
Frå opninga av nye E6 på Vinstra. Foto: Carl Henrik Grøndahl
Fron historielag melder seg blant gratulantane! Nye E6 opna i dag med dans og leik, Peer Gynt, musikk, takk og gode talar. Sikrare, raskare og betre veg på alle måtar. Vegen har kosta rundt 200 millionar kroner pr kilometer eller 2000 kroner pr cm, og eit lite blikk attende kan gje nokre perspektiv på næringstransport før i tida. Knut Fossehagen fortel om korleis dei fekk høyet heim frå setra.
KNUT FOSSEHAGEN: Sommarvegen til setra gjekk ofte i dalsøkk og skrå hellingar. Når det kom snø, og snøen dreiv saman i fonner, var det uråd å få til veg som ikkje dreiv att. Vintervegen laut difor helst gå på opne flater og over vatn. Når vegen vart kjørt etter som snøen kom, vart vegen høg – «kom opp» som dei sa. Når det da dreiv snø, tok vinden med seg snøen over vegen, og vegen var like fin. Det var viktig at det vart så få motbakkar som råd når en kjørte heim lass, og at det ikkje var tre og kjerr ved vegkanten, som reiv av høylasset.
Vintervegen vart difor kjørt på etter same lina kvart år. Men fordi vegen skulle gå over mange vatn og tjønn, kunne han ikkje kjørast på før det var god og sikker is – som oftast ut i februar.

Klar for vintervegen heim. Ukjend bilde
Det vart avtalt når dette skulle skje, og alle som skulle bruke vegen, måtte da vere med. Var det mye snø, kunne det vere hardt å kome fram på ein ubrøytt veg. Ofte måtte det måkast før dei kom fram, og dei skifta på å kjøre fremst. Men for å skifte plass i rekkja av hestar var dei avhengige av at det var plassar der snøen var drive vekk, slik at dei kunne kjøre forbi.
Etter som dei kjørte, vart vegen veta, slik at dei skulle finne han att dersom han dreiv atti. Veta var ei stikke som vart sett nedi snøen på høgre sida når dei kjørte innover. Nokre stader kunne dei også vere sett ned som ein port. Ein del stikker var slått ned i myra og stod året rundt. Slik var det også med stikker som markerte staden er en skulle passere elver og bekker, og der ein skulle kjøre i land att frå vatn og tjørn. Slike stikker vart passa på og skifta ut når det var nødvendig, slik at dei stod der dei skulle når vegen vart kjørt på. Vetaen sto som regel ein meter frå meierenna etter sleden.
Mange gonger var det nok eit slit, spesielt når det var mye snø. Nokre gonger brukte dei nok meir enn ein dag på å kjøre på vegen. det var spennande kor vanskeleg det kom til å bli å «slå på vegen», og det hadde nok ikkje gått utan godt samarbeid.
Det vart sagt at det var samtaleemne på butikken når vintervegen vart «påsli». Det vart nok kommentert om det var normalt med snø eller om det var mye ekstra måking for å kome fram. Eg trur ikkje at vintervegen til Kristensetra var i bruk etter 1939.
Redigert utdrag frå artikkelen «Vintervegen til Kristensetra» i Fronsbygdin 2012.
Bra dei kunne samarbeide. Mange stader måtte nok kvar og ein greie seg sjølv. Ofte var det ikkje flater å legge vegen på, men berre bratta.