Har du fått brev om setra?

Svar helst innan 1. februar – til ei bok om setrene

Det er stor grunn til å tru at det om nokre år ikkje vil vera att noko seterdrift. Historielaget fryktar dette. – Det er noko av grunnen til at vi nå såg behovet for å gjere kartlegginga av setrene, for snart er det ikkje att nokon av dei som hugsar korleis det var før i tida, da det var yrande liv på seterstulene rundt omkring, seier Møyfrid Kalstadstuen. I den komande boka om setrene i fronskommunane håpar historielaget å kunne bevare historiene for alltid. – Dei som ennå ikkje har svart oss, oppmodar vi om å gje tilbakemelding så raskt som mogleg, og helst innan 1. februar, seier Kalstadstuen til Dølen.

Sidan juni er det sendt ut brev til alle setereigarar, der Fron historielag ber om nyttig informasjon til bruk i ei seterbok. – Det er eit omfattande arbeid. Vi har fått god respons og er veldig takknemlege for det vi har motteke, seier Møyfrid Kalstadstuen. – Men, vi manglar fortsatt mange svar. Vi veit det er fleire som arbeider med å innhente opplysningar om setrene sine. Svare treng ikkje vera veldig omfattande. Historielaget har så langt kartlagt alle setrene på kvar seterstul og innhenta mange opplysningar frå kjente i dei ulike grendene. – Vi treng likevel hjelp frå setereigarane, poengterer Kalstadstuen.– Vi har tenkt at det hastar litt med å få dokumentert den historia som ligg i seterdrifta, særleg fordi mange setre forfell. Vi håpar å få samla inn små og artige historiar, fakta og gjerne gamle bilete. Vi meiner det har stor historisk verdi, sa Svein Jetlund i historielaget til Dølen i juni.

2 Comments

  1. Arthur Bredli

    Hei, gjelder det kun eksisterende setre, eller også tidligere setre som nå benyttes til andre formål slik som her på Ruten Fjellstue? Dette var Brennsetra frem til slutten av 30 åra, før det ble fjellstue. Odelsgutten på Søre Brenden i Skåbu, ble fastboende på setra, og solgte gården til en av brødrene. Gården ryddet ny seter som i dag er Brendsetra.

Submit a Comment