Støtt så godt å kome innpå fjellet
melkespann

Arbeidet fylte livet vårt på ein slik måte at arbeidet gav livet meining. Foto: Anton Løkken

MARGIT LYKKJOM OG ANTON LØKKEN: Kyrne hadde vore bundne til båsen heile vinteren og visste godt kva som skulle skje, når det lei så langt at seterreisa nærma seg. Dei hadde i lang tid kjent lufta av groe og grønt gras, blomar og blømande hegg gjennom dei opne glasa i fjøset. Kvar gong det gjekk i fjøsdøra, rauta dei og drog i banda.

Sjøl om det berre er ei drug mil opp på setra heime, var det før i tida ein lang tur både for folk og fe. Oss reiste gjerne midt i juni eingong, som regel før «jensukkukvelden». Når snogen var borte borti Lovetlhamn og snøfonna i Hågåhauga var smelta, kunne ein reise åt seter’n her i Sødorp. Kjerringkjørrbladet var da så stort som eit musøra, og det var berjeleg med mat til dyra. Ein skulle aldri reise åt seter’n på ein «refsdag», ein måndag eller fredag, heitte det seg. Da kom det til å hende noko med dyra.

Oss dro avgarde tidleg om morgonen. Dei seks kyrne visste godt vegen opp bygda. Eg gjekk alttid føre og lokka. Det to kalvane hadde aldri vore under berr himmel før, så dei vimsa både hit og dit og skvatt berre dei såg ein stein eller ein blome etter vegen.

Før oss fekk traktor i 1957, var det hesten som drog seterlasset med mat og klede. Flatbrødkasse, spekeskinke, ein potetsekk, mjølboksar og liknande. Mjøl og salt til kyrne, klede både for kalde og varme dagar i fjellet. Oss laut ruste oss til for tre månader. Anton fekk sitta på kjerra og passe kattkassa. Katten laut ôg vera med på turen.
Ola sprang etter bølingen med ein stav i handa og prøvde å halde styr på kalvane. På dørhella heime stod ei gammal bestemor att og vinka adjø og god tur og sommar. Ho mintes sikkert mange slike seterreiser frå åra som hadde fare. Ho laut vera heima nå, dei yngre hadde teke over. Slik var det på ein gard, og slik laut det støtt vera.

Turen opp bygda var ofte labg og kei, men når ein kom litt oppfrå, vart det som oftast eit lettare drag i lufta. Hesten med lasset laut kvile og drikke ved kvar ein bekk. Når den brattaste vegen opp bygda var unnagjort, gjekk det meste av seg sjøl. Kyrne kjende seg att, og dei visst at den tyngste delen av turen var over. Vegen innover var støtt så lett å gå.

Det var alltid eit trygt og godt syn som møtte ein oppå Nyseterhauga. Seterstulen låg der som før, kanskje rauk det i ei seterpipe her og der. Ho Anna og ho Marit var truleg alt på plass. Ved Nulgardssetra gjekk det eit hestefølgje og beitte, ved Lykkjomsetra låg ein flokk med sau i skuggen ved fjøsdøra. Og oppå fjøstaket trippa linerla, ho hadde i alle år hatt reir under steinen på taket. Det var støtt så godt å kome innpå fjellet. Sjøl om det var liv rundt seterhusa, var det samstundes så trygt og roleg her.

Nå var det berre å setta på båsane små kasser med mjøl og litt salt og ha inn kyrne. Dei var slitne etter den lange turen. Dei låg der så rolege og yrta med halvopne augo. Fjøsdøra stod på gløtt om natta, og katten gjekk ut og inn som han ville. Om morgonen låg han som regel oppå vomma til den rolegaste kua og sov. Han varr støtt på plass når eg begynte å mjølke ved sekstida. Han likte så godt å få varm mjølk eller «frau», som oss sa. Det var mjølkeskum som låg att oppå filtlappen i silen etter at mjølka hadde rent gjennom. Katten fann fort far etter mus i graset, til slutt var han så mett av fjellmus at han berre fanga dei for å leike seg. Men eit år rømde han heimatt, han treivst ikkje på seter’n det året.

Det var triveleg å sitta og mjølke kyrne. Eg song my. Forskjellige songar eg hadde lært i blandakoret, eller gamle stubbar eg hadde etter Besse, mor til mannen min.

Fyrste kvelden var alle trøytte. Det var så godt og svalt i selet. Kyrne likte au å finne att plassen sin i fjøset og å få litt godt i munnen før dei vart mjølka. Mjølka vart silt i eit stort spann og sett i avkjølinga, ein firkanta grunn murbrunn med lokk på.

Neste dag måtte alle stå opp tidleg. Fjøset skulle renskast, kyrne skulle mjølkast, og mjølka skulle på rampa til mjølkebilen kom. Den snillaste og mest «heimfose» kua fekk gjerne vera bjøllku. Det var viktig at bjøllkua fekk dei andre med seg heimatt til setra om kvelden. Bjøllkua laut både sleppast fyrst inn og mjølkast fyrst, elles kunne ho bli fornærma. Men ho laut sleppast sist ut om morgonen. Det var viktig at bjøllkua forstod det ansvaret ho fekk for resten av bølingen.

Det var støttt stor spenning om kalvane ville følgje bølingen, eller om dei rota seg bort. Dei laut ofte hentast ved ei eller anna fjøsdør ilag med andre bølingar. Ungane hadde som oppgåve å halde godt auge med kalvane den fyrste tida.

Første del av ein artikkel i Fronsbygdin 2003  (Dette stykket er sett saman av notat etter mor mi, Margit Lykkjom (1923-2003))

0 Comments

Submit a Comment