Innhald i Fronsbygdin 2007

Per Gynt-segnene frå 1873 og 1877
Per Thorsen Aasmundstad (1839-1920) frå Kvikne skreiv ned lokalsegnene om Per Gynt. Dei fire fyrste er nedskrivne  16.november 1873, og dei fire neste 29.november 1877. I denne forma har ikkje segnene vore trykte før, men levd i kladdebøker.

Tre huldresegner frå Sør-Fron av Velle Espeland
Denne artikkelen handlar om tre lokale segner, og dei blir sette inn i ein større samanheng. Segnstoffet lever eit stille liv i vår tid og er ikkje lenger ein del av eit felles minne. Dette er gode historier.

To segner frå Ruste, fortalt av Johannes Lunde
Desse to segnene viser korleis segnstoff oppstår. Vi har ein trong til å finne forklaring på gåtefulle hendingar. Og er vi ikkje heilt nøgde, diktar vi ein ny versjon.

Brukskunstneren Bjarne Skurdal av Jan Skurdal
Skurdal kunstsmie og Skurdal Tinn avsluttet produksjonen og utsalget i 2007. Denne artikkelen forteller om disse viktige bedriftene i Fron fram til Jan overtok smijernproduksjonen i 1965 og Dag tinnvarevirksomheten i 1971.

Jødeaksjonen  i Fron av Tore Pryser
Et nokså fortiet kapittel av lokalhistorien er den tragiske jødeaksjonen høsten 1942. Fem jøder ble sendt til gasskammeret i Auschwitz. Her får vi vite hva som skjedde.

Ungdomshuset Furulund på Sjoa av Fredrik Moen
I etterkrigstida var ungdomshusa ein viktig møtestad for bygdefolk. I denne artikkelen får vi eit godt inntrykk av korleis ein unggut opplevde ein møte- og festkultur som mange vil kjenne seg att i. Her var alt frå basar og forkynning til vill fest.

Spelemennene Jehans Knuta og Amund Grisibu av Rasmus Stauri
Bygdespelemennene er viktige i det lokale og nasjonale kulturlivet. Folkemusikken i Fron har fått nye utøvarar dei siste 30-40 åra, og derfor  gjeld det å trekkje gammelkarane fram att frå gløymsla.

Bunaden frå Stenberg av Kirsti Krekling
I 1940-åra vart det funne att eit brodert ulltrekk på ei underdyne på garden Steberg. Det er vanskeleg å tru at dynetrekket kan vera tenkt til anna enn eit stasplagg – eit skjørt eller ein livkjole.

Natur og levekår i Kvam i mine opppvekstår av Helge Stormorken
I to artiklar ser Helge Stormorken seg attende. Den fyrste artikkelen handlar om naturtilhøve , samferdsel og ernæringsgrunnlafg i Kvam i mellomkrigstida. I Fronsbygdin 2008 skriv han om fleire emne.

Oppvekst på eit lite småbruk av Oskar Letrud
Ein stor barneflokk var noko av det som særmerkte livet på mange små plassar for nokre generasjonar attende. Livet var eit heilt anna enn i vår tid, men hadde mangt ved seg som vi ikkje tenkjer over i vårt velstandssamfunn.

Å selja ein gard av Ole Bjerke
Å selja ein ættegard er for dei fleste ei tung avgjerd. Mangt skal tenkjast igjennom og ordnast. Fleire enn Reidun og Ole Bjerke, som selde Sygard Bjørke i Sør-Fron, kjem nok i den situasjonen.

Da Viktor Rydberg gjekk gjennom Fron av Gard Espeland
I 1858 gjekk den svenske journalisten Viktor Rydberg gjennom Gudbrandsdalen. Han vart skjenkt god vin på Forr, møtte vennlege folk på Lillehove og åt nydeleg “Laugen-laks” på Øya.

Familien Bojer på Sygard Kjorstad av Knut Kjorstad
Frå 1911 til 1915 budde familien i Sør-Fron. Dei hadde med seg europeiske skikkar og eit trønsk opphav – forfattaren Jpohan Bojer og kona Ellen med ungane Tore, Randi og Halvard.

Vuludalen av Audun Dalsegg
I Vuludalen var det fast bosetting mer for enn tusen år siden. I denne artikkelen får vi vite litt av historien til dette frodige området.

Lauving og mosetaking i Nord-Fron av Frode Erstad
Mange vinterfora dyr var det sikraste livsgrunnlaget før i tida. Avlinga vart ofte for lita til eit stort dyrehald. Derfor måtte folk leite seg fram til det naturen sjølv hadde å by på.

A/S Søtorp Brændtorvfabrik av Hans Petter Kleiven
Både på 1700- og 1800-talet var dei harde ved skogen sin i Fronsbygdene. Denne artikkelen fortel om eit lite kjent industritiltak på Sødorpfjellet. Spor og restane etter A/S Søtorp Brændtorvfabrik kan ein framleis finne.

“Hestvandring” av Eivind Holen
Få områder i arbeidslivet har vært gjennom så mange omlegginger som jordbruket. Her får vi vite om anlegg for å dra treskeverk med hestekraft.

Karen Pedersen av Tea Myrstad
Karen Pedersen eller Karn Persen, som det vart sagt til dagleg, var tenestejente for tre generasjonar på N. Bjørke.. For det fekk ho fortenestemedalje, men starten på  livet kunne ikkje ha vore stort verre.

Bygdeslaktar i over tretti år  av Oddmar Myrom
Folk har alltid måtta ta livet av dyr, anten det var husdyr eller ville dyr dei hadde som næringsgrunnlag. Ottar Øverjordet frå Ruste dreiv eit bygdeyrke som i dag er forbode ved lov.

Omgangsskulen i Skåbu og lærar Torger T. Risdal av Ole Christian Risdal
Dei gamle lærarane var autoritetar i bygdene. Oppgåvene var mange, men kallstanken var mykje av drivkrafta i tunge dagar. Ikkje minst var omgangsskulen krevjande for både elev og lærar.

Stortingsmann Ola O. Røssum av Asbjørn Ringen
Ola. O. Røssum representerte Oppland Senterparti på Stortinget frå 1969 til 1981. Skular, kultur og landbruk var viktige arbeidsområde. Han var også ein sentral mann i partiorganisasjonen.

Å vekse opp på ein prestegard av Snøfrid Skaare
“Der blev en pause i soiréen da prestens datter trådte ind, og sladderen der gikk om theen blev stum ved hennes lette trind”. Welhaven skreiv dette om Camilla Wergeland. Korleis var det å vekse opp på ein prestegard i Nord-Fron?

Ei fjelldronning – historia om Annie Balchen av Carl Henrik Grøndahl
Reiseliv og turisme har i lang tid vore eit varemerke for Fron. Dei som bygde opp denne næringa, kom ikkje alltid lett til det. Men dramatikken som Annie Balchen på Veidarvon opplevde, overgår det meste.

Årsmelding for Fron historielag 2006
Minneord Ola Rolstad
Kulturprisar  2006

Vi har mykje godt på lager!

Kjøpe Fronsbygdin?

Ønsker du å kjøpe Fronsbygdin? Det er også mogleg å abonnere på Fronsbygdin, du vil da få nyaste utgåva tilsend i posten kvart år.
Ta kontakt med Egil og oppgje kva årgang du vil kjøpe, eller om du vil abonnere.

Alle årgangar 2003–2018: kr  250,–   
Årgangar 2019–2023: kr 300,–
Årgang 2024: kr 330,–

Loading