-Historia blir levande

Fronsbygdin 2014 maktar på ein heilt annan måte også å fengje ein yngre generasjon av lesarar enn det som sume gonger har vore tilfelle, skriv redaktør Bjørn Sletten i Dølen. Årsaka er at fleire av artiklane denne gongen strekkjer seg i tid fram til våre eigne dagar....

read more

Og mannen skratta te kjeften sprakk

Ein mann kjem ut for ei skræmande diger kråke. Han skyt kråka og nyttar skrotten til fulle. Kråkevisa, også kalla Mannen og kråka, Bonden og kråka eller Den store kråka er ei folkevise av typen medelalderballade. Visa er også kjend i Danmark, Sverige og på Færøyene. I...

read more

Har du bøker du vil selje?

Ligg dei i ei kasse eller står i ei hylle,  og du veit du kjem aldri til å lese dei meir? Sel dei til Fron historielag. Vi er utselde for Einar Hovdhaugens Gardar og slekter i Fron, bind 2 og Ragnar Øvrelids Historia om Fron, bind 1. Det er ikkje bra. Vi må ha dei i...

read more

Tor Øyen og svartboka

 FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 1934?: Det er ikkje lenge sidan han levde, han var nokre og nitti år den vinteren då bestemor tente der. Han hadde fått tak i svartboka, og henne var det berre så vidt han vart kvitt. Ein gong brende han henne, men ho kom att likevel. Men så...

read more

Var Per Gynt svensk?

IVAR KLEIVEN: Det er nok heilt visst at Per Gynt har vore brukar og budd på Nordigard Hågå på Sødorp, men noko sikkert om tida og livssoga hans er det vanskeleg å få tak i. Og korleis Gynt-namnet er lagt på han, er det heller ikkje noko å få veta om, kanskje er det et...

read more

Dei fekk kjeft

Peer Gynt ved Gålåvatnet ein suksess sidan 1989? Nei. Er økonomiske problem noko nytt? Nei. Dei fekk mykje kjeft, dei som sette i gang: Heilt utan økonomisk styring. Alt kom seint i gang, dårleg bemanning, altfor mange oppdrag på fritida til få personar. Sviktande...

read more

Slektsbøker i Fron

Det er skrive mange og gode slektsbøker i Fron. Her på heimesida til Fron historielag bør det vera oversikt over dei. Hjelp oss, så denne lista blir så fullstendig som mogleg. Send bilde av framsida og kort samandrag av boka samt om og kor ho er å få tak i – til...

read more

Arnfinn Engen er død

RASMUS STAURI: Det kom svært uventa at Arnfinn Engen (1944-2014) brått gjekk ut av tida. Alle som er interessert i lokalhistorie og kulturhistoria i Gudbrandsdalsdalen, har vorte mykje fattigare. Han hadde også fleire viktige verv i organisasjonslivet, og var i det...

read more

Segner som takk

OLE CHRISTIAN RISDAL: Grosserar Tønder Bull frå Oslo kjøpte Fjellheim i Skåbu omkring 1920. Han tok i bruk plassen som feriestad og vart svært interressert i Skåbu. Han gav mellom anna døypefonten da bygda fekk eigen kyrkje i 1927, og han kjøpte inn ein del utstyr til...

read more

Ord for dagen

Nå vart det stilt, sa Skrukken, han baud fram kjerringa si på auksjon. Ingen veit kva ein har før ein skal til å flytta, sa kjerringa, ho stappa det ho hadde i ei hosolegg. Ein skulle ha tri kjærestar, sa jenta, for om ein sturter og ein furter, har ein enda att ein....

read more

Ei innestengd bok?

CARL HENRIK GRØNDAHL: Dei fleste har hørt om Ivar Kleiven og det nybrottsarbeidet han gjorde, da han skreiv det grundige lokalhistoriske verket Fronsbygdin, som kom i 1930. Men kor mange har lese boka? Han skriv godt og levande, Ivar Kleiven, men han skriv med ”ånda...

read more

Folk har vorte dømd for utukt i Vågå før òg

I 1936 vart Ragnvald Skrede dømd til tre års fengsel for utukt mot tre mindreårige jenter i Vågå. Han var lærar. Biografane til Skrede, Otto Hageberg og Egil Ulateig, meiner at dette var justismord. I boka Korsfestelsen. Historien om Ragnvald Skrede og Vågå (2003)...

read more

Aldri ser du fagrar´ stelle

Ein dag gøymd i fortids skodde våre ættefedrar nådde denne vakre grend og dal Det er skrive mange bygdesongar i kjærleik til bygder og grender i Nord- og Sør-Fron. Somme av dei er velkjende og blir brukte ein heil del, medan andre lever mellom bokpermane eller i folks...

read more

Fronsbygdin får mykje ros i GD

http://youtu.be/HQ-EJumqYiE -Frøningane held oppe framifrå årbok-kvalitet. Det er imponerande kva årbokredaktørane får fram av stoff, skriv Asbjørn Ringen i GD 18. desember. 30 artiklar på over 170 sider og noko for einkvar smak. Spennvidda kan illustrerast ved...

read more

Meir enn stor verdi for framtida

KIRSTI KREKLING: Med avbrot tre år under krigen har Dølaringen og Gudbrandsdal Historielag gjeve ut 81 årbøker.  Det er ei uvurderleg kunnskapsmengde dei frivillege forfattarane har delt med lesarane. Minnestoffet har meir enn stor verdi for framtida. Like over siste...

read more

Jenter i ulykka hos naboen

PER PRESTGARD: I Heidalé 2013, årboka til Heidal historielag har eit tjugetal artiklar. Dei fleste er skrivi av folk i bygda eller av utflytta heidøler.  Boka av året har ein sterkare kvinneprofil i ljos av 100-årsjubileet for innføring av stemmerett for kvinner. Ein...

read more

Frøningar på Eidsvoll?

Korleis oppfatta og deltok folk i Christians amt, noverande Oppland fylke, i hendingane i 1814 med Riksforsamlinga på Eidsvoll som eit høgdepunkt? Det fortel Tore Pryser om i boka 1814 i Oppland: Bønder, øvrighet og soldater. Boka legg vekt på å sjå 1814-prosessen...

read more

Gausdalsminner

Gausdal Historielag har lansert Gausdalsminner nr. 15 «Dette året er eit jubelår både i bygden og i landet. Det er språkår i Norge for å hedre ’n Ivar Aasen. Da må vi kunja skrive forordet på dialekt, vårt eige språk», skriv redaktør Ivar B. Blekastad. Han fortsetter...

read more

Her skulle du ha vore

Gerd Anette Steig: Takk til Historielaget for fin og innhaldsrik Kulturkveld på Hundorp med lansering av fin årbok. Løp og kjøp. (Frå FB-sida Du væt du er frå Sør-Fron når..) 75 frøningar og anna folk var samla til innhaldsrik og triveleg kulturkveld på Hundorp i går,...

read more

Slekta frå Søre Kampesæter

GUNVOR SÆTHER BRÆKKE: Som etterkomar etter farfar Erland O. Sæther, fødd i søre Kampesæter i 1858, har eg nærast kjent eit ansvar for at historia om slekta, garden og hotellet ikkje må bli gløymd. Nå er det blitt bok. Med Sigmund Hernæs som lærar i storskulen i Skåbu...

read more

Denne treguden!

RASMUS STAURI: Frå Maihaugen 1958, da Sør-Fron hadde ansvaret for St. Hansfesten. Spelet om Dale-Gudbrand av Are Stauri vart framført med lokale aktørar. Frå venstre: Torleiv Helling (Tord Istermage), Are Stauri (Dale-Gudbrand), Hans Forr (Kong Olav), Johan Rudihagen...

read more

Kulturkveld i Einbusalen!

Torsdag 31. oktober kl 1900 i Einbusalen, Dale-Gudbrands Gard, innbyr Fron historielag til kulturkveld med lansering av Fronsbygdin 2013, musikk, film, ei digital historieferd, eit lite dykk i Einbu-bilda, litt om historia til husmannsbruka under Ulberg i Sør-Fron,...

read more

Loading