Grunneigaren likte ikkje nyryddinga hans

Svinslåa. Var det her Svinslåin rydda seg grunn? Og grunneigarene ikkje våga å jage han vekk? Foto: Lommekjent.no
IVAR KLEIVEN: I Kvam var det nokre som ikkje var gode å skreka eller leggje på flate fjøla, slike som Hans Svinslån. Sterkare kar har det kanskje ikkje trått på jorda i Kvam, og bror hans, Tor Morken, skulle være mest likeså sterk når det gjaldt. Hans var oppala på Frostad, og medan han var der, tok han til å rudde seg heimstad på ein stad dei kallar Svinslåa. Dette tok han seg til utan løyve, og grunneigaren likte ikkje denne nyryddinga hans.
Men dei kvidde seg for å drive han frå, for denne nautsterke bjønn var ein gjemytta gut, og skapte han seg gale, kunne han bli ustyrleg. Sist samla dei seg, nokre av dei som rådde grunnen og gjekk opp til nyrydninga hans. Hans Klevstad målbar ærendet og rådde Hans til å gje opp dette arbeidet, for dei som var med der nå, rådde grunnen, og dei var ikkje huga på å ha ein ny busitjar i Svinslåa.
På det svara Hans at han var ikkje meint på å leggje ned arbeidet sitt. Ja, da kan det nok bli gale, sa Klevsta´n. Hans hadde nettopp grave omkring rota på ein rogn, og nå braut han rogna ned så jorda fræste frå røtene, og han spådde om at fekk han ikkje vera i fred med det han hadde gjort, skulle desse karane få smake rogn-svipua. Om med det fann Klevsta´n og følgje at det var best å gå sin veg, og sidan vart han ikkje meinka med å rydde i Svinslåa.
Svinslåin var ikkje noko umenneskje, men folk kjente Hans og hadde age for å bli usams med han. Elles kunne han vera god å ha med krafta si i nokre høve. Bygdafolk som skulle gjere ferd til Oslo, ville gjerne få Svinslåin med seg, for det var så trygt å ha denne bjønnen med seg om det kunne hende at dei råka ut for desse store nauta, plankekjørarane i Eidsvoll. Det ukruttet bar til å bli ein stygg plage for ferdamennene etter at Hans var ein aldrande mann. Dei var reint ei skremsle å møte når dei kom attende frå Oslo, fulle og galne og kjørde verre enn dei skulle vera besett. Var ein lasskjørar ivegen for dei, vart både hest og lass velta av vegen, og ferdamannen kunne få hugg attpå. Men var Svinslåin med og gjekk og rugga føre med knartarstaven sin, var det ikkje noko moro å begynne med odyrskap for plankekjørarane. Det hende han sette den tjukke staven sin under vomma på hestane deira og spretta dei uti snøen. Gjorde plankekjørarane bråk, fekk dei frisk juling attpå, for det nytta ikkje å stå imot Hans Svinslån.
0 Comments