Artiklar
Korleis såg Vinstra ut kring 1900?
Det og fleire spørsmål kan du få svar på om du blir med på markvandring - eller nærare sagt - byvandring gjennom Nedregata på Vinstra sundag 14. juni kl. 12.00. Reguleringsplan for området rundt Vinstra stasjon frå 1898. Planen er teikna av frå bygningsrådsprotokollen...
Markvandring i Skåbu måndag 4. september!
Historielaget arrangerer markvandring ved Olstappen i Skåbu i kjølvatnet av dei arkeologiske utgravingane. Orientering ved arkeolog Hildegunn Ruset. Kaffi og biteti på Slangen Seter. Buss frå Coop Mega, Vinstra kl. 17.30.
Vil du vite korleis Peer Gynt vart til?
Kom til Veidarvon seterstue seks km sør for Gålå ved Peer Gynt-vegen søndag 6. august kl 1430. Historikar Narve Fulsås har sett nærare på breva som Henrik Ibsen skreiv, da han dikta fram historia om denne frøningen. Han er professor i historie ved Universitetet i...
Per Gynt på bygdatunet!
Den lokalkjende historieforteljaren Reidar Stangenes tar deg med på ei vandring laurdag 5. august frå Peer Gynt-huset til Per Gynt-steinen ved Sødorp kapell. Ei hyggeleg og uformell vandring der du blir nærare kjend med den sagnomsuste Per på Hågå, modell for Ibsens...
Bli kjent med Nysetra i Ruste!
Tysdag 1. august kl. 18.00. Frammøte ved krysset Voll-Sand. Ta med kaffi og litt å bite i. Det blir kaffirast på setra. Turleiarar: Johannes Lunde og Anders Haugen.
Markvandring Sandstjønn-Sand 15. juni
Torsdag 15. juni kl. 18.00 blir det markvandring i området Sandstjønn-Sand. Vi parkerer bilane ved avkøyring til Auretjønna. Frå der går vi til Sandstjønn og vidare til Sand. Gode sko er ein fordel. Dei som vil ha ein lengre tur parkerer på Voll og går frå der. Da...
17. mai 1940
Ole Chr. Risdal: 17. mai 1940 var sjølvsagt ein nasjonaldag heilt utanom det vanlege. Tyskarane hadde gått brutalt laus på det vakre landet vårt. Folk var i sjokk, panikken og kaotiske tilstandar rådde. Dette er viktig å tenke på når vi i dag kan feire 17. mai i fred...
Frigjeringsdagen
Ole Chr. Risdal: Tradisjon tru vart frigjeringsdagen markert med kransepålegging og honnør på Kvam kyrkjegard og i Fredsparken. Les meir i Dølen. Sjå også NRK-programmet "Norge er atter fritt".
Bli med til Heggerud!
Og sjå kva dei let etter seg, dei russiske offiserane Russiske offiserar budde på Heggerud Gard på Harpefoss vinteren 1917-18, etter at dei flykta frå den russiske revolusjonen. Dei sette spor etter seg. Dei laga eit hageanlegg det er lett å sjå spor etter nå tidleg...
Vi må aldri gløyme 9. april!
Ole Chr. Risdal: I dag er det 77 år sidan det tyske angrepet på Noreg. No er vi opptekne av andre utfordringar og står overfor andre trugsmål , men uansett må vi aldri gløyme kva som skjedde med landet vårt den 9. april 1940. I og med at NRK og andre kanalar ikkje...
Triveleg årsmøte på Harpefoss
Ole Chr. Risdal: Rundt 40 personar deltok på årsmøtet til Fron historielag på Folkets Hus på Harpefoss. Endring av medlemskontingenten og oppattaking av æresmedlemskap var noko av det som stod på agendaen. Anders Nustad (kasserar), Knut Ulberg (nestleiar) og Kåre...
Snart tid for årsmøte!
Nå er det på tide å melde seg inn i Fron historielag! Eller betale medlemskap for 2017, for da kan du bli med torsdag 6. april - veka før påske, når styret ønskjer velkomen til årmøte kl 19 på Harpefoss grendahus. Ein triveleg kveld med vanlege årsmøtesaker, biteti...
Kva fann dei da dei bygde E6?
Det får du vite på Dale-Gudbrands gard 31. januar Nye E6 førde også med seg arkeologiske utgravingar. I Fronsbygdin 2013 finn du artikkelen Fra Frons eldre historie, skrive av Ingar M. Gundersen på bakgrunn av utgravingane. Noko av det han fann: Allerede for omkring...
Takk for laget i året som gjekk
Av ein eller annan grunn har ikkje heimesida til Fron historielag slått an på Svalbard, Grønland og i nokre land i Afrika i 2016. Frå dei grå landa har det ikkje vore nokon inne her. Elles har det vore besøk frå dei fleste land i verda, m.a. New Zealand, Iran og Irak,...
Kjenn på boka – og kjøp ho
Fronsbygdin 2003 - 2015 for berre kr 100 på Rudi-markedet søndag Frå kl 12 til 16 søndag 4. desember kan du bla i og sjå og kjøpe alle årgangar av Fronsbygdin i Rudilåven. Saman med anna håndverk, kunst, mat og trivleg førjulsstemning. Og med mange andre utstillarar...
Rekord i november?
Du har fått det med deg? At årets bestseljar er i butikkane? Det er like før det er rekord i sal av Fronsbygdin i november hos Libris Vinstra. Har du sikra deg boka? Her kan du sjå lanseringa.
Hugs farsdagen!
Gje han Fronsbygdin, så roar han seg ned -Fronsbygdin er er unikt oppslagsverk. Her finner du informasjon om bygdesamfunna i Fron som du ikke finner andre steder, skriv Tor Larsen i meldinga i Dølen. Og legg til at dette er ei av dei betre Fronsbygdin. Han gir ôg...
Slitar, prest og forgifta trollkattsmør
Her er innhaldet i Fronsbygdin 2016: I butikkane eller frå Marit Taarud Kirknes: [email protected]. Her kan du vere med på lanseringa.
– Ho er kvit, men ikkje oskuldig
Her er lanseringa av Fronsbygdin 2016 på fire minutt https://youtu.be/6Wl2-Orp2uU Meir enn 70 møtte fram til kulturkveld på biblioteket Vinstra for å ta imot årboka. Og salget gjekk unna. Nå er boka i butikkane - eller du kan få ho ved å sende epost til...
Hol i bokylla?
Manglar du nokre årgangar av Fronsbygdin? Når du kjem på lanseringa i biblioteket på Vinstra torsdag 3. november, kan du gjere eit kupp. Der får du kjøpt gamle Fronsbygdin for berre kr 100! Her finn du innhaldet i bøkene.
Leiter du etter oldemora di?
Slekt og data Oppland held kurs 7., 14. og 21. november kl 18:00-21:00: Lærerikt og spennende nybegynnerkurs i slektsforskning. Lær hvordan du finner fram i kildene., og hvordan begynne din jakt etter forfedrene. Tema vi gjennomgår er genealogiske ressurser,...
Send melding til Marit
Så får du Fronsbygdin 2016 i postkassa Vil du ha årboka Fronsbygdin 2016 tilsend i posten, meld frå til Marit Taarud Kirknes, epost: [email protected] I år kan du mellom anna lesa om Hans J. Sandbakken i Nedre Sødorp, ein av dei siste mjølkeprodusentane på småbruka i...
Eit levande rom på Hundorp
https://youtu.be/rGfsj9YouPU I det nye rommet Mimes brunn på Hundorp kan alle sette seg rundt eit bord og tenkje og trivjast og oppleva den rike skulehistoria. Måndag 10. oktober vart det nye møte- og dokumentasjonsrommet på Dale-Gudbrands gard opna. Her er GDs...
Passivitet og bygdesladder
Ordføraren prøvde, men fekk det ikkje til CARL HENRIK GRØNDAHL: Det er ikkje alltid så lett å ta initiativ. Ivar Kleiven kalte Fron-historieboka si for Fronsbygdin i 1930. Da historielaget tok til å gje ut årbok i 2003, var det berre rett og rimelig at den tradisjonen...
Noko å sjå fram til!
Fronsbygdin 2016 levert frå trykkeriet Han er vel nøgd, redaktøren av Fronsbygdin, Rasmus Stauri, med boka som kjem i år. -Her er noko for alle - om oppvekst på eit småbruk i Ruste, om ein frøning i gapestokken og hærverk på Prinsehytta i Sikkilsdalen. Mellom anna....
Ettertrakta bok!
Einar Hovdhaugens viktige bok frå 1974, Gardar og slekter i Fron i to bind, utgjeve av Fron historielag, er no til sals på eBay for omlag 2200 kr. Eller du kan få dei på amazon.com for ikkje mindre enn $280. Ikkje dårleg. Bind 2 om Nord-Fron er utseld frå...
Vel møtt på Heggerud!
Historielaget inviterer til markvandring tysdag 6. september Her budde sorenskrivaren og russiske offiserar. Hit flytta dei hus frå nikkelverket i Espedalen. Her er det gamle fangstgraver. Bli med på markvandring og få spennande gardshistorie om Heggerud gard tysdag...
Meir om markdagen
Ole Chr. Risdal: I juni vart det arrangert ei markvandring frå Feforosen til Voll. Viss du vil vite meir om det dei fortalde om på turen, kan du lese artikkelen "Golo - ei elv i Ruste" av Anders Haugen. Den er å finne i Fronsbygdin 2014. PS! Lodver og Anders er i ferd...
Vellykka markvandring
Turen frå Feforbua til Vollsdammen torsdag kveld blei svært vellykka. I alt 44 personar hadde pakka sekken sin og reist til fjells denne fine førsommarkvelden. Primus motorar og kjentmenn på turen var Lodver Bryhn og Anders Haugen. Dei innehar svært mykje...
Gåtur frå Feforbua til Voll onsdag 8. juni kl. 18.00
Frammøte ved Vollsdammen, der vi parkerer. Vi fyller opp bilane og køyrer til Feforbua. Vi går frå der, om Auretjønna til Voll og ser på merke etter «gameldågå». Det vere seg vassregulering, sagtomter, gamle setervegar og fiskedammar. Ta med kaffi eller noko anna å...
Alle vegar fører til Skar
https://youtu.be/6r8Hld-wVs8 Søndag 5 juni fører alle vegar til Øvre Skar. Der vi vil markere at eldhuset og stabburet i Øvre Skar nå er ferdig sett i stand til turbruk. Du kan kome til Skar ved å følgje DNT stigen frå Solbrå og opp lia, eller følgje traktorvegen frå...
![]()



