Frøningar på kvalfangst av Per Ottesen
Frå 1949 til 1968 var om lag 150 frøningar på kvalfangst i Sørishavet ein eller fleire sesongar. Dei var borte frå oktober til mai/juni. Fru Rosenlund i Sødorp hjelpte mange til å få hyre.
Skodalsåa av Guri Skurdal Tofte
Vatn er grunnlaget for alt liv- og for skodølane vart Skodalsåa eitt av eksistensgrunnlaga for gardane rundt. Ho vart den mest sentrale kraftkjelda til småindustri og kreative føretak.
Bureising i Skåbu av Ole Christian Risdal
I 1938 fekk Magnhild og Lauritz Sandbakken kjøpt ein teig på 64 mål i Skåbu. Her rydda og bygde dei bruket Søreng der dei kunne flytte inn i 1940. Etter kvart vart det også campingplass.
Mat på Fron av Tori Virik Nøvik
Med rette eller urette er innlandsbygdene kjende for ein liten fantasifull matkultur. Fron har tradisjonar for kvardagskost og festmat med røter langt bakover. Framleis blir mange av dei gamle rettane nytta.
Tidlege prestar og kapellanar i Fron av Anton Tagestad
Over 70 år har gått sidan Ivar Kleiven gav eit oversyn over prestane i Fron i boka Fronsbygdin. I denne artikkelen legg ein nestor i Fron historielag fram mange nye opplysningar.
Litt om bygginga av Sør-Fron kyrkja av Anton Tagestad
Artikkelen fortel om bygginga av kyrkja fram til 1992, da ho vart innvigd.
Fondveggen på Sør-Fron kyrkje av Knut Kvidaland
Fondveggen – veggen med inngangsportalen – på Sør-Fron kyrkje har mange element. Inskripsjonar, monogram, ornament og bilde har alle si spesielle tyding.
Restaureringsarbeid på Gudbrandsdalsdomen av Bjarne Jetlund
Om lag 500 meter med sprosser og godt over 1550 glasruter er brukt i Sør-Fron kyrkje. Men også framifrå handverk treng vedlikehald, No blir ytterglasa restaurert. Arbeidet kjem til å ta tre år.
Breivegen eksisplass 1705-1869 av Ragnar Øvrelid
I over 150 år var Breivegen i Sør-Fron eksisplass for soldatar frå Gudbrandsdalen. Mange frøningar tente seg ein ekstraskilling på sal av mat og drikke til soldatane, men i 1969 var det slutt.
Kodenamn Achilles av Per Åsmundstad
Transportgruppa Achilles vart viktige for å få fram utstyr til illegalt arbeid under krigen. Nett som planetane vandrar på stjernehimmelen vandra Achilles-gruppa under Sverre Brendens leiing att og fram meir enn tjue gonger mellom Sverige og Gudbrandsdalen.
Oldfunn på Sygaard Kjorstad av Knut Stenrud Kjorstad
Sør-Fron er rik på oldfunn. Kjorstad-funnet er det det mest sentrale og rikaste. Gjenstandar med fjernt opphav og kostbart vyrke seier noko om busetnad av rike slekter her langt attende i historia.
Folkemusikkarkivet for Sør-Gudbrandsdalen av Rasmus Stauri
Det 17-18-åringar i mellomkrigstida gjorde sine eigne sko, og etter krigen dreiv med handarbeid og fann seg litteratur på skulebiblioteket, held folkemusikkarkivet for Sør-Gudbrandsdalen til i dag.
Spelmannsminne av Harald Rudi
Som fjortenåring såg Harald Rudi ein bassist som spelte saman med Jularbo på Folkets Hus på Vinstra. Seinare fekk han låne ein kontrabass som stod att etter Pål Kluften…
Da Leeds spelte på Dokkalykkja av Tor Larsen
I Sorperoa var Dokkalykkja “drømmenes teater” da gutane sparka fotball. Her fekk laga namn som Liverpool og Leedsd, og spelarane vart Kenny Burns og Bobby Charlton.
Slektsgransking – eit emne utan ende av Ragnhild Kjorstad
Mange gudbrandsdaølar har sterk ættekjensle, og slektsgransking interesserer. Denne artikkelen fortel om korleis ein kan arbeide med oppghavsrøtene sine, og kva dette arbeidet kan føre med seg.
“Froen er en ulykkelig Bygd med meget fordærvede Sæder” av Eldrid Brandvol
Eilert Sundt gjesta Fron i 1851. Her vart han sjokkert over talet på “uækte fødte Børn, og “Natteleie i Fæhusene”. Men han vart også rørt over ungdom som tok ansvar.
“Optegnelser til Fornøielser” av Per Åsmundstad
Fyrst på 1830-talet kom det eit rykte til Nord-Fron om at delar av Russland var folketomt, og at folk kunne få gardar der gratis. Nokre drog av garde for å få seg ein gard, men alle kom att.
Hytta – eit lite bruk på Vestsida av Odd Jan Skriubakken
Ofte er det historia om dei litt større gardane vi kan lese mest om. Slik er det for eksempel i bøkene til Hovdhaugen om gardar og slekter i Fron. Dette er historia til eitt av dei mindre bruka.
Kvamsjenta som vart skipperfrue av Steinar Moen
Anna Kjørum frå Kvam reiste til Bergen der ho gifta seg med Tollef Leknæs som var kaptein på skuta “Lekna”. I 1893 vart han drepen i Rio de Janeiro. Anna flytta seinare heim til Kvam.
Skuleordninga av 1742 av Ivar Myrstad
“Fundasen for Fron” – ein plan for korleis den nye skuleordninga av 1742 skulle gjennomførast i Fron – trudde alle var komen bort. Men så dukka det opp ein kopi – på eit kurs i gotisk skrift.
Ruste ungdomshus av Oddmar Myrom
I eit lite bygdesamfunn er det behov for ein samlingsstad der skjemt og arvor blir spegla av. Det skjøna rustværane, og i 1920-åra fekk dei bygd Ruste ungdomshus.
Bedhuset Zora i Lia av Gard Espeland
I 50 år var bedehuset Zoar i Lia i Sør-Fron ein møteplass for folk i grenda. Nye møteformer med sterke kjensler kunne nok verke skremmande, men nokre stod utanfor og følgde med.
Glimt frå Vulufjell- “Vuludal-Dronninga” sitt rike av Johan Dalseg
Heilt frå utgammal tid synest Vulufjell å ha vore ein kjerneområde for villrein. Fangstanlegg med talrike dyregraver og synlege minne om fast busetnad gjennom fleire hundre år vitnar om det.
Fiskarvise av Roar Jørstad
Forfattaren levde mellom 1908-1970. Han skreiv fleire 34 dikt på eige forlag i 1960, Vienvang og andre dikt. Fleire dikt har naturen som tema medan andre handlar om allmenne livsspørsmål.
Baukholsstulen i norsk politikk av Rune Gerhardsen
Familien Gerhardsen har si Fronshistorie. Denne tok til for fleire tiår sidan. Rune Gerhardsen kom til Fronsfjellet fyrst i 1955, og i denne artikkelen fortel han frå dei mange åra på Baukholstulen.
Oversyn over kulturprisvinnarar i Sør-Fron (frå 1986) og Nord-Fron (frå 1987) fram til 2003.