Der sagbladet går opp-og-ned og ikkje rundt? Har du sett ei vassdriven kvern som gjer korn til mjøl? Har du sett smeden arbeide i smia? Nå har du sjansen. Laurdag 6. september er det open dag på Bygdatunet på Sødorp frå kl 13 til kl 16 med god stemning rundt gamle...
Du har 13 dagar på deg
http://youtu.be/yvQEB68Mph4 Til å vera med på Fron historielags konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron. Videoen skal vera på omlag 10 minutt, kan byggje på intervju, demonstrasjon av praktisk arbeid, gamle foto og filmar. Juryen legg vekt på...
Du har 19 dagar på deg
[youtube=http://youtu.be/FFb21Bmd2ZE]Til å vera med på Fron historielags konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron. Videoen skal vera på omlag 10 minutt, kan byggje på intervju, demonstrasjon av praktisk arbeid, gamle foto og filmar. Juryen legg vekt...
Fest for Kvikne-kyrkja
Søndag 17. august er det jubileum i Kvikne. Kyrkja blir 250 år. Festgudsteneste med biskop Solveig Fiske og prost Paul Gunnar Skuland. Mange tidlegare prestar i Nord-Fron deltek. Frå kyrkja blir det så prosesjon med musikarar frå Mukampen spelemannslag til bygdahuset,...
Nå er det berre tida og vegen!
[youtube=http://youtu.be/Czjp3NsEiPk]Har du idear og lyst til å lage ein lokalhistorisk video og vera med og konkurrere om 10 000 kr i premie, er det verkeleg på tid å gå igang. Frist for innlevering: 8. september. Du finn idear og tankar her. Og reglane for...
Berre ein månad att!
[youtube=http://youtu.be/Rw_dMM58wQc] Fristen for å vera med på videokonkurransen til historielaget går ut 8. september. Du konkurrerer om 10 000 kr i preimiar. I Fron kan ein berre ause av tema for ein lokalhistorisk video. Mange gamle kjem aldri til å skrive ned...
Kva dei fann langs E6
Gudbrandsdalsmusea melder: Gardsbutikken på Dale-Gudbrands Gard er ope. Lokale mat- og handverksprodukter til sals. I tillegg kan du sjå utstillinga "E6 og arkeologi" samt høyre den tusenårige historien til Dale-Gudbrands Gard - Oppland Tusenårsstad - digitalt...
Du kan gjere det betre
På denne videoen fortel Ingemund Midttveit om det som hende da heimbygda hans vart hardt råka av krigen i 1942. I Fron kan ein berre ause av tema for ein lokalhistorisk video. Og du kan vinne 5000 kr, blir du med på konkurransen til historielaget. Mange gamle kjem...
Med fortida inn i framtida
Kva for rolle kan Fron historielag spele i dei omskiftingane som nå skjer i Fron? Korleis styrke interessa for det lokalhistoriske engasjementet? Kva for kompetanse bør ein ha i styret? Kva for nye arrangement kan laget dra igang? Torsdag hadde styret og redaksjonane...
Veldig moro
Fra NORARK: Vinstravassdragets østligste og lavestliggende vann er Olstappen. Det er langs dette vannet at snøen har smeltet og kulturminnene er tilgjengelig for oss arkeologer, for øyeblikket. Fjorårets sesong var spennende og førte til dateringene av brent elgbein,...
Nokon som tar utfordringa?
[youtube=http://youtu.be/Fdynp0joKxg] Fron historielag har invitert til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron. Kr 10 000 i premiar. Frist: Måndag 8. september 2014.Vi hadde òg eit tilbod: "Historielaget vil innby til ein verkstad i mai, der dei som...
Registreringskurs på Dalseter tysdag 27. mai!
I samband med kulturminneregistreringa i Skåbu, vil arkeologane arrangere kurs i registrering av kulturminne på Dalseter Høyfjellshotell fyrstkommande tysdag klokka 17.30. Fyrst kan alle kose seg med ein god kaffikopp og noko frukt i konferanserommet, og samtidig få...
Sensasjon i Skåbu
Arkeologer kan nå slå fast at det var mennesker i Skåbu for 10.000 år siden. Funnene er sensasjonelle i Norge, skriver GD i dag. – Kan dette være spor etter den første befolkningen i landet? spør avisa. – Nei, det finnes eldre dateringer fra langs kysten, rundt 9.000...
Ei innestengd bok?
CARL HENRIK GRØNDAHL: Dei fleste har hørt om Ivar Kleiven og det nybrottsarbeidet han gjorde, da han skreiv det grundige lokalhistoriske verket Fronsbygdin, som kom i 1930. Men kor mange har lese boka? Han skriv godt og levande, Ivar Kleiven, men han skriv med ”ånda...
På hogget
Kan du sele på ein hest?
Lyst til å lage ein video? Som fortel noko om Fron før i tida? Vera med på historielagets videokonkurranse? Med premiar på til saman 10 000 kr? Meld gjerne frå i kommentarfeltet her om du tenkjer på det, så veit vi litt meir og kan ha kontakt. Kva er det som egnar...
Eitt år
I dag har denne sida vore på nettet i eitt år. Og fordi det er så god tilgang på lokalhistorisk stoff i Fron, har ho vel utvikla seg til å bli ei digital historisk lokalavis. Meir enn 300 innlegg, over tusen bilde, film og videoar sidan starten, og desse innlegga er...
-Fron historielag går verda rundt.
GD har laga ei sak på at heimesida til Fron historielag har besøk frå heile verda og siterer nettredaktøren: – Eg har aldri opplevd noko liknande. Kven er desse menneska? Vi har treff på sida vår frå land som India, Venezuela, Bulgaria, Romania, Pakistan. Det er...
Du har noko
Noko du har lyst til å sjå nærare på. Nokre folk du vil prate med for å få greie på korleis det var og kva som hende. Noko du vil leite etter og lese og sette saman til ei forteljing. Noko du har vore med på. Det ligg noko i eit skap eller ei skuff eller ei kiste på...
Aktivt år
Så mange som 55 møtte fram på årsmøtet på Sygard Grytting. Ingen stor strid om årsmeldinga 2013. Blant høgdepunkta: Lanseringa av boka Fronsbygdin 2013 var på Dale-Gudbrands gard 31. oktober. Heile 75 møtte fram. Boka kom ut for tiande gong og hadde derfor 16 sider...
Har du idear? 10 000 kr i premiar.
Fron historielag innbyr til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron. Videoen skal vera på omlag 10 min, kan byggje på intervju, demonstrasjon av praktisk arbeid, gamle foto og filmar. Juryen legg vekt på innhald, originalitet og teknisk kvalitet. På...
Gåmålt frå Qvam
Årets første "Gåmålt" er komme frå trykkeriet, melder Kvam Historiske Forening. Mellom anna med ein artikkel om da Bjørnstjerne Bjørnson kom til folkehøgskulen. Får du ikkje bladet, stikk innom Abaris, så skal det bli ei råd, seier Facebook-sida til...
Infomøte om kulturminne på Dalseter
OLE CHR. RISDAL: Torsdag kveld var det infomøte om dei nye kulturminneplanane i Nord-Fron, Sør-Fron og Gausdal. Det passa bra at det var lagt til Dalseter Høyfjellshotell da dette er midt i kjerneområdet for dette arbeidet. Etter god kaffi og kringle fortalde arkeolog...
Draum og video
Frå mandag 17. mars kan du få god hjelp på biblioteka i Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu – eller andre av dei 11 folkebiblioteka i Oppland – til å fortelje din draumar og tankar inn på mobil eller nettbrett – eller i webkamera på ein pc i biblioteket. Så går draumane...
Good for you
Mykje og uvanleg trafikk på denne heimesida desse dagane, så vi spurde ei som driv systemet i WordPress, om dei kunne finne noko irregulært. Er det nokon som tullar med Fron historielag? Ho svara: I don't see any thing strange on your account. Just consider it a...
Korleis heng dette saman?
CARL HENRIK GRØNDAHL: Noko underleg hende på denne bloggen i går, søndag 9. mars. Ei sak er at det vart sett ny rekord. 806 unike brukarar las 1507 innlegg. Men berre 305 av desse 1507 treffa var frå Noreg. Heller ikkje kom dei berre frå typiske ferieland som Spania...
Kulturminner på Dalseter
Program for åpent møte om kulturminneplanarbeid i Gausdal, Nord-Fron og Sør-Fron kommuner på Dalseter Høyfjellshotell, torsdag 13.mars, kl.18.30: Hildegunn Maria Haanes Ruset orienterer om hva en kommunal kulturminneplan er og hvilke rolle kommuneinnbyggerne har i...
Draumar for Norge
Ein sein kveld i året 2214 sit ei ung jente med undrande store auge og ser og høyrer på deg gjennom århundra. Brått skjønar ho at livet er ei gåte - og at vi alle har sunge og sørga, dansa og drøymt ein gong. Nå kan du gjere noko for tipp-tipp-oldebarna dine og...
Hvor er papirene fra Harildstad?
Jeg er masterstudent i historie ved Universitetet i Oslo, og jeg lurer på om noen av dere i Fron historielag kan peke meg i riktig retning. Jeg skriver masteroppgave om bondeopposisjonsavisa Statsborgeren fra 1830-tallet. Redaktøren av Statsborgeren, Peder Soelvold,...
5000 kr for den beste!
Fron historielag innbyr til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron. Videoen skal vera på omlag 10 min, kan byggje på intervju, demonstrasjon av praktisk arbeid, gamle foto og filmar. Juryen legg vekt på innhald, originalitet og teknisk kvalitet. På...
-Mange kompetente svar så fort
Her er eit framifrå døme på at Facebook fungerer betre enn mykje anna til innsamling av lokalhistoriske data. Nils Christian Steig legg ut dette bildet på FB-sida Du væt du e frå Sør-Fron når .. og spør: "Det er sikkert noen som kan hjelpe med å forklare hvor dette...
Frå blomster i silke til striper i ull
2014 er eit nasjonalt jubileumsår, og Gudbrandsdalseminaret 2014 opnar det heile på Maihaugen onsdag 29. januar. Bindande påmelding innan 12. januar. Korleis fungerte det eineveldet som vi la bak oss? Kva var dei europeiske føresetnadane for det demokratiske...
Ros til historielaget og bloggen
Bjørn Sletten skriv i Dølen 3. januar: Også i 2013 har vi fått høre at Midtdalen hamnar nederst på alle statistikkar. Men hadde statistikkane målt engasjement i og for lokalsamfunnet blant innbyggjarane, trur eg resultata hadde vorte ganske annleis. Han finn...
Den store dugnaden
CARL HENRIK GRØNDAHL: Ein kan seie mykje rart og sikkert mykje kritisk om Facebook. Men vi kan vel gå ut frå at noko Mark Zuckerberg ikkje tenkte på da han lanserte Facebook 20 år gammal i 2004, var at han gav lokalhistorisk faktainnsamling ei storarta gåve. Fjesboka...
Godt nytt år!
http://youtu.be/Feh4EdI0EUg Fron historielag ønskjer alle eit godt nytt år! Vi takkar for innsats, engasjement og interesse i 2013! Sidan denne heimesida vart sett opp i april 2013, har det vore meir enn 50 000 treff frå alle verdsdelar. På Facebook-sida, som vart...
Tida er inne. Fram frå glømmeboka!
Har du gamle foto frå Fron av historisk interesse? Fron historielag skannar dei for deg. Gamle negativ eller glassplåter? Inga hindring. Laget digitaliserer òg gamle filmar med allmenn interesse. Ta kontakt med Vegar Skar, tlf 61296783 eller 90735767. Du får dei att...
Fron historielag ønskjer god jul!
[youtube=http://youtu.be/uCYdYc8dhno] Med denne songen ønskjer Fron historielag alle i Fron og alle i Norge og i verda som les denne heimesida, ei riktig god, fredeleg og historisk jul! 13. desember inviterte Vinstra Musikklag til førjulskonsert i Sødorp kyrkje. Dei...
Mykje fyll og elendigheit?
http://youtu.be/KGfOBEjrunw Kvar vart det av totalafholdsforeningen Mjølner?
Bilde som fortener det, kan få hjelp…
Ta på deg martnasånd. Her kan du prute!
Oppdatering frå bokansvarleg Solveig Hagen etter julemarknaden: Gikk inn på Rudi Gard med fire kasso med bøk idag tile, og reiste att i efta med berre tu. Kein vel sea at dagen gikk i pluss da hæll? Takk for trivle fyrryjulsdag, både vertskap og...
Frøningar i 30 land
Folk sit over heile verda og les denne bloggen. Vore triveleg om nokon av dykk der ute ga oss eit lite livsteikn - nokre ord om kvar de er og kva de les. Her eller på Facebook-sida. Frå Russland eller Sverige eller Canada eller USA eller....?
Flinke onge
SOLVEIG HAGEN: Stor takk åt 6. klasse ved Kvam skule, som ha seld någåseksti bøk for oss. God hjølp for historielaget, og lummepenger te klassetur neste vår. Flinke onge.
Historielaget på fjesboka
Fron historielag har fått seg Facebook-side att. Eit supplement til denne heimesida. Facebook er verkeleg eit sosialt medium. Lettare å få til dialog. Bli med og lik. Frå FB-sida: Anders Bakken: Bra at historielaget er attende på FB. Sammen med den flotte hjemmesida...
Skoleelevar sel Fronsbygdin
I morgon vil 6. klasse ved Kvam skole hjelpe oss med å selge Fronsbygdin. Kjempeflott å få yngre generasjonar med på laget! Det er viktig at komande slekter blir involvert i lokalhistorie på denne måten. Kanskje kan dette bidra til å få dei yngre til å interessere seg...
Noen som kan hjelpe? forts.
[email protected]: Hei! Jeg har ikke fått noen venneforespørsel fra deg. Ser litt på denne Marit Iversdatter nå. Hvordan er du i slekt med henne? Mvh Per Fredriksen KJELL RABBEN: Hei, og takk til alle dere som engasjerer dere i etterlysninga som jeg la inn om Marit...
Noen som kan hjelpe?
KJELL RABBEN: Dette er kanskje siste utvei etter en omstendig leting av en kvinne som heter Marit Iversdatter f. 1826 i Fron. Hennes far heter Iver Olsen Tofte (Toftehagen) under Tofte. Han var gift med Anne Olsdatter. Noen av fadderene het Iver Brandval(voll), og...
Grøndahl blei heidra
[youtube=http://www.youtube.com/watch?v=2lmM3rbEfHc&feature=youtu.be] Det er NRK-mannen Carl Henrik Grøndahl som har bygd opp heimesida til Fron historielag. Han er også ein av redaktørane. Dette har han gjort heilt vederlagsfritt og for å vise kor stor pris vi...
Høyr og sjå presentasjonen av Fronsbygdin
[youtube=http://www.youtube.com/watch?v=HQ-EJumqYiE&feature=youtu.be] Her kan du både sjå og høyre at redaksjonssekretær i Fronsbygdin, Gard Espeland, fortel om innhaldet i boka. Starten vart dessverre ikkje med, men han innleier med artikkelen om gravminne i Fron...
«Ei imponerende jubileumsbok»
-Ei bok med stor spennvidde og mange gode artikler. Her finner vi alt fra resultat av arkeologiske utgravinger til gamle gravminner og billøp på isen. Fronsbygdin 2013 er godt redigert i et lettlest språk. Også det er ei jubileumsbok verdig, skriver Tor Larsen i...
Her skulle du ha vore
Gerd Anette Steig: Takk til Historielaget for fin og innhaldsrik Kulturkveld på Hundorp med lansering av fin årbok. Løp og kjøp. (Frå FB-sida Du væt du er frå Sør-Fron når..) 75 frøningar og anna folk var samla til innhaldsrik og triveleg kulturkveld på Hundorp i går,...
Denne boka må du ha!
10års-jubileumsutgåva av Fronsbygdin er meir omfangsrik og betre enn nokon gong. 176 sider.
Redningsaksjon
Jubileumsbok med mykje attåt!
Lansering av Fronsbygdin 2013 i Einbusalen på Dale-Gudbrands Gard Hundorp torsdag 31.10.2013 kl 19.00 Program: Velkomen v/ leiar i Fron historielag, Anders Hage Musikkinnslag Om Einbu-måleria på Hundorp Fronsbygdin 10 år – presentasjon av jubileumsboka Husmannsbruk...
Kulturkveld i Einbusalen!
Torsdag 31. oktober kl 1900 i Einbusalen, Dale-Gudbrands Gard, innbyr Fron historielag til kulturkveld med lansering av Fronsbygdin 2013, musikk, film, ei digital historieferd, eit lite dykk i Einbu-bilda, litt om historia til husmannsbruka under Ulberg i Sør-Fron,...
Fron i Togo og på Færøyene
På snaue seks månader har det vore meir enn 20 000 treff frå 25 land i fire verdsdelar på denne bloggen. Lokalhistorie er så mangt. Takk for interessa.
Triveleg og interessant tur langs Skodalsåa! No med fleire bilde!
Det blei ein triveleg og lærerik tur langs Skodalsåa i dag. Primus motor for prosjektet Skodalsåa kulturstig, Guri Skurdal Tofte og medspelar Øystein Losnegard, orienterte først om prosjektet ved Harpefoss Oppvekstsenter. Etterpå gjekk turen vidare oppover til ei smie...
Alt du kan høyre!
Her fortel dei om møkkakjøring, slakting, matmål, fisking og fritid, originalar og andre skåbyggingar, det gamle seterlivet på Kvamsfjellet, Kviknekyrkja, veving i gamle dagar, overtru i Skåbu, pølsearbeid før i tida, ysting, bjørnejakt, veiding, feiing, måsåtak og...
Meir om: «Hjelp meg å finne ein gard!»
REDAKSJONEN: No har amerikanaren Allan Jothen fått bilde og dei opplysningane ein finn i Norske Gardsbruk og Gardar og slekter i Fron. Dessutan har han fått spørsmål om foreldra, besteforeldra og kven som emigrerte til USA osv. Vi jobbar vidare med saka og håpar...
40 nye bilde på plass
God jakt.
Snart er boka her – Fronsbygdin 2013!
http://youtu.be/w9CVslKE3Rg Det nærmar seg! Fronsbygdin 2013 kjem rundt 1. november. Med eksklusivt stoff frå utgravingane i forkant av E6-utbygginga, leia av Ingar Gundersen frå Universitetet i Oslo. Oppsiktsvekkjande funn er gjort! Her på ein ny film kan du sjå dei....
Du har noko du vil fortelje?
RASMUS STAURI: Har du forslag til stoff i Fronsbygdin 2014 eller for seinare år? Vi arbeider med neste års bok for tida. Til inspirasjon legg vi ved foto av påsketuristar som blir rodd heim. Ta kontakt! Årets bok kjem rundt 1. november. Helsing redaksjonen.
Hjelp meg å finne ein gard!
ALAN D JOTHEN: How do I find an old family farm in the Vinstra area? Is there an e-mail address I can write to? ANSWER: We have your email-adress. We'll contact you. The name of the farm? ALAN D JOTHEN: The farm name that I am trying to locate is the Joten farm in...
Mot ny storkommune?
Vinstra – ein by blir født
http://www.youtube.com/watch?v=Czjp3NsEiPk I samband med byfesten på Vinstra fekk Vemund Hagen (adaptasjon) og Per Ottesen (manus) i oppdrag å lage ei digital historieforteljing.
Legge ut bilder
OLAV BRANDVOL: Flott initiativ, og portal. Jeg melder meg inn. Jeg har forresten mange portrettbilder fra Fron ca 1880-1920 etter min oldemor Marie Hvattum, gm Petter (Rønning-)Slaaen Mange har navn påskrevet, mange ikke. De fleste er digitalisert. Er det noe sted her...
Historielaget er ôg med på byfesten
Litt om livet på Vinstra i gamle dagar
No i helga feirar vi at Vinstra skal bli by. I samband med dette er det lagt opp til eit rikhaldig kulturprogram. Gå inn på http://vinstra.no og les programmet. På heimesida vår er det også naturleg å få med ein del historikk knytta til den komande byen. I 1980 gav...
USA på veg opp
God hjelp på Facebook…
Vi la ut dette bildet og ba om informasjon. På Facebook-sida Du væt du e frå Sør-Fron når .. er det hjelp å få. Meir bilde
Bank i bygd og by
Sparebank1 Gudbrandsdal, forfattaren Asbjørn Ringen og bokdesignaren Jon Thorsrud har generøst latt Fron historielag få alt materialet, tekst og bilde frå jubileumsboka Bank i bygd og by (2010) til å leggje ut her på historiebloggen. Det kjem mange godbitar etter...
Ny kunnskap om Gudbrandsdalen
http://youtu.be/w9CVslKE3Rg Dei var meir garva, dei som budde her før! I forkant av E6-utbygginga har det i fleire år vore drive vitskaplege undersøkingar i Fron, leia av Ingar Gundersen frå UiO. Oppsiktsvekkjande funn er gjort! Her på ein ny film kan du sjå dei. 16...
Kven budde i Sødorp i 1838?
Her kan du høyre eit utdrag frå matrikkelen i 1838: Gamle folk i Sødorp 1838
Kvar er dette?
10 000
Denne heimesida har nå passert ein milepæl. 10 000 treff på mindre enn tre månader. Omlag 400 av dei frå andre land. Det betyr ikkje at det har vore 10 000 personar innom, men at dei som har vore her, til saman har lese 10 000 saker og sider. Det er med andre ord...
Per Gynt-bilde
Ny bildekategori her på bloggen: Per Gynt. Så langt med Pål Kluften som fotograf! Og litt til.
1262!
Ny rekord i treff på denne heimesida i går, den lysaste dagen i året: 1262 frå 10 ulike land. Det er tre gongar meir enn tidlegare rekord. Triveleg! Særleg fordi det trefte saman med at ein redaksjon satt saman og brukte nokre timar på å legge inn og identifisere...
Kjenner du nokon av dei?
Ny katergori med mange bilde her på historiebloggen under Portrett: To og tre og familiar. Skriv gjerne i kommentarfeltet om du kjenner nokon.
Jakt, fiske og ski, aust og vest
Fire nye kategoriar med bilde på bloggen: Jakt og fiske og På ski. Fron vestfjell og Fron austfjell. Dei to siste med fleire underkategoriar. Og med mange bilde. Har du opplysningar om nokre av dei?
Triveleg skoleavslutning på Fron Bygdatun
No nærmar det seg seg skoleslutt og det er mange måtar å avrunde året på. Onsdag tok fire lærarar ved Vinstra vidaregåande skule med seg klasse 1 MD til Fron Bygdatun (Milsteinstugu). Dei fleste av desse elevane kjem frå andre plassar i landet og er såleis ikkje...
Oppvarming til hausten!
NY FRONSBYGDIN kjem i november. 10. årgangen. Arbeidet med ny E6 blir sett i gang for alvor i juni. Det mest omfattande arbeid for å forbetre kommunikasjonen i dalen sidan jernbaneutbygginga i 1896. Her kan du prøvekjøre nye E6. I forkant har det i fleire år...
Interessant historiekveld i Skåbu
Konsesjonane for Vinstravassdraget skal fornyast. Dei var gitt fyrst på 1900-talet. Den gongen tenkte ein ikkje så mykje på vern av kulturminne. I samband med fornyinga bestemte Riksantikvaren at det skulle vere ei konsesjonsavgift, som bl.a. skulle gå til vern av...
Spennande utgravingar i Skåbu
Samsgarden ved Olstappen i Skåbu er eit godt eksempel på at jakt og fiske har vore livsgrunnlaget i bygda. Her har det vore verdfulle dyregraver som er nemnt i fleire diplom ("Sandsgarden") frå sist på 1400-talet. Den gongen var det store tvistar om eigedomsretten til...
Kva for språk vil du ha?
Google kan omsetje denne historiebloggen til alle språk du kan tenkje deg. Blir mykje rart - Google er ikkje heilt stø i nynorsk - men forståeleg. Klikk på orda opp til høgre: Translate this page, så får du heile bloggen på interessant engelsk. Fransk....
Del historia
Er det artiklar du likar her på historiebloggen? Legg gjerne ei lenkje inn på facebook-sida di. I denne stua er det plass til mange lesarar.
Frøningar i 20 land i tre verdsdelar
Listad-historia opp i dagen
Ein flom tar ikkje omsyn til at noko er freda. Ein gammal gravplass etter Listad-kyrkja i bruk fram til 1792 vart vaska ut. Hodeskallar og beinrestar låg nedover på jordet og langs vegen ned mot E6. NRK har saka: Lektor ved Vinstra videregående skole, Rasmus Stauri,...
Tid for bilde!
Denne bloggen er eit framifrå og lett tilgjengeleg arkiv for historiske bilde. Lett å leggje inn og lett å sjå og hente ut. Blogg-redaksjonen driv på med å få avtalar med dei som har gode, digitale bildearkiv frå Fron. Det kjem mange bilde etterkvart, men mange av...
Skodalsåa kulturstig: Ei elvehistorisk vandring
Harpefoss Turgruppe skal rydde og merke delar av gamle råk, som delvis går langsetter elva Skodalsåa våren 2013. Får vi til ein kulturstig langs delar av denne ruta, kan dette bli ein stad for vandring og oppdaging av levande historie i eit kulturlandskap med vakker...
Ragnvald Frøysadal
Kva for ein kar var han som teikna logoen til historielaget du kan sjå oppe til venstre? Bygdekunstnaren Ragnvald Frøysadal. Han påverka mellom anna mange norsk-amerikanske rosemålarar: I have studied with many Rosemaling teachers and have been influenced by all in...
Dølen: Ei digital historievandring
"Denne sida er både tradisjonell og moderne på same tid. Eg vil kalle det ei digital historievandring gjennom fronsbygdene", seier Ole Christian Risdal til Dølen om den nye bloggen til Fron historielag. Tanken er å få til ein konstruktiv dialog om lokalhistorie, der...
