Artiklar
Dugnadstid
Bli med å gjere det fint på Bygdatunet! Tysdag 28. april frå kl. 18.00 og utover, blir det dugnad på Fron Bygdatun. I følge Ola er det ikkje mykje å rake i år, så vi satsar på å rydde opp litt i fjoset og dei to stabbura i tillegg. Kanskje blir det så bra at vi kan...
Fagerhøy seterhotell
Fagerhøy seterhotell, seter til Sygard Forr på Frya. Bygd av Knut Bay i 1881. Fotografert av Mathias Paulsen Lien rundt 1895. Eigar av bildet: Maihaugen.
Livet kring mjølkerampa
Nokre tankar og minne ved ei gammal mjølkerampe MARGIT LYKKJOM: Ja, slik halvt itåvelt ligg ho her nå, denne mjølkerampa ved setervegen på Sødorpfjellet. Ho har truleg hatt litt hjelp til sitt forfall, det har vorte for mykje for henne. Det er elles ikkje bruk for...
Budeier på Haugsetra
Hanna Resvoll-Holmsen: "6 budeier på besøk hos mig på Stakstastøl, Haugseter i Kvam. Fra venstre : Thea Berget, Mari Moen, Kari Brendemoen, Mattea Lille-Marken, Anne Kalsen og Anne Lien 14/8-32."Hanna Resvoll-Holmsen f. 1873 i Vågå, var botanikar og er mest kjend for...
Årsmelding 2025
Forsida er laga med hjelp av AI. Foto: Nils Chr. Steig, Sted: Åsen seter, Sør-Fron Årsmelding for Fron Historielag 2025 Innleiing 2025 har vore eit aktivt og innhaldsrikt år for Fron Historielag, med stor aktivitet innan formidling, dugnadsarbeid, bokprosjekt,...
Tipper du?
Hugs at du kan støtte Fron historielag ved å gi oss din grasrotandel.
Påsketrafikk
Frå den gongen gjestane kom med tog på påskeferie. Slik var det faktisk til opp mot 1960-70 talet, da mange av hotellgjestane kom med tog til Vinstra, og vart skyssa til fjells med hest, og etter kvart med bil og buss. Utsnitt av fotografi frå samlinga etter Herman...
Per Tofte er død
Han fortalde spennande om livet sitt i Fronsbygdin 2015 Her les han frå artikkelen https://www.youtube.com/watch?v=6xysO3-HOzo
Vel blåst årsmøte
Carl Henrik Grøndahl fortel om Johan Sørensen. Da var årsmøte for 2025 gjennomført på Sør-Fron bibliotek, med nær 40 frammøtte. På grunn av dobbeltbooking for lagets sekretær, vart det endringar på det planlagde programmet, og årsmøtet starta difor med foredraget om...
Kvikne setermeieri
I Kvikne var dei tidleg ute med tankane om å starte organisert fellesbehandling av mjølk i Gudbrandsdalen. På eit møte på Nedre Harildstad den 6. mars 1876 vart seks gardbrukarar samde om å byggje Kvikne setermeieri på Breistulen. «Interessentskabets Formaal er ved...
Stolte gutar
Stolte gutar som har bygd sin eigen tilhengar på metallsløyden på Vinstra ungdomsskule. Bildet er truleg tatt våren 1983. Frå venstre: Jo Røssummoen, Simen Killi, Helge Hagelien, Jan Sagranden, Jon Hage, Ola Lunde og lærar Gunvald Høiberg. Foto: Oddmar Myrum.
På tide å fornye kontingenten!
Møkkbreiarar i Kvikne
Det er snart tid for våronn, men dette er ein arbeidsoperasjon det er heilt slutt på. Odmar Ekre og Hans Løvli breier møkk med greip på Opsahl i Kvikne rundt 1970. Foto: Torbjørn Mathisen (Tobben).
Pål Kluften-kveld i Ruste bygdahus
Torsdag 19. mars kl. 19.00 inviterer Fron mållag til kulturkveld i Ruste bygdahus, der Pål Kluften sitt liv og virke blir presentert. Han er blant mykje anna kjend for å ha teke initiativ til Per Gynt-stemna på Vinstra, som i dag er vidareført i Kulturfestivalen Peer...
Årsmøte torsdag 26.03.26
kl. 19.00 på Sør-Fron kommunehus Fron historielag ynskjer både nye og gamle medlemmer velkome til årsmøte på Sør-Fron kommunehus, torsdag 26.03.26 kl. 19.00. Det blir vanlege årsmøtesaker og enkel servering. Etter dei formelle årsmøtesakene vil Carl Henrik Grøndahl...
Svartkrut og flintlås
Utdrag frå intervju med Torger Nordre Risdal nedskriven av Sigmund Hernæs, truleg ein gong på 1960-talet. Utdraget er gjengjeve slik det er nedskrive. Bilda er ikkje av dei våpna som er nemnd i teksta. Snaplåsgevær med pipekasse turleg frå 1700-talet. Foto: Tormod...
Welcome to Furuheim!
Engelsk brosjyre for Furuheim hotell og familie pensjonat frå 1910. Furuheim vart fyrst bygd som sanatorium og hotell i 1893 av Petter E. Olsen og kona Anne. Petter døydde i 1904, og Anne vart da aleine med drifta, fram til ho selde Furuheim i 1919. Bygga vart da...
Hundorp 1932
Dette bildet har vi fått frå Harald Ødegård og er teke på Gudbrandsdal folkehøgskule på Hundorp, 21. august 1932. Bildet har han etter mor si, som var fødd på Dovre. Ho sit i fremste rada saman med ei som heitte Karen Sletten, som vart gift Øyen på Dovre. Harald lurer...
Minneord til Marie Rudi
Grethe Marie Toverud Rønningen: Eg har aner frå Rusten i Sør-Fron, og ein dag satt eg å bladde i ei notatbok som eg har etter tanta mi, Jenny Rusten. Der fann eg eit minneord om Marie Rudi som røyrde meg. Eg har reinskrive teksta slik ho står i notatboka: Notatboka og...
Nordgard Brandvolsetra
Eit bilde frå tidleg på 1900-talet av Nordgard Branvolsetra på Sødorpfjellet. Det er kjent frå skriftlege kjelder at alle Brandvolsgardane setra på Sulseter i 1668. I 1873 kjøpte Paul Erlandsen på Nordgard Brandvol to seterlykkjer frå Engebret Hansen Sygard Brandvol....
På jakt etter rein i 1963
Bli med Olaf Byrløkken, Erik Bråten og Sverre Byrhagen på reinsjakt hausten 1963. Utklypp frå Oppland Arbeiderblad. Tekst og foto: Johnny Antonsen.
Toksegardane kring 1900
Dette bildet er truleg tatt kring 1900. I framgrunnen ser vi den gamle Sødorpvegen i delet mellom Skoe- og Brandvoldsgardane. I bakgrunnen ligg Nigard Tokse nærast og Nordgard Tokse med den store eplehagen, som Paul Henrik Hage skreiv om i Fronsbygdin 2022...
Vi treng hjelp…
Og kanskje kan vi hjelpe deg òg. Seterbokprosjektet i regi av Fron historielag held fram og no kan du få hjelp til å legge inn opplysningar om setra di. Budeier. Bilde frå album etter Kari Klevstadbakken. På Kvamstunet vert det mogleg for setereigarar i Kvam å få...
Vinterbilde frå Sulsetra
Vinterbilde frå Sulsetra på Sødoprfjellet tatt rundt 1975. For dei som kjenner området i dag, er det tydeleg å sjå at tregrensa stadig fløtt seg oppover. Foto: Oddmar Myrum.
Originalar i Fron
Korleis blir det når du ber KI skrive ein artikkel? Ein av dei:Pål Nilsheimen. Bilde frå Anna Smikop. CARL HENRIK GRØNDAHL: Godt nytt år! Her på heimesida til historielaget kan vel det nye året høveleg nok markerast med eit møte mellom det nye og det gamle? Eg bad...
Ikkje for å mase, men…
Vi saknar framleis informasjon om fleire av setrene i Fron. Seter som postkortmotiv. Brandvoldsetra med Sulseter i bakgrunnen. Mange har svara på brevet som gjekk ut til setereigarane, og det er vi svært takksame for. Fron historielag arbeider vidare med boka om...
«Vinterbillede fra Søndre Fron»
"Vinterbillede fra Søndre Fron" har Herman Olsen kalla dette bildet av Sør-Fron kyrkja, som har vore brukt til å lage postkort for Gudbrandsdal bokhandel. På baksida er det påskrive vinteren 1912/13. Frå fotoarkivet etter Herman Olsen. Fotograf H.H. Lie.
Lagsavisa «Fram»
"Fram" var Vinstra ungdomslag si lagsavis, og her kunne medlemmane utfolda seg med forteljingar, dikt, songar, teikningar og liknande. Eit og anna alvorsord og moralske ytringar finnes nok òg. Redaktøransvaret gjekk på omgang mellom lagsmedlemmane og her er det Harald...
Gudbrandsdalsdomen
https://www.youtube.com/watch?v=RcWSuelSUgk Sjå den flotte filmen frå Gudbrandsdalsdomen laga av Geir Halvor Sollid. Sør-Fron kyrkje oppført i perioda 1786-1792.
Gåver til historielaget
Frå Kari Åse Tvete Hernæs og Jostein Hernæs har Fron historielag fått fire flotte vevskeier. Desse er svært forseggjort og vitnar om eit nøye arbeid. Opphaveleg stammer vevskeiene frå garden Kvigstad på Sør-Fron, men eigarane fann ikkje plass til dei lenger og...
Skåbygging som vart gullgravar og pelsjeger i Alaska
Ole Chr. Risdal: I samband med migrasjonsåret 2025 vil eg dele ein artikkel som Torger T. Risdal skreiv i boka si Ymse gamalt frå og omkring Skåbu i 1980. Iver T. Risdal (nørdre) 1870-1949 forlot fjellbygda i 1889 og slo seg ned i Alaska. Der levde han eit hardt og...
![]()






























