Månad: oktober 2014

Bratland og Odenrud

http://youtu.be/A2Qg6oylEdI Historiene om ein skule og om ein mann. Sjå Gard Espeland fortelje om Olav Bratlands artikkel om Vinstra vidaregåande skule og Hans Odenruds forteljing om ein mann med ein latter som skremde ungar. Den tredje av i alt seks videoar om...

read more

Megaarden, Espeland og Grytting

http://youtu.be/jSmShBkn160 Fleire gode grunnar til å kjøpe Fronsbygdin 2014. Her kan du sjå Gard Espeland fortelje om Gamle segn og soger frå Skåbu  av Georg Megaarden,  Da det vart sleppt yngel i Fossåa av Gard Espeland og Innmarksnamn på Tåkåstadgardane av Sigurd...

read more

Skriubakken og Fevolden

http://youtu.be/dvujVgWE8eY Bli med inn i Fronsbygdin 2014 og følg Gard Espeland. Her fortel han om to artiklar: Eit lite samfunn som nesten er borte av Odd Jan Skriubakken og Omgangsskulelæraren i Langli’n av Tore Fevolden. Det kjem fleire smakebitar.

read more

Videovinnarane

Charlotte Skar vant førsteprisen på kr 5000 i historielagets konkurranse om beste lokalhistoriske video for forteljinga: Øvre og Nedre Skar. Andreprisen vart delt mellom Ivar Østby for Bestemors Heinkel og Tove Østby for Seterlivet - en verdifull skatt - med 2500 kr...

read more

Bli med på ein triveleg kveld i kveld!

I kveld kl 1900 er du velkommen til ein innhaldsrik kulturkveld på Vinstra vidaregåande skule, når Fron historielag inviterer til lansering av årboka Fronsbygdin 2014.  Og mykje anna. Dette er programmet: Vel møtt! Leiar i Fron historielag, Anders Hage Musikk ved...

read more

Du kan vinne Fronsbygdin 2014!

-Frøningane held oppe framifrå årbok-kvalitet. Det er imponerande kva årbokredaktørane får fram av stoff. Skreiv GD i fjor. Fronsbygdin 2014, er klar og blir presentert på eit ope møte på Vinstra vidaregåande skule torsdag 30. oktober, skriv Dølen. Redaksjonen lovar...

read more

Brenne eller bevare?

Når du ryddar i loft og kjeller - kva for papir skal du ta vare på for ettertida? I eit stort oppslag i Dølen seier arkivleiar Marit Hosar ved Opplandsarkivet at sjølv om mykje kan virke privat, kan det også fortelje oss noko viktig om lokalhistoria, og den er det...

read more

Halvdan Krag – ein mangslungen kar

Mange vaksne frøningar hugsar Halvdan Krag, som levde mellom 1901 og 1976. Han bygde båtar, han teikna og produserte prefabrikerte hus. Han var ein mann med humor, sjølvironi og rike poetiske evner. Han var hundre prosent frøning, men etternamnet fortel om utabygds...

read more

Meir om Segner frå Skåbu

For ei stund sidan la vi ut ein god del segner frå Skåbu. Det var altså fjerde klasse ved skulen som laga eit hefte til Tønder Bull, som takk for alt han hadde gjort for Skåbu. Elevane som var med på dette var 1919-1923-årgangar. I tillegg til å skrive segner, hadde...

read more

Storfremmon i Kvam

[youtube=http://youtu.be/zTPZOQ55U9o] Alle som reiser gjennom Gudbrandsdalen, må innom Kvam sentrum anten dei vil det eller ei. Slik har det støtt vore. Men om få år og i all overskodeleg framtid blir heimbygda mi liggjande utanom storvegen, nesten som i ei bakevje,...

read more

Jegerlarven i Skodalsåa

Jegerlarven er montert som utendørs skulpturprosjekt langs kulturminnestien ved Skodalsåa. Arrangør: Skodalsåas venner. Her vil skulpturen fungere både som utkikkspunkt, kunst i landskapet og overnattingstilbud for publikum og turgåere. Som tidligere konstruksjoner av...

read more

Kua kom laus støtt

KAARE HAGEN: Det var borti Graslia, der er setra til Hov. Dei hadde bygd nytt fjos, og der var det ein bås det ikkje fanst råd å få kua til å stå bunde. Ho kom laus støtt, anten det var natt eller dag dei batt ho. Men så kom brukaren oppå der og sa: "È ska binde ho é,...

read more

Og vinnaren er….

Tre deltakarar i finalen i videokonkurransen til historielaget. Ivar Østby fortel om "Bestemors Heinkel", eit tysk bombefly som styrta i Rustbygda i april 1940. Charlotte Skar tar oss med i møte med generasjonar som levde og drøymde i Øvre og Nedre Skar. Tove Østby...

read more

Korleis dei underjordiske vart til

KAARE HAGEN: Nå skal dykk få høyre korleis eg har høyrt dei underjordiske vart til. Det var Adam og Eva som hadde så mange ungar. Dei fekk besøk av Vårherre ein gong, og dei syntest det var skam å ha så mykje ungar. Dermed gøymde dei nokon av dei nede i kjellaren. Da...

read more

Det Qvambske Compagnie Destrect

"Militært Vei-cart over Det Oplanske Infanterie-Regiments 2den Nationale Batalion, Det Qvambske Compagnie Destrect. Cartet er som befalet tegnet efter Øÿe-Maal Aaret 1805 af P L Stiboldt. Compagniets heele Længde i alt 6 mil 5625 alen". Den som er interessert i gamle...

read more

Tamrein i Fronsfjella

IVAR KLEIVEN: I 1840 eller deromkring vart det freista med å halde tamrein på Fron. Det var nokre som slo seg i lag og kjøpte ei drift av Rørosfinnane, men det gjekk ikkje rart med desse tiltaka, kva det nå kunne vera som var skulda. Ulven var stygg her i dalen denne...

read more

Namn i Fron: Lia

BRIT NILSEN: Grenda Lia på vestsida av Laugen går frå Ringebugrensa til Skodalsgrenda, og namnet er laga av naturgrunnordet li, som altså betyr "skråning i fjellsida, oftast skogkledd." Vanlegvis er slike mykje brukte naturgrunnord samansette for å peike dei tydlegare...

read more

Ormen og Svartboka

Det var Heilag Olav som forbaud ormen  å “vise seg mellom Jolun og Golun, mellom Hågåhaugen og Laugen”. Men kvifor er det ikke orm i Søre Lia? Jo, det hadde seg slik: Det var to karar som skulle åt vedskogen oppi Kampen. Da dei hadde drivi på ei stund, vart dei...

read more