Det ryk mange Sydenferiar

Men det blir bra! Røynsler frå restaureringa av Solbrå gard

Godt frammøte på triveleg besøksrunde

CARL HENRIK GRØNDAHL: – Det ser verre ut enn det er, men det blir alltid dyrare enn du trur. Spør dei som kan, om råd. Du skal ikkje skryte av kor billig det vart – du skal heller seie at dette vart dyrt, men så vart det også bra. Og du forvaltar noko unikt. Å restaurere er å prioritere. Korleis ein brukar pengane. Rettar du opp att gamle hus, ryk det mange Sydenferiar. Du må vere god til å finne stønadsordningar og søke. Får du tak i ein snikkar som vil bruke motorsaga og rive, send han heim att. Få tak i dei beste handverkarane, men følg dei opp! Den verste fienden når du skal restaurere, er mote og interiørblad. Men å skulle ta alt attende til det opprinnelege? Det har jo budd generasjonar her i mellomtida, det skal vere spor etter dei ôg.

Dette var nokre av dei røynslene han delte, Per Oluf Solbraa, da det var besøksrunde på Solbrå gard på Harpefoss onsdag kveld i regi av Gudbrandsdalsmusea. Omlag 50 møtte fram i godveret – heilt frå Lesja og Lom – og fekk ein særs god og tankevekkjande innføring. Per Oluf Solbraa overtok garden i 1982. På garden og setra har han 19 verneverdige og freda bygninger å ta vare på. Nå er det sonen, Even Solbraa, som eig garden. Tipp-tipp-tipp oldefar hans, Ola Kvålen, kjøpte Solbrå av Kronen i 1850. Da hadde garden vore presteenkjesete i mange hundre år.

Les om at Per Oluf Solbraa takka nei til kr 200 000 i protest.

Even Solbraa ønskjer velkomen. Far Per Oluf Solbraa i blå trøye bak.

Dette skreiv Gudbrandsdalsmusea i innbydinga:

Bli med til velhaldne og idylliske Solbrå Gård i Sør-Fron!

Solbrå Gård ligg nord for Harpefoss, langs gamle E6 i Sør-Fron. Det er eit gardstun med store hus, og i alt er det 19 hus inkludert setra ved Gålå. Nokre av husa kan daterast attende til 1600-talet.


På garden finn du driftsbygning frå 1880/1930, drengestugu, to samanbygde stabbur frå 1863, og hovudhus og kårhus frå 1855.


Hovudhuset vart restaurert og brukt som familiebustad, og kårhuset er nyleg teke i bruk etter restaurering i 2022. I dag bur fire generasjonar Solbrå på garden.

Garden har også seter på Valsetra kor dei driv aktiv formidling av historia til raudosten. Det var her Anne Hov skapte osten vi i dag kjenner som G35, og dei første spor er heilt attende til 1863. På setra er det ysthus, restaurert fjøs og ei seterstugu. Stugu har vorte modernisert og under restaureringsporssessen vart heile setra freda av riksantikvaren. Her er både vêrslite tømmerveggar og moderne og tradisjonelle material, men korleis er bygningsfysikken og fungerer det i bruk?

I storstua har ein av Norges dyktigaste dekorasjonsmålarar Even Knudsen Sulengshaugen (1822-1898) dekort veggar og tak og eit skåp.

Familien Solbrå har brukt mykje tid og ressursar på å sette i stand og sørge for aktiv bruk i fleire generasjonar. 

1 Comment

  1. Olav Haraldseid

    For eit flott tiltak!! Tenk om dei som styrer i Nord-Fron kommune kunne tenkt i same banar i si tid om Amundsen!!

Submit a Comment