Professoren som vart vill i Sorperoa

Forfedrane våre var flinke til å finna høviske namn over alt

sorperoa

Regn i Sorperoa. Med sorp? Foto: Thogun

EIVIND BUDSBERG: I dei siste åra har det både ein gong og to gonger vori ymta frampå om at grenda Sorperoa skulle hatt seg eit penare namn. Einskilde trur namnet kjem av noko mindreverdig. Som ventande vart dette forkasta av juryen, da dei var einig i at denne grenda er finaste Sorperoa i Noregs land. Det er til den største undring kor fantastisk flinke forfedrane våre var til å finna høviske namn over alt.

Dei fleste, for ikkje å seia alle, som bur i Sorperoa har gong på gong sett kva namnet kjem av. Originalen er eit naturfenomen som i det fyrste er beståande av ei stor sandgrunne i Laugen under Eidefossen, og ved denne grunna er det ei evje, der Laugen ved høg vannstand legg at ei brei flå med sorp, som her turkast godt på stranda. Når så nordavinden kjem med bør, så er terrenget og formasjonane i sjølve dalføret her såleis laga at her får vinden blåtak, og han sveiver sand og sorp saman og hiver dette opp i lufti til ei svart sky, og dette feiar han så rett mot sør oppver Eidesand og vidare inn over skogen i grenda. Attende i all eva av år har her vinden skyssa oppover i 1000 tal av kbm sand, og dimensjonane er så store at namnet lett kunne festa seg av eit mindre.

Professor Olav Nordhagen, som i si tid var arkitekt over Trondheim domkyrkje, var om somrane i mange år i ferien på garden Sandheim i Sorperoa. Som så mange andre bada ofte Nordhagen i Laugen under Eidefossen.

Ein dag dei låg der i vatnet og plaska, kom eit vindkast s0m si vane tru ruska opp i sand og sorp og strauk så tilslutt sin veg med dette.

Da professoren såg dette skodespelet, vart han reint som vill, reiste seg opp i vatnet og ropa til sønane sine: Nei sjå, gutter, der feia det av garde Sorperoa. Der har dei i ordet truffe spikren på hovudet, var også hans konklusjon.

Eg er vitande om at det ein stad står skrivi Sødorproa, og eg er vel vitande om kven som står for denne prestasjonen. Fyrst som sist kan vi vedgå at vi er ikkje nå eingong skuggen av det dei var i fordums tid til å finna høvelege gode namn.

Skal det nå til dags vera ei namnetevling for nye namn på eit eller anna, så kjem det eine forslaget etter det andre så burti hår og heim at det mest av alt liknar på skrymt.

 

Redigert utdrag frå innlegg i bladet Fronsbygdin 2/1971

 

 

0 Comments

Submit a Comment