OSKAR LETRUD: Vi hadde heimelaga leiker. Eg hugsar spesielt hesten som bestefar hadde laga. Han var fullt utstyrt med sela og kjørereiskap av alle slag og var mye brukt. Dette var av dei tinga som vart øydelagde om våren 1940, da huset vart treft av fleire granatar...
Vogner med sau på Grefsen
RAGNAR ØVRELID: Under krigen og i åra etter gikk det stadig meir slakt frå Fron til Fellesslakteriet i Oslo. Problemer med desse sendingane var at dei måtte ordnast i fellesskap. Produsentane måtte vente til dei kunne sende ei full jernbanevogn med dyr. Fordi...
Nybrottskongen
UKJENT: I 1956 skrev den kjente historikeren dr. Torstein Høverstad en artikkel i avisene om en sagnomsust nybrottsmann på Tofte i Sør-Fron, Israel Krupp: Alt no må det vera klårt for alle som vil sjå, at Israel Krupp er ein nyskapar i norsk jordbruk. Ein...
Mor til gudbrandsdalsosten
RAGNAR ØVRELID: Anne Hov på Rustadhågå i Ruste har fått ære for å ha skapt raudosten, gudsbrandsdalsosten. Ho var fødd på Kvålen i Skåbu i 1846. Sidan kjøpte foreldra Solbrå i Sør-Fron. På Solbråsætra blanda Anne fløyte i mysosten for å ha noko godt å trakere dei...
Vart det bråk, skulle dei slå med spaden
CARL HENRIK GRØNDAHL: Ein gong etter 1941 vart Sverre J Hovden frå Hundorp utkommandert til obligatorisk arbeidsteneste saman med andre unge menn frå Midtdalen i vernepliktig alder. Dei held til på Fylkesskulen i Ringebu. Han har tatt desse bilda frå denne tida. Nokon...
Dei ti siste Hernæs-måleria
OLE CHR. RISDAL: På veggane i bygdahuset i Skåbu heng det 40 måleri av gardar i Skåbu og Tverrbygda, i tillegg til nokre bilete av den flotte naturen i og rundt Skåbu. Ei fantastisk gåve frå Sigmund Hernæs! Han var ein utruleg allsidig og produktiv mann. Som mange...
Den bitre stiden om Koloa
EINAR HOVDHAUGEN: Busetnaden på Koloa står i ei særstilling og har neppe nokon fullstendig parallell andre stader i dalen. Heilt til på 1600 talet må Koloa ha lege som ein øye skogstrekning mellom Kjørum og Brebygda. Det er først på 1600-talet, da eit visst folkepress...
Folkepresset i grågrenda Skåbu
EINAR HOVDHAUGEN: Det synast som skåbyggingane, i motsetnad til mange andre stader, har hatt eit romsleg syn på busetting i allmenninga. En stad måtte dei plassere folkeoverskottet. Og Skåbu hadde den fordel, framfor bygdene nede i dalen, at jakt og fiske der verkeleg...
Husmannsguten som berga Veikle
IVAR KLEIVEN: Knut Veikle var ein husmannsgut frå ein plass under Kjørøm som heitte Gamelsletta. Da han nådde soldatåra, var han ein kar som heldt sine 3 alner på høgd, framifrå velvaksen og ein utskjølt staut og vakker ungdom, og derfor vart han skrive til...
Utukt på fjøset
RAGNAR ØVRELID: Tenarane låg i fjøset. Det var skikken frå gammalt av i Fron. Sokneprest Schiøth meiner at det er ein skammeleg uskikk at bøndene lar "såvel drenge som piger" ligge i fjøsa. Dette fører til stor "lettferdighed". Jenter og gutar er knapt 15-16 år før...
Tigging i Fron
RAGNAR ØVRELID: Dei ung gfita seg utan å kunne noko arbeid, dei hadde ikkje samla seg pengar eller klede, og etter eit halvt års ekteskap måtte dei ut og tigge, sidan stele. Foreldrelause barn streifa tiggande omkring. Fattigkommisjonen kritiserte gardbrukarane for å...
Jukulkula
På solsia synnafor Ny-Sambu — Nord-Fron — blir det om vinteren ei ofseleg stor sveilkule uppi li'n i ei dokk. Denne kula ligg slik til at sola ikkje kjem til der før seint på dagen, og ho held seg lenge utover våren. På Bre'e såg på denne kula når Øyangsvatnet var...
Sveltihelkjerra
MARGIT LYKKJOM FORTEL TIL ANTON LØKKEN: Mjølkebilen tok til å kjøre på setra i Sødorp i 1928. Da vart det brått slutt på ysting og kinning. Det vart messom meir matlaust på seter'n au. Eg hugsar eldre folk kalla mjølkebilen sveltihelkjerra. Men det vart i alle fall...
Vin og heim i Fron
IVAR KLEIVEN: Fron har støtt vore helde for den beste bygda i Gudbrandsdalen og blomen mellom dei, inga bygd har så mykje god og vokstom jord, og dei meste av grendene ligg godt og lugumt til, og derfor har Fron frå langt atti medelalderen vore ei sterk bygd med...
Seterlivet – en verdifull skatt
https://vimeo.com/105594300 Tove Østby delte andreprisen i historielagets konkurranse om beste lokalhistoriske video. Gratulerer! Juryen meiner: Videoen fortel om ein viktig og rik tradisjon – seterdrifta gjennom århundra. Med konkret utgangspunkt i filmskaparens eiga...
Videovinnar: Øvre og Nedre Skar
http://youtu.be/6r8Hld-wVs8 Charlotte Skar vann historielagets konkurranse om beste lokalhistoriske video 2014. Gratulerer! Juryen meiner: Denne videoen fortel litt om ei fortid som var meir strevsam og mindre kravstor enn vi kan førestille oss i dag – nemlig korleis...
Skriubakken og Fevolden
http://youtu.be/dvujVgWE8eY Bli med inn i Fronsbygdin 2014 og følg Gard Espeland. Her fortel han om to artiklar: Eit lite samfunn som nesten er borte av Odd Jan Skriubakken og Omgangsskulelæraren i Langli’n av Tore Fevolden. Det kjem fleire smakebitar.
Vil du vera med på tresking for 2 kroner dagen?
ALFRED ROLVSBAKKEN FORTEL TIL RAGNAR ØVRELID: Hausten 1933 var eg med på tresking hos åtte gardbrukarar, som eigde treskemaskin i fellesskap. For å bli med på treskinga måtte ein tinge på om våren, det var mange som gjerne ville vere med på dette arbeidet, som var...
Historia om Kvarvet
RAGNAR ØVRELID: Kvarvet, eller Ulkvarv (folk frå bygda sa Augelkvarv) var frå slutten av 1800-åra heimsæter under Nordgard Dalsegg. Kvarvet ligg 847 meter over havet, og gardane her er mellom dei som ligg høgst i landet. Det var sel på sætra til sommaropphald, og løe...
Eliten i Fron
RAGNAR ØVRELID: Eit bondearistokrati utvikla seg i bygda i førstninga av 1700-åra, både økonomisk og sosialt. Særleg sør i hovudsoknet vart det mange storgardar. Men vi kan også spore den same typen av elitedanning i Sødorp, kring dei gamle gardane i Ruste, i Kvikne...
Open dag på bygdatunet
Ramma rundt den opne dagen på bygdatunet i går var heilt perfekt, men publikum svikta. Knapt 20 personar var innom, sjølv om vi lokka både med gratis kaffi og heimesteikte vaflar, og ikkje minst demonstrasjon av både smiing, oppgangssag og maling av korn. Det vart...
Sveltihelbruket som er for lite brukt
http://www.youtube.com/watch?v=mk8AYdyLHw0 JOHANNES BRANDVOL: Milsteinstugu i Sødorp, som nå er bygdatun i Fron, må ha vore eit ekte sveltihelbruk, ei lita lykkje med skrinn og turr jord. Milsteinstugu må ha vore eitt av dei aller skrinnaste husmannsbruka "med jord."...
Gardsbumerkje i Fron
IVAR KLEIVEN: I dei siste to, tre mannsaldrar er bruken av bumerkje falle bort, og på ein mengde gardar er merkje heilt bortgløymt. Men kvar gard i ei bygd skulle ha sitt eige bumerkje, som vart hogge på tømmer og skåre eller rissa på kopper og kjørel. Dei er nok...
Fore gris i bunad
Dei kviskrar så stilt under felden
Dei to inni selet ligg glade og yr, og kviskrar så stilt under felden; - for kroken på innsida krøte dei på - - og om det kjem udyr - det vert vel ei råd guten han er her så sjelden. Etter at budeiene hadde gjort det som gjerast skulle og var nedkomne frå fjellet,...
16 korntønner fra Steig
ASBJØRN RINGEN: Behovet for fattighjelp var skrikende, evnen til å betale var liten. I 1774 døde Anne Iversdatter Steig, og hun testamenterte 49 riksdaler til de fattige. Hun var kone på storgarden Steig, og visste at mange i bygda levde under helt andre vilkår enn...
Kreative bureisarar i Skåbu
OLE CHRISTIAN RISDAL: Statens støtte til nydyrking og bureising i dei harde 1920 og -30 åra er kanskje eit av dei viktigaste distriktspolitiske vedtaka som nokon gong er gjort. På landsbasis vart det bygt opp over 10 000 bruk i denne perioden. Berre i Skåbu vart det...
Gardbrukarane forandra nødig bruksmåten
RAGNAR ØVRELID: Bøndene i Sør-Fron held altfor mange krøtter og hestar. For å halde liv i budskapen gjennom vinteren med sveltefôring, kjører bøndene dagleg til fjells for å hente høy, mose og ris. 20 skikkeleg fôra dyr ville gi meir mjølk og gjødsel enn 30 dårleg...
Ruste é gamledågå 2
[youtube=http://youtu.be/HOqG8p7Ny_A] OLE CHR. RISDAL: Her er andre delen av filmen Ruste é gamledågå. Første delen finn du her.
Toramjølk
ODD MIDTLIN: Eg har lyst til å dvele litt ved ordet toramjølk, som har gått av bruk, og dei unge i dag veit neppe kva det tyder. Det er knytt til separatoren, ein forholdsvis enkel maskin som skilde ut fløyten frå kumjølk. Separatoren heime hadde eit rundt stålkar på...
Kvikne og Skåbu – inneklemt og utestengt
EIN PÅSKEREISANDE 1904: Inntrykket man får av en reise oppover Kvikne og Skåbu er nokså blandet. Visstnok har dalføret sine tiltalende partier. Vinstra snor seg i sitt dype, trange leie i de forskjelligste buktninger, og langt oppover er den omkranset av frodig...
Ligger katta i stolen?
EIVIND HOLEN: Fra gammel tid ser det ut til at de unngikk å plassere husene der det gikk vannårer i grunnen. Jeg er blitt fortalt at i eldre tider plasserte de husene der dyra hvilte. Dyr er mere følsomme for slik stråling enn mennesker, og kyr legger seg ikke på...
Skjemtevise frå Kvikne
OLE CHR. RISDAL: Skjemtevisene er ein viktig del av folkediktinga vår. I desse visene blir ting sett på hovudet og det blir gjort narr av mangt og mykje. I dei fleste bygder verserer det slike viser, og her presenterer vi ei frå Kvikne, som går under namnet...
Rønnaug Sagboden
[youtube=http://www.youtube.com/watch?v=X8OgM4tLBpc] Bakkestugu i Skåbu var den siste husmannsplassen i Nord-Fron. Her levde Rønnaug Sagboden aleine halve livet sitt. Per Ottesen skreiv ein artikkel om ho i Fronsbygdin 2011. I 1992 var ho å sjå på Norge Rundt.
Godbitar
Den store dugnaden med identifisering av nyare lokalhistoriske bilde held fram på Facebook-sida. Det er mange godbitar! Her er ein av dei. Eit fantastisk bilde og tidsdokument.
Indersten, hans kone og barn
Husmannen – einaste mulege løysing på folkepresset
Bøndene hadde ein sunn motvilje mot oppdeling av gardane EINAR HOVDHAUGEN: Domen over husmannsskipnaden har vore heller streng. Sterkt engasjerte kjensler, sosiale motsetningar og politiske synsmåtar har her farga synet. Den objektive historiske vurdering av...
Alt du kan høyre!
Her fortel dei om møkkakjøring, slakting, matmål, fisking og fritid, originalar og andre skåbyggingar, det gamle seterlivet på Kvamsfjellet, Kviknekyrkja, veving i gamle dagar, overtru i Skåbu, pølsearbeid før i tida, ysting, bjørnejakt, veiding, feiing, måsåtak og...
Arbeid og fritid i Skåbu i gamle dagar
Før i tida var jordbruk, jakt og fiske det viktigaste næringsgrunnlaget i fjellbygda Skåbu. I dag står dette att berre som attåtnæring og hobby. Sjølv om det var lange arbeidsdagar og mykje slit, hadde dei faktisk litt fri også. Her fortel Paul Brenden og Torger T....
Matpause utpå jordet
Migbær
PAUL HENRIK HAGE: Migbær eller migardæill for krekling. Bæra har fått namn fordi dei er vassdrivande. Dæill (dall): brukt om noko som heng og dinglar eller om personar som er svære til å gjera det som fyrstelekken i ordet nemner. Krekling eller krøkling/kløkling...
Foretaksomme bygdafolk!
ASBJØRN RINGEN oppsummerer etter å ha skrevet jubileumsboka om Sparebank1Gudbrandsdalen: For en utflyttet frøning å skrive om sparebankene i Fron, har vært som å komme hjem. Det har vært et dypdykk i min egen generasjons og forfedrenes historie. Da kimen til banken...
Konglom
Slåttedugnad
Pølsemakar, pølsemakar…..
Før i tida produserte folk sjølv stort sett alt dei åt og drakk. I dag kjøper dei fleste alt og mange veit ikkje eingong kva dei et, og iallfall ikkje korleis maten blir laga. Her kan du høyre Anna Stenseng frå Vinstra fortelje korleis dei laga pølser i gamle...
De første frøningene
ASBJØRN RINGEN: Det har vært spekulert i om det var folk i Fron så tidlig som 30 000 år før Kristi fødsel, men det er usannsynlig, selv om dalen da var isfri. Det er funnet rester av mammut i Kvam fra den tida, og de store mammutene kunne det være meningsfylt å jakte...
Raudost-Anne
Slik såg ho ut, Anne Hov, som oppfann raudosten. Wikipedia: "Det er budeia Anne Hov fra Gudbrandsdalen som får æren av produktutviklingen. Oppfinnelsen med å tilsette fløte eller rømme til avkoket av myse, og dermed å ha skapt feitost, skriver seg etter sigende fra da...
Dagens lydkutt!
Adolf Tagestad fortel om slakting før i tida. Høyr her.
Ny kunnskap om Gudbrandsdalen
http://youtu.be/w9CVslKE3Rg Dei var meir garva, dei som budde her før! I forkant av E6-utbygginga har det i fleire år vore drive vitskaplege undersøkingar i Fron, leia av Ingar Gundersen frå UiO. Oppsiktsvekkjande funn er gjort! Her på ein ny film kan du sjå dei. 16...
Nytt lydkutt!
Torger T. Risdal fortel om veiding, feiing og det gamle jorbruket i Skåbu. Høyr her
13 lydkutt!
No er det lagt ut fleire lydkutt. Anna Hovden 1894-1984 frå Hundorp fortel frå gamle dagar. Torger T. Risdal frå Skåbu fortel om fyrste turen sin til Vinstra. Olaf J. Brandvol, Hans Skoe og Pål Bakken fortel om vinterkøyringa i Sødorp.
Stadnamn frå Skoe i Sødorp
Ny artikkel for dei språkinteresserte: Ei særoppgåve i norsk, skriven av ein tredjeklassing ved Vinstra vidaregåande skule for nokre år sidan. JØRN SKOE: Med denne oppgåva har eg som mål å samle flest mogleg stadnamn innanfor garden vår. Dette vil eg gjera ved å...
