Artiklar
Butikkar i Skåbu. Ei korrigering
Ole Chr. Risdal: I artikkelen om butikkane i Skåbu i Fronsbygdin 2025 er det dessverre ei misvisande tekst til dette bildet. I boka er det berre Timann Heide som er knytt til bildet, men her er det sonen Kristian som sit ved rakefiskbuttane. Teksta skulle vere slik:...
Egil har berre 80 bøker att!
Snart tomt for Fronsbygdin 2022 "Kvinnfolka trimme så det ligg att berre feitt-reinna ette´ døm!" Det sa dei eldre karane da trimbølgja kom til Fron i 1970-åra. Og alt dette har Tine Slang skrive om i Fronsbygdin 2022. Egil Myhre, boksalsjefen i Fron historielag,...
… sa´n Albert Lisbetstugun
Mykje å kose seg med i Fronsbygdin 2022 Har du sikra deg boka før ho vert utseld? Finn du ho ikkje i bokhandelen eller i daglegvarebutikken i området, ta kontakt me´n Egil. Han skaffar deg boka med ein gong! [email protected].: 970 67 723
Tormod søkjer i fortida
Kjøpte første metalldetektor i 1999 Tormod Bråten er ny leiar i Fron historielag. Her er ein reportasje tidlegare leiar Ole Chr. Risdal skreiv i 2015 - om alt Tormod har funne med detektoren sin: OLE CHR. RISDAL: Tormod Bråten frå Vinstra har ein særs spennande hobby....
Landbruks- og kulturhistorie frå Vinstra
Ny bok frå Bjørn Loe! I fjor gav han ut bok om faren sin, legendariske dyrlege Loe. No har han skrive ein biografi om mor si. Med utsikt til gardane Lo, Bø og Sygard Kongsli fortel han landbruks- og kulturhistorie frå Vinstra. Her skriv han også om sin eigen karriere,...
Mannen med detektoren
Møt Tormod Bråten, nye leiaren i Fron historielag Første oppgåva som leiar i historielaget: Velkomen til boklansering! Når du held ei spenne i handa - du veit at du er den første som ser ho og kjenner ho på 1500 år - det er ei spesiell kjensle. Seier Tormod Bråten,...
Nye redaktørar i Fronsbygdin
Geir Paulsrud og Erling Skurdal tar over i 2024 Dei to nye redaktørane Erling Skurdal (t.v.) og Geir Paulsrud vart presenterte av gammeredaktøren Rasmus Stauri.på lanseringa av Fronsbygdin 2022. I Fronsbygdin 2003 finn du desse artiklane: "Ole Johannesen – askeladden...
Bli med Per Tofte på dans!
Her er innhaldet i Fronsbygdin 2022 Og finn du ikkje boka i ein butikk nær deg. eller får du ikkje ein ihuga seljar på døra snart, ta kontakt med Egil Myhre: [email protected] eller tlf.: 970 67 723 så kjem boka i posten så snart råd er.
Smekkfullt hus og mange godord
Da Fronsbygdin 2022 vart lansert https://videopress.com/v/RZm6r4HK?resizeToParent=true&cover=true&preloadContent=metadata&useAverageColor=true Janne Urkegjerde, Synne Kjøk og Hanne Kjøk frå landslina i folkemusikk ved VVS fekk opp temperaturen på...
Ny leiar i Fron historielag
Tormod Bråten tek over etter Egil Myhre Tormod Bråten jobbar som elektrofagslærar ved Vinstra vidaregåande skule. Utdanna elektroingeniør. Likar å halde på med friluftsliv, historie, slektsgransking og metallsøking. Du treff den nye leiaren på lanseringa av...
Redaktøren ser nøgd ut
Mykje tyder på at han gler seg til lanseringa Redaktør Rasmus Stauri avslører fargen på Fronsbygdin 2022 i Dølen før lanseringa torsdag 27. oktober kl 19 Biblioteket Vinstra
Her blir det triveleg!
Kvinna i mjølkebilen
Du møter ho i biblioteket på Vinstra torsdag 27. oktober Den kvinna som tittar ut gjennom vindauget på mjølkebilen. Kven er ho? Ta turen torsdag 27. oktober kl 19 til biblioteket på Vinstra. Der kan du få Fronsbygdin 2022 i handa for første gong. Det er alltid...
Amor i beksøm
Slår til torsdag 27. oktober! Vel møtt på biblioteket Vinstra kl 19!
Nå er også Vinsterlia med
i oversikten over gardsbruk i Skåbu Vinsterlia er no lagt til i Skåbu i Utvida norske gardsbruk på denne heimesida. Det gamle pensjonatet har vore eit landemerke i bygda i over 100 år. Sjølv om det ikkje har vore drive noko jordbruk her, så har det iallfall vore...
Givande markvandring på Lomsetra
Vel 50 personar møtte opp til markvandringa på Lomsetra førre sundag. Det blei ein svært triveleg og innhaldsrik dag. Det var som vanleg Anders Haugen og Lodver Bryhn som stod bak dette. Dei hadde alliert seg med Jan Karenstuen, Ragnar Thor Mariasson og Olaf Nøkleby...
Triveleg og interessant bygdekveld i Kvikne
Det blei ei fin stund da Fron historielag arrangerte bygdekveld i Kvikne onsdag kveld. Det heile starta med at Kristian Ekre viste oss rundt i den nyrestaurerte kyrkja. Han delte av sin breie kunnskap og vi fekk god forståing av korleis restaureringa hadde foregått....
Opplev Borg bygdemuseum og Kvikne-kyrkja!
Og bli medlem i historielaget 🙂 Her er sjølve "hovdingen" på Borg, Olav T. Åsmundstad. Han får du høyre meir om! Onsdag 24. august kl 1800 får du nok ein god grunn til å melde deg inn i Fron historielag, for berre medlemmer i laget kan vere med på dette: Oppleve...
– Det mest imponerende dyrkingsfeltet!
Bli med til Lomsetrene på markavandring Slåttekarar på Lomsetrene sommaren 1968: Engebret Klypen, Ottar Flatmoen, Ragnvald Frøyse, Pål Kristiansen, Ole Skogen, Sverre Båtberget, Ottar Randen, Hans Karenstuen, Odd Tarud, Ottar Karenstuen, Nils Slåen, Thor Slåen, Arne...
Gåtur i Kviknebaklia torsdag 7. juli kl. 18.00
Frammøte ved Huskelia. Dei som vil ha ein lengre tur, parkerer bilen i Huskelivegen og går nordover. Vi startar turen ved Huskelia kl. 18.00 og held ei orientering. Det vil bli synt fram og fortalt om dei 8-10 plassane som på 1800-talet låg etter denne vegen. Ta med...
Namn i Fron: Ruste
«Skogvaksen jord eller bergrygg» BRIT NILSEN: Bygda Ruste ligg på vestsida av Laugen og strekkjer seg frå grensa til Sør-Fron og nordover til elva Vinstra. Dette namnet er truleg eit opphavleg bygdenamn. Ordet ei rust er kjent i fleire dialektar med tydinga "ein...
Gamle vegar i Fryaområdet
Sundag 29. mai blir det tur med omvising/orientering langs gamle vegar i Fryaområdet ved vegekspert Geir Paulsrud og lokalhistorikarane Gunnar Lien og Jon Ødegård. Frammøte og parkering ved tidlegare Fryatun kl.12.oo. Ta med litt mat og kaffi på turen. Dette er eit...
Dei bygde eit tun, og du er velkommen!
Open dag på bygdatunet Milsteinstugu 4. juni Stikk innom bygdatunet laurdag 4. juni etter kl 12 ein gong. Du får kaffi og biteti og eit godt stykke historie. Entusiastane som bygde dette tunet på Sødorp, ville få til eit husmannsbruk med dei husa og det utstyret som...
Fron historielag: ein million besøk
Redaktøren vil berre gjere merksam på at ein milepæl er passert på denne heimesida. Sidan starten 13. april 2013 er det nå registrert over ein million klikk. Frå så å seie heile verda.
Ny leiar og nestleiar i historielaget!
Ny leiar Egil Myhre og ny nestleiar Tormod Bråten Egil Myhre har tatt på seg oppgåva som ny leiar i historielaget etter Ole Christian Risdal. Egil er født 1960 på Kvam. Fabrikkarbeidar og bur på eit lite småbruk. Av interesser kan nemnast friluftsliv, historie og...
Fin måte å feire Sankhans på!
Kveldskurs med Michael Heim og Mildri Een Eide Her kan du lære mye! Michael Heim og Mildri Een Eide. Nå kan du bidra til kulturhistoria! Bidra til at vi tar vare på fornminne. Sankthansaften, torsdag 23. juni holder fylkesarkeolog Mildri Een Eide og Michael Heim,...
Jakta på matklokkene er i gang!
Send epost eller sms til Marit Håkenstad Matklokka på Nordre Grytting. Foto: Kjell Grytting Johannes Brandvol registrerte matklokker i Sødorp ein gong på 1990-talet. Sjølv har han ikkje resultatet. Veit du noko om dette? Kven kom oppdraget frå? Kven vart denne...
Kvar vart det av matklokkene?
Historielaget treng di hjelp Klokketårn frå 1859 på Hundorp. Foto frå Wikipedia Det må ha vore godt å høyre matklokka. Arbeidsfolk som var ute på aker og eng, fekk varslet: Nå er det kvile og mat. Det var mange matklokker i Fron. Men bruken tok slutt på 1950-talet....
Kven blir ny leiar i historielaget?
Ole Christian Risdal takka av på årsmøtet Vel 50 var til stades på årsmøtet i Fron historielag da Ole Christian Risdal vart takka av etter 10 år i styret, dei siste tre som leiar. Det nye styret 2022-2023: Frå venstre: Ragnhild Wadahl, Tormod Bråten, Åge Jevne...
Bli medlem i historielaget!
Så blir du med på et gildt årsmøte onsdag Over 50 000 les på denne heimesida kvart år. I 2021 hadde historielaget 266 medlemmar. Det er altså berre 0,5 prosent av alle som har glede av denne sida. Og snaut 8 prosent av dei som følgjer Facebook-sida til laget er...
Årsmøte i Fron historielag
Det blir årsmøte i Fron historielag i gymsalen på Dale-Gudbrand onsdag den 6. april kl. 19.00. I tillegg til vanlege årsmøtesaker blir det foredrag ved berggrunnsgeolog Michael Heim. Han er pensjonert fyrsteamanuensis ved NMBU i Ås. Foredraget heiter "Nye funn av...
![]()













