Er dei rett navla, frøningane?

Er dei rett navla, frøningane?

Dei gjer mykje rart når dei festar Frikaren - den einaste som brydde seg og hjalp den stakkars brudgommen. CARL HENRIK GRØNDAHL: Det stod eit bryllaup på ein storgard i Fron. Odelsjenta gifta seg. Men dei har underlege bryllaupsskikkar i Fron. Brura vil ikkje vere med...

read more

Var Per Gynt svensk?

IVAR KLEIVEN: Det er nok heilt visst at Per Gynt har vore brukar og budd på Nordigard Hågå på Sødorp, men noko sikkert om tida og livssoga hans er det vanskeleg å få tak i. Og korleis Gynt-namnet er lagt på han, er det heller ikkje noko å få veta om, kanskje er det et...

read more

Gardsbumerkje i Fron

IVAR KLEIVEN: I dei siste to, tre mannsaldrar er bruken av bumerkje falle bort, og på ein mengde gardar er merkje heilt bortgløymt. Men kvar gard i ei bygd skulle ha sitt eige bumerkje, som vart hogge på tømmer og skåre eller rissa på kopper og kjørel. Dei er nok...

read more

Anne og huldreguten

FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?:  For lenge sidan var det ei ung jente som heitte Anne Rykhus. Ho var på budeie på ei seter. Så vart ho kjend med ein huldregut, og dei skulle snart gifta seg. På setra hadde dei ein nauthund, han skjøna at det var noko gale på ferde og...

read more

Da sør-frøningane ville velja seg prest sjølve

Presterolla var utfordrande før i tida også. Dette brevet frå 1890 var tenkt til kyrkjestatsråden, men vart stoppa av sorenskrivaren på Heggerud. Frøningane er lei av "gamle og til dels udslidte Præster"! Men slikt opprør ville ikkje sorenskrivar Beer ha noko av. Til...

read more

Pilegrimsvandrar i Fron

TORMOD BERGER: Det er ofte slitsamt å vera pilegrim. Spesielt viss du vandrar langt, og spesielt viss du følgjer pilegrimsvegen oppover Gudbrandsdalen. Med tung bør skal du høgt opp og bratt ned.  Og om ikkje anna så oppdagar du i allfall den fantastiske utsikta, den...

read more

Huldra på Åkre

FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Det var på Åkre ein gong ei jente som heitte Oline, ho var budeie der. Så ein kveld var det borte ei ku for ho, og tok av stad og skulle leite etter ho. Da ho kom nedmed Åkervatnet, møtte ho ei annor jente som ho ikkje kjende. – Har du...

read more

Då Erek Skreddarstugun mista hovudet

FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Det var ein gong kjerringa åt 'om Erek Skreddarstugun stod og stampa graut. Då vart ho så sint at ho slo til mannen sin i hovudet med sleiva så det trilla burtetter golvet og under benken. Ho vart redd og flaug burti smia åt far hans....

read more

Ein snau kar frå Heidal og kjerringa med synåla

FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Det var ein gong ein mann, ein snau fekar frå Heidal, som dreiv på med å setja op eit gjerde. So kom det bortåt honom ein mann med raudt hår og spurde: "Var du ikkje med då Vår-Herre skifta ut håret, du då?" "Jau," svara den snaude,...

read more

Skrivaren i grana

FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Anne Rykhus var ein gong hos skrivaren, og ho spurde han: "Hengjer det seg eit menneskje kvar veke?" Då vart skrivaren sint og svara: "Du tull-Guri, du æ! Du skuld sjølv vore hengt i den store grana utafor her." "Gud nåde deg, du kjem...

read more

Vis-Knut i lauvskogen

FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Ein gong Vis-Knut var i lauvskogen, tok det til å stridregne, og då tok han ein lauvkjørv som han skulde halde over seg. Men han sleit seg frå han . "Eg fekk nok ikkje da denne hell eg," skulde han ha sagt.

read more

Vis-Knut: Slik vart han vis

FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Han Vis-Knut tok til å få visdomen sin ein gong han skulde til kyrkja. Han gjekk til grannegarden dagen fyrr, og der var han natta over, og om morgonen då han skulde til kyrkja tok han beinast gjenom åker og eng, men det syntest ikkje...

read more

Segner som takk

OLE CHRISTIAN RISDAL: Grosserar Tønder Bull frå Oslo kjøpte Fjellheim i Skåbu omkring 1920. Han tok i bruk plassen som feriestad og vart svært interressert i Skåbu. Han gav mellom anna døypefonten da bygda fekk eigen kyrkje i 1927, og han kjøpte inn ein del utstyr til...

read more

Ta ut blod av trollkjerringa når ho blir brent

IVAR KLEIVEN: Ei trollkjerring var brent på den plassen som vart kalla Båle. Da dei følgde ho til rettarstaden, batt dei for augo hennar, for dei ottast for at ho kunne ha makt til å gjere olykke med dei vonde augo sine. Og da ho skulle rettast og dei løyste frå augo...

read more

Husgåta i Fron

IVAR KLEIVEN: Etter folkesagnet stod det to munkeklostre i Fron i medelalderen, det eine på Grytting og det andre på Rolstad. Om desse husa finst det ikkje noko i gamle fornbrev, men både Gerhard Schjøning og presten Hjorthøy fortel om dei, og den gamle bygninga på...

read more

Sankt Olav og ormen

IVAR KLEIVEN: Da Sankt Olav kristna dalen og kom til Fron etter slaget på Breden, fór han på vestsida gjennom Ruste og heldt rast på Bø. Somme seier det var på Lomoen. Kongen og mannskapet kvilte og åt under bar himmel, og mens dei reidde opp maten, kom det rennande...

read more

Dei fann kvarandre etter Svartedauen

IVAR KLEIVEN: Svartedauen sopte det folketomt både i Kvikne og Skåbu. Berre eit einaste menneske levde att etter sotten, og det var ein ung gut frå Megard i Skåbu. Han tok på vidda og ville leite etter folk som var i live, gjekk over fjellet og kom til Slette i Heidal...

read more

Ligger katta i stolen?

EIVIND HOLEN: Fra gammel tid ser det ut til at de unngikk å plassere husene der det gikk vannårer i grunnen. Jeg er blitt fortalt at i eldre tider plasserte de husene der dyra hvilte. Dyr er mere følsomme for slik stråling enn mennesker, og kyr legger seg ikke på...

read more

-Sjeldent høy temperatur om klufta

"Temperaturen på Fron Historielags hjemmeside har vært sjeldent høy den siste tida. Årsaken er bruk av ønskekvist, også kalt kluft", skriver journalist Inger Stokland i GD 25. januar. Journalister har som kjent nese for konflikt. Vi la ut en artikkel av Eivind Holen...

read more

Ei gammal segn frå Skåbu

OLE CHR. RISDAL: I likheit med andre bygder i Noreg verserer det også i Skåbu ein del segner. For nokre veker sidan vart eg mint på ei av dei takka vere Sjur Sande som la den ut på Facebook. Der bureisingsbruket Nymo ligg var det i gamle dagar ei lita slette som dei...

read more

-Sjølvsagt er klufta humbug

-Klufta, eller ønskekvisten, har vore mykje omdiskutert. Mange oppfattar vel klufta som rein humbug. Sikkert er det at mye vatn har vorte funne i bygdene våre med dette hjelpemidlet, skriv Eivind Holen i ein artikkel her på heimesida. På Facebook-sida til...

read more

Skjemtevise frå Kvikne

OLE CHR. RISDAL: Skjemtevisene er ein viktig del av folkediktinga vår. I desse visene blir ting sett på hovudet og det blir gjort narr av mangt og mykje. I dei fleste bygder verserer det slike viser, og her presenterer vi ei frå Kvikne, som går under namnet...

read more

Å gå med klufta

 EIVIND HOLEN: Klufta, eller ønskekvisten, har vore mykje omdiskutert. Mange oppfattar vel klufta som rein humbug. Sikkert er det at mye vatn har vorte funne i bygdene våre med dette hjelpemidlet. Det eg såg og opplevde heime i Holen, er på mange måtar så merkeleg at...

read more

Heidningane i Skåbu

OLE CHR. RISDAL I samband med innføringa av konfirmasjonen i 1736, vart det sett fart i leseopplæringa og folkeopplysninga i Noreg. Men det skulle gå lang tid før ein fekk  omvendt alle heidningar. Det var som regel prestane som hadde denne utakksame oppgåva. Her i...

read more

Pilegrimsherberge

Pilegrimsherberget på Sygard Grytting i Sør-Fron er den einaste profane bygninga frå katolsk tid, i bruk for vandrarar langs pilegrimsleia mellom Oslo og Nidaros. Eit 700 år gamalt verna kulturminne som tek imot vandrarar frå både inn- og utland. Kva er motiva for å...

read more

Denne treguden!

RASMUS STAURI: Frå Maihaugen 1958, da Sør-Fron hadde ansvaret for St. Hansfesten. Spelet om Dale-Gudbrand av Are Stauri vart framført med lokale aktørar. Frå venstre: Torleiv Helling (Tord Istermage), Are Stauri (Dale-Gudbrand), Hans Forr (Kong Olav), Johan Rudihagen...

read more

Knut Kvidaland og Sør Fron kyrkje

RASMUS STAURI: Tidlegare sokneprest Knut Kvidaland i Sør-Fron døydde brått  på ei tenestereise til Bangladesh nyleg. Les minneord. Han vart berre 52 år. Familien reiste frå Sør-Fron i 2009, men kom ofte attende til bygda på besøk. Knut og kona Berit og dei tre gutane...

read more

Kviknekyrkja

Neste år er det 250 år sidan Kviknekyrkja vart bygt. Det var Peder Korpberget frå Kvikne og Tord Risdal frå Skåbu som stod for bygginga. Tord var også smed og han utførte derfor noko av smedarbeidet. Ho vart reist på grunnen til Sygard Sylte, men under Ofsen i 1789...

read more

Om Peer og Per

RAGNAR ØVRELID: Ibsen gav sin Peer to e-ar, fordi han etter regelen brukte ein ekstra e når vokalen var lang. Ibsens Peer er grei nok, han er diktarens eigen skapning, i mangt bygd på Goethes Faust, og på lokale tradisjonar og skrøner frå Gudbrandsdalen. Den lokale ...

read more

Mystikk og overtru

I gamle dagar trudde folk meir på overnaturlege ting enn i dag. Overtrua var faktisk ein del av kvardagen for mange. Respekten og audmjukskapen for naturen var nok mykje større før i tida, og folk hadde tid til å sjå etter ting og undre seg over ymse fenomen....

read more

Loading