Vin og heim i Fron

by | 10. nov 2014 | Jordbruk, Språk | 0 comments

Toksen gaard –  eigentleg Toksvin.

IVAR KLEIVEN: Fron har støtt vore helde for den beste bygda i Gudbrandsdalen og blomen mellom dei, inga bygd har så mykje god og vokstom jord, og dei meste av grendene ligg godt og lugumt til, og derfor har Fron frå langt atti medelalderen vore ei sterk bygd med innbuarar som var i velmakt. Dei eldste gardane i Fron er dei som endar på vin. På Fron er det i alt seks vin-gardar: O’e (Odenvin), Heggje (Heggvin) på Sør-Fron og Tokse (Toksvin), Skoe (Skodvin), Bryn (Bruvin) og Veikle (Veiklvin) i Nord-Fron.

Gardsnamn som ligg vin-namna nærast i alder skal vera dei som endar på heim, og av dei har Sør-Fron Sjippløm, (Skiplheim), Isum (Isheim); Nord-Fron: Røssum (Reydesheim), Kjørum (Kyrkeim). Heim-namna er helde for å vera om lag 100-200 år yngre enn vin-namna, men om ein legg dess to namnslaga i hop, blir det berre 9 gardsnamn i det gamle Fron som kan vera frå nokre hundre år før Kristi tid.

Og desse gardnamna med vin– og heim-ending er spreidde så pålag likt etter alle bygdene i heile dalen, frå Fåberg til Lesja og Lom. Det ser med desse ut til at det kan ha kome ein tunn strøm med rydningsmennn så pålag den same tida, som har busett seg på desse vingardane og teke til med byggjing og rydding.

Gudbrandsdalen hadde truleg 90 busette gardar omkring Kristi tid. Dette lyt vera ei tunn busetjing etter dette store dalføret, men så lyt ein minnast at kvar rydningsmann visst var ein ættehovding som slo seg til på garden med heile den ætta han var hovudmann for, og det er mykje rimeleg at ei slik ætt kunne vera både på eit hundre menneske og mykje over det talet ôg. Likevel var det romt mellom gardane, og dei slapp å gjera trongrømme for kvarandre. Den jordvidda kvar rydningsmann eigna åt seg, var saktens ikkje smålappar, men ettersom ætta voks til kvar tid, vart det sjølvsagt uråd å ha heila ætta samla på ein stad i all tid, og derfor lyt nok den eine etter den andre flytte ut frå hovudbøle, byggje og ta seg nytt rydningsland av det den fyrste hadde lagt under seg.

På det viset vart nok dei store rytdningsgardane etter nokre mannsaldrar ikkje så lite sundlema, og ny jord opprødt smått om senn. Det var nå tjukke skogen alle stader i bygdene den tida, og med dei jordambon dei hadde å hjelpe seg med ennå, var det ikkje langt å kome med nyrydding; derfor valde desse fyrste busetjarane seg helst gardsemne der det var opne glenner og sletter i skogen med godt beite for krøttera, og der det let seg gjera å «vinne» vinterfôr til dei.

Vin skal nettopp tyde graslende, som det gjekk an å «vinne».

0 Comments

Submit a Comment