Ikkje for å mase, men…

Vi saknar framleis informasjon om fleire av setrene i Fron.

Seter som postkortmotiv. Brandvoldsetra med Sulseter i bakgrunnen.

Mange har svara på brevet som gjekk ut til setereigarane, og det er vi svært takksame for. Fron historielag arbeider vidare med boka om setrene i Sør- og Nord-Fron. Det er godt over 700 kjente setre på 160 ulike seterstular. Tidlegare har det gått ut brev til alle eigarane (du kan lese det her), men vi manglar framleis mange svar. Vi oppmodar alle om å sende oss informasjon om setra si, eller andre setre og seterstular de kjenner godt. Informasjonen kan du sende til [email protected], eller ta kontakt med Svein Jetlund. Alt er av interesse, men det viktigaste for oss er dei punkta som er lista opp i brevet (sjå lenken over) og da spesielt namn og alder på husa,  ca årstalet da dei slutta med ku/geit på setra, namn på budeier/arbeidsfolk, og om det er spesielle historier knytta til setra/stulen. Litt informasjon er betre enn ingenting. Les meir om seterboka her. Vi høyrer gjerne frå deg og sett pris på bidraget til det som kjem til å bli ei god og viktig bok.

Loading

0 Comments

Submit a Comment