Artiklar
Eg håpte det snart ville kome eit nytt gravøl
Ein barndom på eit av dei dårlegaste bruka i Sødorp OLA KLÅPBAKKEN: Øyakleiva heiter eit lite nedlagd bruk øvst oppe i Sødorp. Dette er barndomsheimen til Magnus Været, og her budde han fram til 1957. Då vart bruket nedlagt og fråflytta. Fredag 28. juni 1929 kom dei...
Kom til ei uoppdaga perle!
Mykje å få med seg i Kvikne 5. juni Du får sjå og høyre Ola Masseng Sylte fortel om museet Borg, du får med deg Kviknekyrkja, historia og restaureringsarbeidet, Kristian Ekre fortel. Camilla Granlien syng, Roger Slåstuen spelar slåtter frå Kvikne og Skåbu -. og ikkje...
Fridtjof Nansen på Gålå
Det er vel kjend at Fridtjof Nansen var på Fefor som skilærar for kong Haakon og sonen i åra 1907 til 1914. Truleg var det for at majesteten skulle få seg høveleg lunsj at dei bygde hytta på veg mot Ruten, den som nå heiter Haakon VIIs hytte. (Du kan vere med på sårt...
Gratulerer med dagen!
17. mai på Vinstra i 1914. Legg merke til fana fremst i toget, tilhøyrande Vinstra skytterlag. Frå bildesamlinga etter Herman Olsen. Fotograf: H.H. Lie.
Skei til Gålå for 105 år sidan
På Lauvåsen for 105 år sidan Her - https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digifilm_814675_20211022 - kan du sjå ein storarta film frå 1920, der bilturen går på det som meir enn 30 år seinare skulle bli Peer Gynt-vegen frå Skei til Fagerhøy, Lauvåsen og Gålå. Berre å kose...
Markdag i Ryssland
Vi inviterer til markdag i Ryssland, laurdag 24.05.25. Oppmøte på parkeringa til Rudi gard kl. 12.00 Utsikt over Ryssland med Rolstad og Gryttingsgardane, og Skodalsgrenda i bakgrunn. Bildet er teke ved hovudstoppen på markvandringa ved Nordgard Tåkåstad. Pål Kjorstad...
Frigjeringsdag
Vigdis Kleiven Sveen: Her øver alvorlege Sødorpelevar på sitt fyrste 17.maitog på fem år, og ei treårig linselus fylgjer med! Gratulerer med dagen! Fotograf: Paal Kleiven. Bilde utlånt av Vigdis Kleiven Sveen.
Fron ysteri og garden Orvoll
Fron ysteri og garden Orvoll eller Odenvollen i framgrunnen. Det raude huset på Ordvoll vart kalla Kooperativen, etter det som truleg er Sør-Frons fyrste førsøk på å starte ein kooperativ butikk. Veit du noko om dette, så sjå innlegget vi har lagt ut på heimesida og...
Veit du noko om Kooperativen?
Fron ysteri og Odenvollen (Orvoll) til venstre. Bilde frå midt på 1960-talet. Gunnar Lien: Martin Sveiverud (1860-1932) og kona Antonette Sveiverud (1855-1933) flytta frå Åsmarka i Ringsaker til Sør-Fron ein gong mellom folketeljingane i 1910 og 1920. Dei flytta...
No er det klart for konfirmantane
Tysdag var det dugnad på Fron bygdatun, og 11 arbeidslystene medlemmar møtte fram med rive, vaskebytte, støvsugar og traktor. No er tunet rydda og fint til konfirmantane skal forevigast. Det vart vaska og pynta i stuggu frå Søre Skogen, og renna åt oppgangssaga frå...
Dugnad på Fron bygdatun
Tysdag 29. april frå kl. 17. No er det snart konfirmasjon i bygda vår, og da ønskjer mange å ta bilde på Fron bygdatun. Tysdag 29.04.25 frå kl. 17.00 ønskjer vi å gjere det fint for desse konfirmantane og inviterer til dugnad. Ta med rive og møt opp for ei god...
Utsikt frå Liabakkin
Utsikta frå Liabakkin er det ikkje noko å seie på, sjølv om det kunne vera tungt å ta seg opp hit. Foto: Jac Brun 1959. Kjelde: Nasjonalbiblioteket.
9. april 1940
Klukka 04.26 gjev kommandanten på Oscarsborg festning, Oberst Birger Eriksen den korte ordren: "Det skal torpederes". Dette skjer etter at kanon ein og kanon to har fått inn kvar sin fulltreffar på den tyske kryssaren "Blücher" og klukka 06.21 synk "Blücher" i...
Torgerhaugen
Torgerhaugen i Skurdalsgrenda, Sør-Fron. Bildet er retusjert med blå feittstift før det skulle lagast postkort for Gudbrandsdalen Bokhandel, såkalla G.B. kort blant samlarar. Bildet er frå samlinga etter Herman Olsen, som arbeidde på Gudbrandsdalen Bokhandel. Foto:...
Årsmelding 2024
Illustrasjonsbilde: Sødorp kyrkje (bygd i 1752) på si opphavlege plassering i Sødorp. Foto: Simen Baardseth, før flyttinga i 1908-1910. Årsmelding for Fron Historielag 2024Download
Vik i Kvam
Bilde teke av Knud Knudsen (1832-1915) ved Vik i Kvam. Vi kan sjå gravstøtta til Sinclair heilt til venstre med potetåker på den gamle kyrkjegarden ved Vik. Bildet er datert mellom 1900 og 1902, men det kan ikkje stemme, da jernbana ikkje er bygd når bildet er teke....
Inn kjem Slåstuen og Steig
Godt årsmøte i historielaget Omlag 40 møtte fram på historielaget sitt årsmøte på Kyrkjeteigen torsdag 27. mars. Nils Christian Steig og Roger Slåstuen er nye i styret. Ut gjekk Marit Håkenstad og Åmund Bækken Blakar. I tillegg til dei to nye sit nå desse i styret:...
Hugs årsmøte!
Vi minner om årsmøtet i morgon, torsdag 27.03.25 kl. 19.00 på Kyrkjeteigen, Kvam. Foto frå Klevstad teke rundt 1890 av Knud Knudsen. (Frå samlinga etter Herman Olsen)
Fiskdalseter
Setra til Nordgard Tokse på Fiskdalen, med det opphavlege vasshjulet. Det gjekk reim frå vasshjulet og bort på veggen til selet, som dreiv røreanordninga for dei store ystepannene på setra. Smia til venstre og selet står likeins i dag, mens vasshjulet er erstatta av...
Harpefoss stasjon?
Ei utfordring til følgjarane våre. Kor er dette bilde i frå? Fotografen er Anders Beer Wilse, og i følge opplysningane til bildet, er det teke 01.11.1912, men det passer ikkje med teksta: "Prot: Paasketur - Skyds møder ved Vinstra". Vi trur at bildet er frå Harpefoss...
Han følgde jenta heim i sprengkulda
Kva ein tolvåring fekk høyre over kortspelet PER TOFTE: Eg satt samankropen i senga oppe på karrommet. Kortspelet gjekk rutinert med slag på slag i bordet og eit avgjerande dunk når når fila vart lagt på til siste stikk og kortrunden var vunnen. Hundre og ein var det...
To uthuse, Fron
To uthuse har Robert Collett (1842-1913) kalla dette bilde, som skal vere frå Fron. Robert Collett var utdanna Zoolog og reiste mykje rundt for å fotografera dyr, særleg fuglar, men og menneskje og natur. I den store samlinga med bilde etter Collet, finns fleire frå...
Årsmøte torsdag 27.03.25
Kyrkjeteigen, Kvam kl. 19.00. Velkome både nye og gamle medlemmer til årsmøte i Fron historielag på Kyrkjeteigen i Kvam, torsdag 27.03.25 kl. 19.00. Det blir vanlege årsmøtesaker og enkel servering. Rasmus Kjorstad og Erik Bjørke vil spela og fortelja om gamle leikar...
«Fron Gudbrandsdalen»
Foto teke av Narve Skarpmoen truleg tidleg på 1900-talet. Skarpmoen var i Kvam å fotograferte i 1905, og bildet kan vera teke på den same turen oppover dalen. Den fremste karjolen tilhøyrar nok Skarpmoen, da den finst på fleire bilde frå Fron. Kven som står ved kjerra...
Torger Iverstugun i ord og tonar
Rasmus Stauri: Han var så mangt. Spelemann, innsamlar av folkemusikk frå Gudbrandsdalen, lyrikar, småbrukar, politikar, samfunnsbyggjar, ordkunstnar, bygdamenneske og meir til. Ein som brydde seg lite om bygdabøygen, men som gjekk sin eigen veg og arbeidde for det han...
Gudbrandsdalsseminaret – No kan du melde deg på
For å sjå program og melde deg på, kan du klikke på bilde eller her
Hundorp sundstad rundt 1920
Hundorp sundstad var i bruk fram til Hundorp bru vart opna i 1925. Bildet er teke av Conrad Alfred Øhlckers, som eigde småbruket Nybakk i Sødorp frå 1920-1928. Vi har fått bildet av sonesonen Harald Øhlckers, som har scanna det frå den originale glasplata.
Nord-Fron bibliotek onsdag 5. mars kl. 19
NAZISME: I siste utgåve av Årbok for Gudbrandsdalen skriv Egil Ulateig ein lengre artikkel om nazisten, rektoren og dølen Johs. Myhren (1915-2011) frå Harpefoss i Sør-Fron. Johs. var aktiv nazist under krigen som stabsleiar for Nasjonal Samlings Ungdomsfylking. I 1959...
Skåbu bygdahus 70 år
OLE CHR. RISDAL: I går var det 70 år sidan den offisielle opninga av Skåbu bygdahus. Det gamle forsamlingshuset i bygda stod på grunnen til Søre Risdal, nærare bestemt ovanfor bruket Bjørkheim (Raudhuset). Det offisielle namnet på det var «Jotunheimen», men i...
Sødorp ein seinsommardag i 1896
Sødorp med Brandvols-gardane og Sødorp kyrkje, på si opphavelege plassering. Bygd i 1752 og fløtt over elva til si nåverande plassering i 1910. Legg merke til dei store steinrøysene som truleg er etter oppryddinga frå Storofsen. Bildet er teke i 1896. Foto: H.H. Lie /...
Velkome til ny heimeside
Bygdatunet i kveldssol Endeleg er den nye heimesida klar. Det har teke noko lengre tid enn vi forventa, men så meiner vi at resultatet også har vorte bra. Vi må rette ein stor takk til Rebecca på Krible, som har stått for oppbygginga av sida. Ho har hatt eit svært...
![]()






























