Håret fraus fast på hovudputa

by | 26. feb 2024 | Verksemder | 0 comments

Historier om tømmerfløytarane i Skåbu

fløytarar

Arbeidarane i tømmerdrifta i Skåbu utvikla eit godt samarbeid og kameratskap, men likevel kunne det oppstå gnisningar, særleg mellom bygdefolk og utabygds arbeidarar. Bilde frå verdalsbilder.no

OLE CHR. RISDAL:  Sjølv om situasjonen for arbeidarane kunne vere temmeleg ekstrem, førte tømmerdrifta i Skåbu med seg ein del artige episodar, og var med på å forme eit bygdeliv både på godt og vondt. Arbeidarane vart svært motstandsdyktige. Under fløytinga måtte dei ofte uti det iskalde vårvatnet, og dei kummerlege koiene gjorde heller ikkje situasjonen betre. Ofte var desse så dårlege at det ikkje var råd å tørke arbeidskleda. Johannes Rønningen frå Ringebu skildra forholda i desse koiene. Ein morgon vakna han av at håret hans hadde festa seg av frost på hovudputa. Liggjande fekk han tak i kaffikjelen, som enno var varm, og fekk såleis tint opp att isen. Forholda midt på vinteren kunne vere så ekstreme at arbeidarane gledde seg til å setje i gang att arbeidet om morgonen, for på den måten å få att kroppsvarmen.

Men trass i vanskelege situasjonar gjorde dei likevel det beste ut av det. Fredrik Maurstad kunne fortelje om ei genial oppfinning i ei av desse koiene. Ein av arbeidarane hadde vorte lei av å stå opp att om natta for å slå lens i sprengkulda. Idéen gjekk ut på å lage eit hol i veggen, slik at han berre kunne snu seg i senga når det vart nødvendig.

kamsfossen1

Ovanfor Kamsfossen er det eit trongt juv, og når ein veit at det her passerte bortimot 10000 tylfter med tømmer i Dørumdrifta, kan ein tenkje seg at det oppstod vanskar. Foto: Normann.

Omkring 20 år etter at Carlsen Foss-drifta hadde gått konkurs, kom det i gang ei ny tømmerdrift rundt 1900. Ein grosserar ved namn Nils Dørum (1838-1910) frå Vang på Hedmarken hadde kapital nok til å setje i verk drift med arbeid til omkring 80 mann. Det var Dørum og Hamar Dampsag som kjøpte opp tømmer i Espedalen og i Murudalen, og på det meste dreiv dei 10000 tylfter. Det hadde ikkje vore noko betydelege tekniske endringar sidan den førre drifta, slik at denne verksemda foregjekk omtrent på same måten som under Carlsen Foss. Men elva hadde heller ikkje forandra seg, slik at fløytarane møtte dei same problema som 20 år tidlegare. Sjølv om situasjonen for arbeidarane kunne vere temmeleg ekstrem, førte denne drifta med seg ein del artige episodar, og var med på å forme eit bygdeliv både på godt og vondt.

Hardtydd kropp

Det er óg fortalt om ein svært så hardtydd kar ved namn Kristen Koppang. Ein gong midt på kaldaste vinteren møtte han Johannes Rønningen «Koppangen» i Skåbu, medan han var køyrekar i Megarden. Da hadde han så utslitte sko og hoser at stortåa hans var synleg. Men likevel satt han på sleden og såg ikkje ut til å kjenne kulda. Ein dag måtte det reparerast ein brunn i Megarden. Da var han Kristen ikkje snauare enn at han sjølv gjekk nedi, og stod med isvatn langt oppover seg medan han utførte reparasjonen.
«Koppangen» var ikkje kjent for å vere det mest reinslege mennesket, for det var ingen som hadde sett at han vaska seg heile vinteren. Om våren skulle han og fleire andre ta ein tur frami bygda. Arbeidskameratane hans syntest nok at han burde få seg ein vask før han synte seg for bygdefolket. Ein stad var det plassert ein stamp som det rann vatn nedi. Dei fekk plassert «Koppangen» ved sida av stampen, så auste dei vatn på han medan dei brukte ein kost til å skure han med.

Vidløftige lag

Arbeidarane i tømmerdrifta i Skåbu utvikla eit godt samarbeid og kameratskap, men likevel kunne det oppstå gnisningar, særleg mellom bygdefolk og utabygds arbeidarar. Ei forklaring på dette kan vere at folk var misnøgde med at framande folk tok frå dei arbeidet. Dette kom særleg fram når det var festlege aktivitetar i bygda. Ein vår skulle det vere dansefest i Maurstad. Der vart det samla både arbeidarar og bygdefolk. Bygdespelemannen Torger Iverstugun, som den gongen var berre rundt 20 år, skulle spele. Da det lei utpå natta braka det laus med krangel og slåsting. Han Torger vart så redd at han tok fela under armen og hoppa ut gjennom vindauget. Så tok han vegen åt nærmaste nabogard. Der satt det nokre karar og spelte kort, og vart avbrote av han Torger som reiv opp døra og ropte: – Nå ha de bråkå laust me slåsting burti Maurstad, å nå kjæm døm visst hit au. Deretter strauk han nedi kjellaren og gøymde seg. Den eine av kortspelarane reiv ned rullarkavlen frå veggen, medan ein annan tok opp tollkniven. Heldigvis kom det ingen, og det skjedde ikkje meir der. Men i Maurstad fortsatte tumultene. Det er fortalt at ein svenske som var med i Dørumdrifta vart treft av ein stor stein, slik at han gjekk baklengs utover dørahella. Denne mannen skulle ikkje vere ved god helse etter denne hendinga.
Ein annan gong skulle det vere ball på garden Haugen. Den gongen fekk ikkje arbeidarane tak i noko sterkt å drikke på, anna enn at det vart leigd skyss åt Vinstra etter brennevin.

Farleg arbeid

Ovanfor Kamsfossen er det eit trongt juv, og når ein veit at det her passerte bortimot 10000 tylfter med tømmer i Dørumdrifta, kan ein tenkje seg at det oppstod vanskar. Fleire gonger måtte fløytarane heisast ned i tau og ta i bruk dynamitt for å få løyst opp att lunnane. Johannes Rønningen frå Ringebu, som seinare busette seg på Løvli i Skåbu, var som nemnt med i denne drifta. Han kunne fortelje at det ikkje så reint sjeldan vart skote slik at stokkane datt ned fleire hundre meter ovanfor elva. Ola Rytviken var fløytarbasen den gongen. Han var halde for å vere ein uvanleg dyktig og dristig kar som hadde eit eige lag med å løyse tømmerlunnane same kor ugreie dei var. Ein uventa dukkert brydde han seg heller ikkje om. Han dukka opp att som oteren og var like god, var det sagt. Men ein av desse lunnane var nok reint utanom det vanlege. Det laut dynamitt til. – Døm skaut så de fauk stubbe hælt oppå Slåjordé før lunnin løste sé opp att.

Avvikling og tankar omkring ei svunnen tid

Etter at kraftstasjonen i Kamsfossen kom i stand, vart Brukseigarforeininga pålagt å byggje ein fløytardam på osen ved Olstappen. Dette arbeidet begynte i 1931, og dammen stod ferdig året etter. Det gjekk sjølvsagt lettare med fløytinga etter dette. Dammen vart ståande i om lag 20 år. Men dei heldt faktisk fram med fløyting etter at elva var regulert også. Det låg i konsesjonsvilkåra at det skulle sleppast vatn om våren for å få av garde tømmeret. Da fekk dei konstruert ei tappeluke som dei slusa tømmeret igjennom. Dette føregjekk heilt til 1966 (if. Øvrelid i Historia om Fron, bind 2).

Når ein går langs det tørrlagde elvefaret i dag, der berre ei lite bekkesikl smyg seg fram mellom dei store steinane, går tankane attende åt det som no berre er soge. Søkkvåte tømmerfløytarar med vidbremma hattar og bosshakar i hendene, kjem nok aldri meir til å fylgje ei fossande elv. Ei elv som førte med seg tusenvis av tømmarstokkar, heilt fraktfritt og utan noka form for forureining.

Kjelder:

Torger T. Risdal

Ragnar Øvrelid, Historia om Fron, bind 2. Her ein stor takk til Morten Wangen på Vinstra som tipsa meg om denne kjelda!

0 Comments

Submit a Comment