Innhaldsrike to timar på Sveiphuslykkja

CARL HENRIK GRØNDAHL: Setrene blir lagt ned, historie blir gløymt. Men slik
verda er, kan det hende at seterbruka må dyrkast opp att. Derfor kan det vere viktig
at namn som held på å bli borte, namn som berre dei hugsar som er opp i åra, blir
tatt vare på. Og det har dei gjort, Rasmus Stauri og Tormod Stauri. Dei har søkt
støtte frå Norsk Språkråd, som er i gang med eit prosjekt for å samle inn stadnamn
her i landet. Dei har tatt reisa opp Nørdre Lia seterveg og fått skreppa full av namn.
Med Arild Larshaugen og Per Erik Holmen som dei fremste kjeldene.
Og meir enn det. 8. august stelte dei til eit lite stemne på Sveiphuslykkja med ein
stor skokk inviterte gjester, der namn vart drøfta, historier fortalde, og trivnaden var
stor.

Arild Larshaugen opna med å lesa Einar Hovdhaugens dikt «Gamlevegen».
Tormod Stauri fortalde til opning om stadnamn og korleis desse blir inndelt i ulike kategoriar når det gjeld bakgrunn og opphav. Det vanka kaffe og gode kaker før Rasmus og Arild gjekk opp setervegen frå bygda til fjellet godt supplert av Per Erik Holmen og andre. Det vart humoristiske og innhaldsrike to timar.

Kvifor heiter det Sveiphuslykkja? Og Gærn-Beret-dalen? Haustsetra? Kven var
det som stal skinker og gøymde dei ved Stabbursteinen? Kvifor heiter det
Nårkampen? Når – det same som engelsk narrow. Den smale kampen. Og den
bratte svingen over bekken ned til Sørensenvegen med det underlege namnet
Skikju(a). Vart òg skrive «Skridjua». Med andre ord: der det gjekk eit skred eller skriu.

Bak namn er det og folk og lagnader. Også dei kom fram på dette trivelege, lille
setersymposiet. Emil Tron, til dømes, ein likandes og flink småbrukar frå ei tid to
generasjonar attende. Han hadde til slutt berre to tenner att, ei i overkjeften og ei i
underkjeften. Den eine til kjøt, sa han, den andre til fisk. Han reinska pipa si med
kniven, og det han fekk laus, stappa han i kjeften og togg som skrå.
Ressursutnytting.
Slikt arbeid og slike setermøte burde det bli mange av i Fron.
0 Comments