Artiklar
Årsmøte torsdag 26.03.26
kl. 19.00 på Sør-Fron kommunehus Fron historielag ynskjer både nye og gamle medlemmer velkome til årsmøte på Sør-Fron kommunehus, torsdag 26.03.26 kl. 19.00. Det blir vanlege årsmøtesaker og enkel servering. Etter dei formelle årsmøtesakene vil Carl Henrik Grøndahl...
Svartkrut og flintlås
Utdrag frå intervju med Torger Nordre Risdal nedskriven av Sigmund Hernæs, truleg ein gong på 1960-talet. Utdraget er gjengjeve slik det er nedskrive. Bilda er ikkje av dei våpna som er nemnd i teksta. Snaplåsgevær med pipekasse turleg frå 1700-talet. Foto: Tormod...
Welcome to Furuheim!
Engelsk brosjyre for Furuheim hotell og familie pensjonat frå 1910. Furuheim vart fyrst bygd som sanatorium og hotell i 1893 av Petter E. Olsen og kona Anne. Petter døydde i 1904, og Anne vart da aleine med drifta, fram til ho selde Furuheim i 1919. Bygga vart da...
Hundorp 1932
Dette bildet har vi fått frå Harald Ødegård og er teke på Gudbrandsdal folkehøgskule på Hundorp, 21. august 1932. Bildet har han etter mor si, som var fødd på Dovre. Ho sit i fremste rada saman med ei som heitte Karen Sletten, som vart gift Øyen på Dovre. Harald lurer...
Minneord til Marie Rudi
Grethe Marie Toverud Rønningen: Eg har aner frå Rusten i Sør-Fron, og ein dag satt eg å bladde i ei notatbok som eg har etter tanta mi, Jenny Rusten. Der fann eg eit minneord om Marie Rudi som røyrde meg. Eg har reinskrive teksta slik ho står i notatboka: Notatboka og...
Nordgard Brandvolsetra
Eit bilde frå tidleg på 1900-talet av Nordgard Branvolsetra på Sødorpfjellet. Det er kjent frå skriftlege kjelder at alle Brandvolsgardane setra på Sulseter i 1668. I 1873 kjøpte Paul Erlandsen på Nordgard Brandvol to seterlykkjer frå Engebret Hansen Sygard Brandvol....
På jakt etter rein i 1963
Bli med Olaf Byrløkken, Erik Bråten og Sverre Byrhagen på reinsjakt hausten 1963. Utklypp frå Oppland Arbeiderblad. Tekst og foto: Johnny Antonsen.
Toksegardane kring 1900
Dette bildet er truleg tatt kring 1900. I framgrunnen ser vi den gamle Sødorpvegen i delet mellom Skoe- og Brandvoldsgardane. I bakgrunnen ligg Nigard Tokse nærast og Nordgard Tokse med den store eplehagen, som Paul Henrik Hage skreiv om i Fronsbygdin 2022...
Vi treng hjelp…
Og kanskje kan vi hjelpe deg òg. Seterbokprosjektet i regi av Fron historielag held fram og no kan du få hjelp til å legge inn opplysningar om setra di. Budeier. Bilde frå album etter Kari Klevstadbakken. På Kvamstunet vert det mogleg for setereigarar i Kvam å få...
Vinterbilde frå Sulsetra
Vinterbilde frå Sulsetra på Sødoprfjellet tatt rundt 1975. For dei som kjenner området i dag, er det tydeleg å sjå at tregrensa stadig fløtt seg oppover. Foto: Oddmar Myrum.
Originalar i Fron
Korleis blir det når du ber KI skrive ein artikkel? Ein av dei:Pål Nilsheimen. Bilde frå Anna Smikop. CARL HENRIK GRØNDAHL: Godt nytt år! Her på heimesida til historielaget kan vel det nye året høveleg nok markerast med eit møte mellom det nye og det gamle? Eg bad...
God Jul!
Med dette julekortet frå 1957, adressert til Karen (f. Øium) og Jakob Hansen på Nyseth i Kvam, ønskjer vi våre følgjarar ei riktig God Jul! Julekortet er lånt frå Gro Anita Hansen Resset. Utgivar: Mittet.
Ikkje for å mase, men…
Vi saknar framleis informasjon om fleire av setrene i Fron. Seter som postkortmotiv. Brandvoldsetra med Sulseter i bakgrunnen. Mange har svara på brevet som gjekk ut til setereigarane, og det er vi svært takksame for. Fron historielag arbeider vidare med boka om...
«Vinterbillede fra Søndre Fron»
"Vinterbillede fra Søndre Fron" har Herman Olsen kalla dette bildet av Sør-Fron kyrkja, som har vore brukt til å lage postkort for Gudbrandsdal bokhandel. På baksida er det påskrive vinteren 1912/13. Frå fotoarkivet etter Herman Olsen. Fotograf H.H. Lie.
Lagsavisa «Fram»
"Fram" var Vinstra ungdomslag si lagsavis, og her kunne medlemmane utfolda seg med forteljingar, dikt, songar, teikningar og liknande. Eit og anna alvorsord og moralske ytringar finnes nok òg. Redaktøransvaret gjekk på omgang mellom lagsmedlemmane og her er det Harald...
Gudbrandsdalsdomen
https://www.youtube.com/watch?v=RcWSuelSUgk Sjå den flotte filmen frå Gudbrandsdalsdomen laga av Geir Halvor Sollid. Sør-Fron kyrkje oppført i perioda 1786-1792.
Gåver til historielaget
Frå Kari Åse Tvete Hernæs og Jostein Hernæs har Fron historielag fått fire flotte vevskeier. Desse er svært forseggjort og vitnar om eit nøye arbeid. Opphaveleg stammer vevskeiene frå garden Kvigstad på Sør-Fron, men eigarane fann ikkje plass til dei lenger og...
Skåbygging som vart gullgravar og pelsjeger i Alaska
Ole Chr. Risdal: I samband med migrasjonsåret 2025 vil eg dele ein artikkel som Torger T. Risdal skreiv i boka si Ymse gamalt frå og omkring Skåbu i 1980. Iver T. Risdal (nørdre) 1870-1949 forlot fjellbygda i 1889 og slo seg ned i Alaska. Der levde han eit hardt og...
Vegkroa på Vinstra
Vegkroa på Vinstra, fotografert i 1965 av Jac Brun. Foto lånt frå Nasjonalbiblioteket. Vegkroa eller "Kroa" som vi berre kalla ho, opna i juli 1962. Det var A/S Veikroer som stod for bygginga av dei karakteristiske landemerka med den bratte takvinkelen . Mang ein...
«Du fe leva så vel»
14 år har Arild Teigen brukt på å finne ut av historia om utvandrarane Fredrik og Rønnaug Teigen og dei fem borna deira. Ikkje i samanheng da, seier Arild, med eit lurt smil. "Inkort ha è forrè med i millomti'n au", men det har vorte mange dykk i kjelder og samtalar...
Frå Kvam til Minnesota i 1867
"Det var som ei ferd lukt inn i tåkeheimen - Ingen hadde ei aning om kva som kunne skje" Slik skildra ein Gudbrandsdøl korleis det var for dei tidlege utvandrarane frå dalen, som reiste med seilskuter til Amerika. Det var ei risikabel reise inn i det ukjende og...
Butikkar i Skåbu. Ei korrigering
Ole Chr. Risdal: I artikkelen om butikkane i Skåbu i Fronsbygdin 2025 er det dessverre ei misvisande tekst til dette bildet. I boka er det berre Timann Heide som er knytt til bildet, men her er det sonen Kristian som sit ved rakefiskbuttane. Teksta skulle vere slik:...
Rekordstor årbok
God omtale av Fronsbygdin 2025 i Dølen Asbjørn Ringen har skrevet hovedartikkelen i Fronsbygdin. Her sammen med redaktørene Erling Skurdal og Geir Paulsrud. Foto: Ole Magnus Røen, Dølen Årets Fronsbygdin er på 226 sider, noe som er rekord. Den 22. utgivelsen gir...
«Fronsbygdin» på torader
Simen Fjeldberg Håland - Spelar sin sjølvkomponerte "Fronsbygdin" på lanseringa av Fronsbygdin 2025. Trykk på bildet for å sjå filmen.
Nå er ho ute, boka!
Du finn innhaldslista nederst i dette innlegget Erling Skurdal og Geir Paulsrud presenterte Fronsbygdin 2025 Simen Fjeldberg Håland spelte ... .. og Asbjørn Ringen fortalde To redaktørar, Geir Paulsrud og Erling Skurdal, som tydeleg trivast med å lage Fronsbygdin, la...
For mykje Møllers tran?
Få med deg gode historier torsdag 30.10 Hadde dei tre ordførarane Arne Fossmo, Rune Støstad og Ole Tvete Muriteigen teke litt for mykje Møllers tran? Da dei lanserte Gudbrandsdal kommune som som namnet på ein ny storkommune i midtdalen i 2016? Namn som Frya kommune og...
Farge på fortida 2
Det er nå gode tilbod på nettet med KI-program som kan gjere gamle sort/kvite foto om til fargebilde. Roger Slåstuen la ut dette fotoet ut på Facebook. Så har eg tatt det gjennom ein lynraskt prosess på PaletteSAS. Dette kan du gjere med alle dei gamle bilda dine.
Vinstra foss
Vinstraelva og fossen i Loholet har vore ei viktig energikjelde gjennom lange tider. Sagbruk, mølle og kraftstasjon er noko av det som har nyttegjort seg av kreftene i fossen. Du kan lese meir her: https://fronhistorielag.no/den-verdifulle-lofossen/. Bildet er henta...
Den andre boka er klar!
Ta turen til biblioteket på Vinstra 30.10. Redaktørane i Fronsbygdin, Geir Paulsrud og Erling Skurdal. Torsdag 30. oktober kl 18 legg dei fram den andre årboka si, dei to nye redaktørane Geir Paulsrud og Erling Skurdal: Fronsbygdin 2025. Har dei grunn til å vere nøgde...
Ekteskap og skilsmisse
Lansering av Fronsbygdin torsdag 30.10.kl 18 To gonger vart Fron delt i to kommunar, i 1852 og 1976. Fyrste gongen i fred og ro. Andre gongen med mykje strid og noko vondt blod. Kom på biblioteket på Vinstra torsdag 30. oktober kl 18 og høyr Asbjørn Ringen. Han har...
Krigshelt frå Skåbu
Halvor Iverstuen frå Skåbu var med på å senke Blücher i 1940. Bilde utlånt av Bjørn Rolf Iverstuen. Ole Chr. Risdal: I desse dagar går storfilmen «Blücher» på norske kinoar. Den byggjer på operasjonen som hindra at Noreg vart «teke på senga» den 9. april 1940....
![]()






























