Rasmus Stauri: Han var så mangt. Spelemann, innsamlar av folkemusikk frå Gudbrandsdalen, lyrikar, småbrukar, politikar, samfunnsbyggjar, ordkunstnar, bygdamenneske og meir til. Ein som brydde seg lite om bygdabøygen, men som gjekk sin eigen veg og arbeidde for det han...
Skåbu bygdahus 70 år
OLE CHR. RISDAL: I går var det 70 år sidan den offisielle opninga av Skåbu bygdahus. Det gamle forsamlingshuset i bygda stod på grunnen til Søre Risdal, nærare bestemt ovanfor bruket Bjørkheim (Raudhuset). Det offisielle namnet på det var «Jotunheimen», men i...
Tretter og slagsmål om fiskeretten i Vinstervatna før i tida
Ole Chr. Risdal: Forholdet mellom valdrisar og frøningar har ikkje alltid vore det beste. Årsaka til det har i fyrste rekkje vore ein langvarig strid om retten til jakt og fiske i Jotunheimens forgard. Mest kjent i denne samanheng er nok den dramatiske historia som...
Håret fraus fast på hovudputa
Historier om tømmerfløytarane i Skåbu OLE CHR. RISDAL: Sjølv om situasjonen for arbeidarane kunne vere temmeleg ekstrem, førte tømmerdrifta i Skåbu med seg ein del artige episodar, og var med på å forme eit bygdeliv både på godt og vondt. Arbeidarane vart svært...
Folk og spel på Kampesæter for 38 år sidan
Ole Chr. Risdal: På Kampesæter i Skåbu har det vore mykje aktivitet gjennom åra. Alt frå barnedåpar, konfirmasjonar, bryllaup, gravferder, bridgeturneringar og festlege lag m.m. I 1985 vart det arrangert ein større toradar - og trekkspeltreff på Kampesæter og på Skåbu...
Kraftpionerane i Fron
Ole Chr. Risdal: I desse dagar er det på sin plass å heidre dei som stod i bresjen for å skaffe straum til Fron. No snur dei seg sikkert i grava pga. politikarar som har klart å rote bort arvesølvet vårt. Nord-Fron I januar 1913 foreslo Ole Teige 1858-1931 på Hov i...
– Nei, detta kunn vorté ‘n fin skyttarbané!
Ei lita historie om ein askeladd i Fron: Ragnvald Krogenæs https://youtu.be/BcydXbgx9lg OLE CHR. RISDAL: 3. juli 1964 vil alltid stå som ein merkedag i Skåbu. Da opna møbelfabrikken til Ragnvald Krogenæs. Den store draumen hans var ein realitet, og han opplevde berre...
Han sette plastbøtta bortpå omn
Rærin - ein ekte bygdeoriginal OLE CHRISTIAN RISDAL: Presten Kyrre Bremer var flink til å vitje Anton. Ein gong han var innom, fekk han sjå at det hang bilete av nokre nakne damer over senga hans Anton. - Du har så fine damer over senga di, kommenterte presten. – Ja,...
Skåbu i utvida Norske Gardsbruk
Ole Chr. Risdal: Fjellbygda Skåbu ligg ved inngangsporten til sjølvaste Jotunheimen. Bygda ligg ca. 850 over havet og er rekna for ei naturperle i Noreg. Næringsgrunnlaget har ifrå dei eldste tider vore jakt og fiske. Skåbu ligg ideelt til for dette, og ei av dei...
Omgangsskolen i Skåbu og lærar Torger T. Risdal
OLE CHRISTIAN RISDAL: Torger T. Risdal frå Skåbu tente læraryrket i nesten 50 år. Frå 1872-1919 hadde han ansvaret for opplæringa i to skolekrinsar. På den tida var det såkalla omgangsskole, der ungane rullerte skolegangen frå gard til gard. Skåbu fekk ikkje eige...
Kamsfossen
OLE CHR. RISDAL: Her er det siste Sigmund Hernæs-måleriet frå bygdahuset i Skåbu. Kva som er opphavet åt namnet på fossen, er det nok fleire som har grunna på. Frå gamalt åtte Kampesetra all jordvegen nedover til Kamsfossen. Det er da lett å tru at garden og fossen...
Hernæs: Kjente landemerke
OLE CHR. RISDAL: No har vi altså lagt ut alle gardsbruka som Sigmund Hernæs måla. Men på bygdahuset i Skåbu heng det også bilete av andre kjente landemerke i Skåbutraktene:
41 måleri
41 måleri av nesten alle gardsbruka og setrene i Skåbu og Tverrbygda, ei fantastisk gåve til bygdahuset i Skåbu frå Sigmund Hernæs, er nå samla på ei side her på denne bloggen til Fron historielag. Med gardsnamn og noko historikk. Du finn ôg sida nede til høgre -...
Måleria i bygdahuset i Skåbu
OLE CHRISTIAN RISDAL: Bygdahuset i Skåbu er 60 år i 2014. Det blir brukt i mange samanhengar. På veggane kan ein sjå måleri av alle gardane i Skåbu, ei fantastisk gåve til bygdahuset frå Sigmund Hernæs. Her har Hernæs foreviga nesten alle gardsbruka og setrene i...
Kreative bureisarar i Skåbu
OLE CHRISTIAN RISDAL: Statens støtte til nydyrking og bureising i dei harde 1920 og -30 åra er kanskje eit av dei viktigaste distriktspolitiske vedtaka som nokon gong er gjort. På landsbasis vart det bygt opp over 10 000 bruk i denne perioden. Berre i Skåbu vart det...
Heidningane i Skåbu
OLE CHR. RISDAL I samband med innføringa av konfirmasjonen i 1736, vart det sett fart i leseopplæringa og folkeopplysninga i Noreg. Men det skulle gå lang tid før ein fekk omvendt alle heidningar. Det var som regel prestane som hadde denne utakksame oppgåva. Her i...
Fron historielag ønskjer god jul!
[youtube=http://youtu.be/uCYdYc8dhno] Med denne songen ønskjer Fron historielag alle i Fron og alle i Norge og i verda som les denne heimesida, ei riktig god, fredeleg og historisk jul! 13. desember inviterte Vinstra Musikklag til førjulskonsert i Sødorp kyrkje. Dei...
Historisk sus på historisk grunn
Ole Christian Risdal: Hundorp var eit naturleg val da professor Tore Pryser skulle halde foredrag om 1814. Her er det mange som har markert seg på ulike vis opp gjennom historia. Måndag kveld fekk vi høyre om gudbrandsdølar som på kvar sin måte markerte seg i samband...
Skoleelevar sel Fronsbygdin
I morgon vil 6. klasse ved Kvam skole hjelpe oss med å selge Fronsbygdin. Kjempeflott å få yngre generasjonar med på laget! Det er viktig at komande slekter blir involvert i lokalhistorie på denne måten. Kanskje kan dette bidra til å få dei yngre til å interessere seg...
Grøndahl blei heidra
[youtube=http://www.youtube.com/watch?v=2lmM3rbEfHc&feature=youtu.be] Det er NRK-mannen Carl Henrik Grøndahl som har bygd opp heimesida til Fron historielag. Han er også ein av redaktørane. Dette har han gjort heilt vederlagsfritt og for å vise kor stor pris vi...
Høyr og sjå presentasjonen av Fronsbygdin
[youtube=http://www.youtube.com/watch?v=HQ-EJumqYiE&feature=youtu.be] Her kan du både sjå og høyre at redaksjonssekretær i Fronsbygdin, Gard Espeland, fortel om innhaldet i boka. Starten vart dessverre ikkje med, men han innleier med artikkelen om gravminne i Fron...
Triveleg møte på Borg i Kvikne
Søndag var det kulturkveld på bygdemuseet Borg i Kvikne. Borg er eit hus etter folkehøgskolelæraren, lokalhistorikaren og nynorskmannen Olav T. Aasmundstad 1850-1925. Han testamenterte huset til det frilyndte ungdomslaget i bygda. I seinare tid vart det flytta frå...
Triveleg og interessant tur langs Skodalsåa! No med fleire bilde!
Det blei ein triveleg og lærerik tur langs Skodalsåa i dag. Primus motor for prosjektet Skodalsåa kulturstig, Guri Skurdal Tofte og medspelar Øystein Losnegard, orienterte først om prosjektet ved Harpefoss Oppvekstsenter. Etterpå gjekk turen vidare oppover til ei smie...
Fron spelemannslag på NRK
I 1974/75 var det faste radioinnslag frå den legendariske Heide-butikken i Skåbu. Det var NRK-mannen Arvid Møller som laga desse programma. Han hadde hytte i fjellbygda og kjende såleis bygdefolket godt. På butikken intervjua han forskjellige personar som var innom....
Meir om: «Hjelp meg å finne ein gard!»
REDAKSJONEN: No har amerikanaren Allan Jothen fått bilde og dei opplysningane ein finn i Norske Gardsbruk og Gardar og slekter i Fron. Dessutan har han fått spørsmål om foreldra, besteforeldra og kven som emigrerte til USA osv. Vi jobbar vidare med saka og håpar...
Arbeid og fritid i Skåbu i gamle dagar
Før i tida var jordbruk, jakt og fiske det viktigaste næringsgrunnlaget i fjellbygda Skåbu. I dag står dette att berre som attåtnæring og hobby. Sjølv om det var lange arbeidsdagar og mykje slit, hadde dei faktisk litt fri også. Her fortel Paul Brenden og Torger T....
Vinstra – ein by blir født
http://www.youtube.com/watch?v=Czjp3NsEiPk I samband med byfesten på Vinstra fekk Vemund Hagen (adaptasjon) og Per Ottesen (manus) i oppdrag å lage ei digital historieforteljing.
Litt om livet på Vinstra i gamle dagar
No i helga feirar vi at Vinstra skal bli by. I samband med dette er det lagt opp til eit rikhaldig kulturprogram. Gå inn på http://vinstra.no og les programmet. På heimesida vår er det også naturleg å få med ein del historikk knytta til den komande byen. I 1980 gav...
Seterlivet på Kvamsfjellet
Setring er dessverre ein saga blott om ikkje så mange år. Før i tida var det eit yrande folkeliv og full drift på setrene i Fronsfjellet. I dag er det berre ein brøkdel som tek vare på denne tradisjonen. Derfor er det svært viktig å dokumentere denne verksemda. Her...
Kviknekyrkja
Neste år er det 250 år sidan Kviknekyrkja vart bygt. Det var Peder Korpberget frå Kvikne og Tord Risdal frå Skåbu som stod for bygginga. Tord var også smed og han utførte derfor noko av smedarbeidet. Ho vart reist på grunnen til Sygard Sylte, men under Ofsen i 1789...
Veving
Det var ikkje berre maten dei måtte produsere sjølv før i tida. Dei måtte også lage klede for å halde varmen. Vadmålsklede (ullstoff) var særleg viktig i så måte. Veving er ein viktig teknikk i produksjon av tekstilar. Her fortel Anna Tokse (f. 1904, Nigard Skoe) og...
Mystikk og overtru
I gamle dagar trudde folk meir på overnaturlege ting enn i dag. Overtrua var faktisk ein del av kvardagen for mange. Respekten og audmjukskapen for naturen var nok mykje større før i tida, og folk hadde tid til å sjå etter ting og undre seg over ymse fenomen....
Pølsemakar, pølsemakar…..
Før i tida produserte folk sjølv stort sett alt dei åt og drakk. I dag kjøper dei fleste alt og mange veit ikkje eingong kva dei et, og iallfall ikkje korleis maten blir laga. Her kan du høyre Anna Stenseng frå Vinstra fortelje korleis dei laga pølser i gamle...
Lydkutt om ysting
Ysting var ein sentral aktivitet både på setra og heime før i tida. I dag blir dette gjort berre for å demonstrere korleis det foregjekk. Her fortel Ragnhild Taarud (f. 1893) om denne verksemda.
Bjørnejakt før i tida
For om lag hundre år sidan gjekk folk mann av huse for å utrydde rovdyra. I dag vil ikkje styresmaktene innsjå at det er umogleg kombinere husdyrhald med den rovdyrpolitikken som blir ført. Her fortel Torger T. Risdal om bjørnejakt i gamle dagar.
Dagens lydkutt!
Adolf Tagestad fortel om slakting før i tida. Høyr her.
Nytt lydkutt!
Torger T. Risdal fortel om veiding, feiing og det gamle jorbruket i Skåbu. Høyr her
Kven budde i Sødorp i 1838?
Her kan du høyre eit utdrag frå matrikkelen i 1838: Gamle folk i Sødorp 1838
Kafédrift i Fron i gamle dagar
13 lydkutt!
No er det lagt ut fleire lydkutt. Anna Hovden 1894-1984 frå Hundorp fortel frå gamle dagar. Torger T. Risdal frå Skåbu fortel om fyrste turen sin til Vinstra. Olaf J. Brandvol, Hans Skoe og Pål Bakken fortel om vinterkøyringa i Sødorp.
Skåbuvegen – ei utfordring til alle tider!
Den dramatiske Skåbuvegen har gjennom tidene bydd på store utfordringar. I samband med kommunevalkampen i 1928 hadde Martinius Høgåsen dette hovudoppslaget i Nord-Fron-nummeret av Organ for Det norske Arbeiderpartis avdeling i Lillehammer og Gudbrandsdalen. Høgåsen...
Triveleg skoleavslutning på Fron Bygdatun
No nærmar det seg seg skoleslutt og det er mange måtar å avrunde året på. Onsdag tok fire lærarar ved Vinstra vidaregåande skule med seg klasse 1 MD til Fron Bygdatun (Milsteinstugu). Dei fleste av desse elevane kjem frå andre plassar i landet og er såleis ikkje...
Interessant historiekveld i Skåbu
Konsesjonane for Vinstravassdraget skal fornyast. Dei var gitt fyrst på 1900-talet. Den gongen tenkte ein ikkje så mykje på vern av kulturminne. I samband med fornyinga bestemte Riksantikvaren at det skulle vere ei konsesjonsavgift, som bl.a. skulle gå til vern av...
Spennande utgravingar i Skåbu
Samsgarden ved Olstappen i Skåbu er eit godt eksempel på at jakt og fiske har vore livsgrunnlaget i bygda. Her har det vore verdfulle dyregraver som er nemnt i fleire diplom ("Sandsgarden") frå sist på 1400-talet. Den gongen var det store tvistar om eigedomsretten til...
Skodalsåa kulturstig: Ei elvehistorisk vandring
Harpefoss Turgruppe skal rydde og merke delar av gamle råk, som delvis går langsetter elva Skodalsåa våren 2013. Får vi til ein kulturstig langs delar av denne ruta, kan dette bli ein stad for vandring og oppdaging av levande historie i eit kulturlandskap med vakker...