Helge Stormorken fortel om barndom på 1930-talet

Veikledalen mot Kvamsfjellet. I dag ligg Kvam sentrum på flata. «Eit lysorgel».
HELGE STORMORKEN: Lysbilet haust og vinterstid i Kvam var eit anna. Om natta var det nesten ikkje eit ljos å sjå, ei svak lampe ved stasjonen og hotellet, som brann i 1934, og to-tre utelamper langs gardrekka hos dei som hadde «abonnert». Ein og annan var ute med oljelykta, elles var det stummande mørkt. Ingen ljos i glasa etter klokka 9-10. Da var folk trøytte av hardt arbeid, ikkje av stress som nå. Klokka 5 kom det ljos att i stugu og fjøs. Men det var langt frå flomljos. Det som var svart natt, er nå eit lysorgel.

Sør i Kvam, Hølmen.
Geografien gjer at Kvamsbygda har vore delt i Nordbygda, kalla Veikleåa eller berre Åa, Leinbakkane og Sørbygda, der dei fleste støre bruka finst, sume bratte, men med godt jordsmonn. Leinbakkane har både større og mindre bruk med bra grunn, men alle bratte og leie å drive. Åa var mest stein og skrinn jord (fyru). Derfor var det mest husmenn og jordlause som budde der. Bruka vart stort sett fråkjøpt i desse åra, på 1930-talet.
Det er store endringar på desse 70 åra. Kvam strekte seg tidlegare frå Stenseng til Selsfengslet og mellom Breden og Mehlum på andre sida. Derifrå var det langt til presten! Etter den nye inndelinga i 1965 går grensa ein kilometer sør for Sjoakrysset. Spesielt er det at bruken av itte/ikkje byter over mindre enn ein kilometer nord for dette krysset, Så nå er Kvam ei rein itte-bygd.
Det er stor skilnad på terrenget, frå dei bratte Leinbakkgardom – over dei meir moderate etter gardrekkja, til flata i dalbotn – tilhøve som har stor innverknad på motorisert drift og dermed for framtida. Jordsmonnet er stort sett bra, men steinete som elles i dalen. Så «Steinrøysa neri bakken» var det overalt, men mange er nå borte.
På Åa, arealet mellom Stor- og Vesleåa, var det noko skrinnare (fyru), men likevel bra voksterleg. Før var det opp mot 30 husmannsplassar der, men bruka var fråkjøpt før tida som omtalast her. Dei låg under søre og nordre Røssum, Veikle og Brende. Sume hadde frå ingen til fem kyr, og sume hadde geit. Mange hadde lite eller ingen jord.
Bestefar min kom frå ein av dei mange Røssummoom, den som Ivar Nordlien budde på seinare. Folektalet på Åa da var truleg under 200, nå har ny-Åa nærare 600, ein «by» med fine hus og velstelte hagar.
På kvar gard har husa endra seg. Særleg er det uthusa som er «modernisert». Nesten alle hus var svarte, bortsett frå kvite glas og ei og anna farga sval. Og talet er langt lågare. Mange gardar hadde 8-12 hus – stugu, fjos, stall, låve, sau- og geitefjos. stabbur, eldhus, skåle, do – som oftast ei halvtekkje innåt uthus. Nå er husa større og i mange fargar.
Redigert utdrag frå artikkelen «Natur og levekår i Kvam i mine oppvekstår» i Fronsbygdin 2007
Hei. Som gammel utflytter følger jeg med her .Hvordan kan jeg bestille årboka ??
Send ein epost til Marit Taarud Kirknes: [email protected]
Hvor lenge ble navnet Kvam brukt om området fra Fengselet i Bræbygda og sørover? At kirkesognet gikk dit vet jeg, men ellers har jo grendene egne navn eksempelvis Sjoa og Turrkolo. Faren min var fødd i 1911 og jeg hørte aldri han brukte navnet Kvam om grenda han bodde i.