Namn i Fron: Fron

by | 26. jul 2022 | Språk | 0 comments

Eit svært gamalt og sjeldan namn

BRIT NILSEN: Fron er i dag brukt på nabokommunane Sør-Fron og Nord-Fron. Fram til 1850 var Fron eitt herad og prestegjeld. Fron er eit svært gamalt namn, og det finst ikkje nokon annan stad i landet. Den eldste skriftlege kjelda for namnet er eit brev frå 1353, der det er skrive a Frone. Fron er nok opphaveleg eit bygdenamn knytt til Øverbygda og Nerbygda i Sør-Fron.

Namneforskarane har heilt ulike tolkningar av dette eldgamle namnet. Rygh meiner det kjem av det gamalnorske ordet frón, som betyr «land eller «jord» og berre er kjent frå diktarspråket eller poesien. Seip meiner namnet er ei avleiing av elvenamnet Frya. Han meiner namnet fortel at staden låg ved Frya. Fron er altså eit svært gamalt og sjeldan namn, men heilt sikre på hva det ein gong tydde, kan vi ikkje vera.

0 Comments

Submit a Comment