Denne treguden!

RASMUS STAURI: Frå Maihaugen 1958, da Sør-Fron hadde ansvaret for St. Hansfesten. Spelet om Dale-Gudbrand av Are Stauri vart framført med lokale aktørar. Frå venstre: Torleiv Helling (Tord Istermage), Are Stauri (Dale-Gudbrand), Hans Forr (Kong Olav), Johan Rudihagen...

read more

Fron spelemannslag på NRK

I 1974/75 var det faste radioinnslag frå den legendariske Heide-butikken i Skåbu. Det var NRK-mannen Arvid Møller som laga desse programma. Han hadde hytte i fjellbygda og kjende såleis bygdefolket godt. På butikken intervjua han forskjellige personar som var innom....

read more

Ord for dagen

PAUL HENRIK HAGE (frå FB-sida til Fron mållag): Å lage = å prate (mest laust og utan innhald). Å lage ved nokon. Å lagest ved. - Ordet har truleg samanheng med det jyske lave = ymte, meine, tru. Å lage er brukt i Gudbrandsdalen, Folldalen og på Hedmarken. Hemte bær -...

read more

Singer sykurs

Singer lærte dølajentene å sy, og banken stilte lokaler til rådighet. Dette bildet er fra Harpefoss. (Frå boka Bank i bygd og by)

read more

Ordtak i Fron

RASMUS STAURI: Ordtak er samla livvisdom i konsentrert form. Fleire av desse ordtaka lever i dag, men mange er sjølvsagt ikkje lenger i levande bruk. Fleire av dei motseier kvarandre, men det er vel berre eit uttrykk for kor mangfaldig opplevinga av livet er? Lær dei...

read more

Knut Kvidaland og Sør Fron kyrkje

RASMUS STAURI: Tidlegare sokneprest Knut Kvidaland i Sør-Fron døydde brått  på ei tenestereise til Bangladesh nyleg. Les minneord. Han vart berre 52 år. Familien reiste frå Sør-Fron i 2009, men kom ofte attende til bygda på besøk. Knut og kona Berit og dei tre gutane...

read more

Stemnepause

RAGNAR ØVRELID: Dei første Per Gynt-stemna i 1928 og 1932 var svært personavhengige. Dei kvilte for ein stor del på entusiasme, initiativ, kontaktnett og organiseringsevner hos Pål Kluften. Kanskje gikk han trøtt, kanskje hadde han ikkje tid og råd til å ofre seg for...

read more

Om Peer og Per

RAGNAR ØVRELID: Ibsen gav sin Peer to e-ar, fordi han etter regelen brukte ein ekstra e når vokalen var lang. Ibsens Peer er grei nok, han er diktarens eigen skapning, i mangt bygd på Goethes Faust, og på lokale tradisjonar og skrøner frå Gudbrandsdalen. Den lokale ...

read more

Veving

Det var ikkje berre maten dei måtte produsere sjølv før i tida. Dei måtte også lage klede for å halde varmen. Vadmålsklede (ullstoff) var særleg viktig i så måte. Veving er ein viktig teknikk i produksjon av tekstilar. Her fortel Anna Tokse (f. 1904, Nigard Skoe) og...

read more

Vikingane kom først

Om ei veke brakar det laus med siste framsyningane av Svein Sturla Hungnes sin Peer Gynt på Gålå. Berre for å minnast korleis det tok til: Ikkje med Peer Gynt, men Ibsens ungdoms- og vikingedrama Hærmennene på Helgeland i Kåja i 1928.

read more

Iren Reppen til stemnet

Iren Reppen er tilsett som ny kunstnerisk leiar for Peer Gynt-stemnet. Alt vert nytt. Ikkje ein gong Peer på fronsmålet er freda, seier ho til Dølen. Dermed er Svein Sturla Hungnes på veg inn i historia.

read more

Loading