til, var det mye leik, ofte saman med nabobarna. Det kunne vera å skvette kjepp, slå ball, slå på sisten, kurrugjømme, siste par ut og mange andre aktivitetar. Fotball trur eg knapt vi visste kva var.
Når det var ein berrflekk om våren, måtte ein stelle seg slik at ein hadde nokre femøringar. Vi måtte vera med å kaste på stikka. Jentene hadde heimelaga filldokker som dei brukte mye tid til å stelle og sy klede på.
Om vinteren var det ski og renning åå kjelke. Fyrste skiene eg hadde, var laga av eit par gamle store ski med tåband av vidje, som far da tok av både på lengda og breidda, slik at eg kunne bruke dei.
All slakting foregjekk heime. Alt av slaktet vart nytta. Det var arbeidet til oss ungane å reinse og vaske tarmane og slakteavfallet, slikt at vi fekk levert det til revemat. Det var ei kaldt arbeid. I 10-11 årsalderen var vi med og plukka poteter på gardane om hausten. Desse åra var det store potatåkrar på dei fleste gardane, og det var ofte ein kald jobb når potetgraset var frosi, så det var klinete når en skulle rive det av. Da var det godt når sola kom.
I 1941 fekk far opp fjoset. Det vart da plass til fleire dyr enn det var foring til, slik at far fòr mange plasser og slo graset, blant anna slo han ein del etter jernbanen, og vi var ikkje store før vi måtte ta i eit tak med riva. Vi hengde høyet på jernbanegjerdet til det var tørt, så var det å få det i båten, ro det over elva og ta det opp på ryggen inn i hus.
Hemsetra til Teige oppi Kampen onna far i 10 år. Der var eg med frå eg var 9-10. Teige skulle ha halvparten av høyet etter at det var kome i hus i leige for slåtten. Ofte gjorde far arbeid for Teige, slik at han fekk alt høyet der. I 1947 la vi nytt spontak på låven oppi der. Siste gongen det var slått der, var i 1950, da var far sjuk, så det var eg som slo med ljå. Eg var da 18 år, og to av brørne mine, ein på 11 og ein på 12, to søstrer, ei var 16 og ei 13 år – dei var med og hesja.
Det var som regel hausta 14 vinterlass med høy der, men ikkje så store som dei vi brukte kjøre frå setra. Det var ikkje veg til det. Det var au brukt både mose og lauv til dyra. Eg var ikkje meir enn 10-11 år fyste gongen eg var med inn i fjellet og tok mose. Ein haust låg vi ekstra lenge på setra, og da var au mor med på dette arbeidet. Eg var innimellom med mor og far og hogg lauv på setra. For at ikkje beitedyr skulle øydeleggje lauvkjerva, men også for at dei skulle tørka, vart det lagt nokre små tre oppe i trea, slik at det vart ein liten platting som vi la lauvkjerra oppå. Arbeidet mitt var da å leggje til kerjva oppe på denne plattingen med passe avstand, slik at ikkje lauvet mugna. Slik vart det da lagra til det vart såpass snø at ein kunne hente det med hest og slede.
Utdrag frå artikkel i Fronsbygdin 2006
Jeg og far hadde slåtten oppi Stenersen setra oppi kampen i flere år også ,litt av et slit og komme seg opp med Ljåer og river , På vinteren kjørte vi foret med hest ,vi hitta på og binde sammen to sleder ned igjen,når den ene velta hold den andre igjen ,slik gjekk mange ganger før vi var nede på veien