Ivar Kleiven fortel om ljorhus som forsvann og kokhus som kom

Ragnvald Einbu: Seterreise. på Dale-Gudbrands gard
IVAR KLEIVEN: Noko arbeid på veg til setrene var det ikkje tale om i gamal tid. Det vart bygd klopper over tverråe og store bekkjer og fella over gorrblaute myrstrype og dipille. Elles har kløvvegane til setrene gjort seg sjølv med fottrakket av hest, fe og folk.
Etter kvart kom det eit glas i staden for glugge på veggen som vende mot sør på sume setre, ofte eit glas med 6 småe ruter. Så tidleg som i 1752 var det eit glas med 6 ruter på søre Nysetra i Refjellet, men det fanst ved 1800 att mange seterstuer utan glas. Nybygde seterstuer straks før og straks etter 1800-talet vart jamnt tømra med heile veggar for alle tre romma, så skuten, selsgarden, fekk heile tømmerveggar med 2 halvdører over kvarandre til inngangsdør, og gjerne ei brei heildør på veggen midt imot. Stue, sel og jemnast selsgarden og fekk golv av sagbord eller klove tømmer, og på ein av veggane vart det festa eit lite bord som kunne slåast opp og ned.

I 1814 var det framleis ljorer på setrene. Foto: Digitalt museum
Ennå var seterstuene ljorhus med langåre, og ikkje før mellom 1815-1825 vart långåra ombytt med peisomnar, store og grovmura og med ei fælt stor trevindskjæring som det hekk ei stor jarngryte på. Når ikkje gryta var ibruk, var ho svinga ut av peisen attpå veggen. Før har det mest på alle setre vore brukt store «bukjele» til ystinga, men dei var fælt dyre, og malmgryter og pannerfall seg nå mykje billegare.

Stor og grovmura peis med stor jarngryte. Foto: Digitalt museum
Nå etter at peisen kom i bruk og ljoren vart borte, fekk seterstua ofte to små glas, og i staden for brisken vart det i ei ro av stua sett ei seng nagla til veggen; tverst over stua inn til dørveggen var det ofte ein hjell til å liggje på for arbeidsfolk og andre som kom på setra.
Her fortel Ivar Kleiven meir om korleis setrene vart til.
Da det leid fram til 1835-40, vart den store gryta i peisen mura inn i selsgarden, som deretter var brukt til kokhus, og såleis vart selet eit rom «te skikkjeleg», som budeia la seg ut om å halde overlag velstelt og fint.
Den gamle, faste byggingsmåten, tre-lengde med sel, selsgard og bu, kunne ein gong imellom blir gjort avbrot på, såleis fanst det nok setre som fjoset var attåtbygd som den fjorde lenga, men det var nok reint unnatak.

Murudalssetra, Kvikne. Bilde frå Fronsbygdin 1930
Ut i det attende hundreåret vart det ofte på setrene til mindre gardar bygd seterstue med «innbu», sel og bu forutan selsgard, i dei lyt kokinga helde ved i peisen, og for den skuld kunne innbuet bli i varmaste laget til somme tider. Etter at det vart meir og meir av ysting på setrene, vart det sett opp serskilde pannhus, kokhus på mest kvar seter med ei innmura panne og jamnt to.
Frå Fronsbygdin 1930
0 Comments