Informasjon

Passivitet og bygdesladder

Ordføraren prøvde, men fekk det ikkje til CARL HENRIK GRØNDAHL: Det er ikkje alltid så lett å ta initiativ. Ivar Kleiven kalte Fron-historieboka si for Fronsbygdin i 1930. Da historielaget tok til å gje ut årbok i 2003, var det berre rett og rimelig at den tradisjonen...

read more

Noko å sjå fram til!

Fronsbygdin 2016 levert frå trykkeriet Han er vel nøgd, redaktøren av Fronsbygdin, Rasmus Stauri, med boka som kjem i år. -Her er noko for alle - om oppvekst på eit småbruk i Ruste, om ein frøning i gapestokken og hærverk på Prinsehytta i Sikkilsdalen. Mellom anna....

read more

Ettertrakta bok!

Einar Hovdhaugens viktige bok frå 1974, Gardar og slekter i Fron i to bind, utgjeve av Fron historielag, er no til sals på eBay for omlag 2200 kr. Eller du kan få dei på amazon.com for ikkje mindre enn $280. Ikkje dårleg. Bind 2 om Nord-Fron er utseld frå...

read more

Vel møtt på Heggerud!

Historielaget inviterer til markvandring tysdag 6. september Her budde sorenskrivaren og russiske offiserar. Hit flytta dei hus frå nikkelverket i Espedalen. Her er det gamle fangstgraver. Bli med på markvandring og få spennande gardshistorie om Heggerud gard tysdag...

read more

Vellykka markvandring

Turen frå Feforbua til Vollsdammen torsdag kveld blei svært vellykka. I alt 44 personar hadde pakka sekken sin og reist til fjells denne fine førsommarkvelden. Primus motorar og kjentmenn på turen var Lodver Bryhn og Anders Haugen. Dei innehar svært mykje...

read more

Nokon som angrar nå?

For 44 år sidan ville 85% av sør-frøningane ut av storkommunen Berre 15 % ønskte Fron-fellesskap. 85,3% av sør-frøningane ønskte å kvitte seg med storkommunen og få Sør-Fron som eigen kommune. Nokon som angrar nå?  

read more

-Slik at fleire kan bli involverte

Møt den nye leiaren i historielaget CARL HENRIK GRØNDAHL: -Det var ikkje kamp om leiarvervet i Fron historielag, men ei måtte ta det på seg, og som lærar kan du administrere, seier Ellen Steberg. På tide, vil kanskje nokon seie, at det etter bortimot 90 år kjem ein...

read more

Ny leiar i historielaget

Da styret hadde møte 3. mai, fekk historielaget ny leiar etter Anders Hage. Ein av desse åtte er nå leiar for Fron historielag. Tipp og sjå om du tippar rett. Bortimot 90 år etter stiftinga i 1928 har Fron historielag nå ei kvinne som leiar for første gong: Ellen...

read more

Laget utan leiar

Ingen ville ta på seg å gå inn som leiar av Fron historielag, når Anders Hage nå trekk seg ut etter å ha vore formann i seks år. Det kunne formannen i valnemnda, Svein Jetlund, fortelje dei 5o frammøtte på årsmøtet i går. Det blir derfor opp til det nye styret å finne...

read more

Velkomen til årsmøte i kveld!

https://youtu.be/8YUK5tkJD4Y I kveld, torsdag 14. april  2016  kl. 19.00  på  Hundorp Dale-Gudbrands Gard, der Asbjørn Ringen held foredrag om meieridrifta i Midt-Gudbrandsdalen. Det er vanlege årsmøtesaker og litt om utfordringane med årboka Fronsbygdin. Bevertning....

read more

Har du fleire namn?

Her kan du verkeleg kose deg med namn! Og finn du nokre feil? SVEIN JETLUND: Historielaget starta i 2003 eit prosjekt for registrering av namn i innmarka i Sør-Fron. Dei aller fleste registreringane er digitalisert. Desse er tilgjengelege her eller ved å klikke på...

read more

Bli med til Eidsvoll

https://youtu.be/qqoFAe7eSiQ Søndag 8. mai arrangerer Foreningen Norden i Sør-Fron dagstur til Eidsvoll. Turen er åpen for alle. Haverstad Turbiler frakter oss til Eidsvoll, omvisningen starter kl. 12.00 Se bygningen -varighet: 45 min Eidsvollsbygningen er restaurert...

read more

For 30 år sidan?

https://youtu.be/qEhkEuKSBAw I dag er det velkjend, det Vemund Hagen syner fram i denne filmen, som er ei hylling til landbruket i Nord-Fron. Men tenk om nokon hadde laga ein slik film for 30 år sidan? Hadde vore gildt å sjå i dag. Like gildt som det vil vere å sjå...

read more

Nei, det vert ikkje noko i år

https://youtu.be/xAGcNZPgqXY Det kjem ingen invitasjon til videokonkurranse med pengepremiar frå Fron historielag i år. I fjor var det ingen som hadde lyst eller høve eller interesse nok til å vere med, og det har styret tatt konsekvensane av. Så får ein berre håpe at...

read more

Takk til alle 72 222

Ny rekord for denne heimesida i 2015 Fron historielag var i godt lag i 2015 - og takk til alle for samvær på nettet med interesse for lokalhistorie i Fron. Artiklane og bilda på denne sida vart lesne og sett nær på 153 000 gonger. Tilsvarande tal for 2014 var 151 000....

read more

Framleis tid før jul

Her kan du sjå hva boka i år inneheld. Vil du lese kva Dølen meiner om Fronsbygdin? Kari Bay Haugen rapporterer frå lanseringa her. Vil du vere med Per Tofte i Nidarosdomen? Eller Vemund Hagen opp til Litjgardskarane? Du finn mykje godt stoff å kose deg med i...

read more

NRK har gull i sine arkiv

Dølen tar opp ein interessant sak Dølen har fanga opp at historielaget legg ut gamle NRK-program på denne heimesida og lagar ein interessant sak. Distriktsjefen i NRK Hedmark og Oppland, Inger Johanne Solli, seier til avisa at NRK ønskjer å gjere mykje av arkivet sitt...

read more

Skaff deg bestseljaren!

Ikkje overraskande at det første du møter når du kjem inn til Vinstra Libris, er ein diger stabel med Fronsbygdin 2015. Det er boka folk vil ha. Ho går unna. Rundt 200 blir selde her berre i november. Du kan ôg kjøpe ho i dei fleste daglegvarebutikkane i Fron. Her kan...

read more

Ta farvel med gamle E6

Nye E6 som nå skjer seg gjennom bygdene, er truleg det største menneskeskapte inngrepet i bygdene våre nokon gong. Trass i to lange tunnelar og at planleggjarane er mykje flinkarere til å ta estetiske omsyn enn før, er dette eit inngrep som set eit varig skilje. På...

read more

Møt Per Tofte på Rudi

Per Tofte kjem til boklanseringa på Rudi gard! "Den heilt store begivenheta i teaterlivet mitt var Peer Gynt ved Gålåvatnet," skriv han i årets utgåve av Fronsbygdin. "Dei seks somrane som Peer står som eit heilt uutsletteleg minne, (...) noko eg ber med meg som ein...

read more

Litt av ein kveld!

Er du kvamvær og har fått deg eit klengjenamn, trivst du med det. Truleg. Det skriv Håkon Sveen om i årets utgåve av Fronsbygdin. Ta deg ein tur til Rudi gard torsdag 29. oktober kl 1830 - og du får med deg litt av ein kveld! Først lansering av boka med mykje gildt...

read more

Hans H. Lie og hans søsken

30. september spurte Marit Holm om noen kunne hjelpe henne med å finne søsken til fotografen Hans. H. Lie. Ove hjelper henne: Ole Halvorsen, Birgit Halvorsdatter, Guttorm Halvorsen, Ingeborg Halvorsdatter var fire av søskna hvertfall. Mor het Ragne Guttormsdatter og...

read more

Ingen videoar!

Da fristen gjekk ut 25. september hadde ingen sendt inn ein lokalhistorisk video til konkurransen i historielaget. I fjor kom det inn tre videoar. Vi må berre slå fast at 10 000 kr i premiar, profesjonell vurdering og publisering som når mange tusen, ikkje er nok til...

read more

Berre sju dagar att!

Nå startar innspurten i årets videokonkurranse. Neste fredag går fristen ut. Til å sende oss den lokalhistoriske videoen din. 10 000 kroner i premiar. Vilkåra finn du her.  Og  her er vinnarane i videokonkurransen 2014. Her finn du ôg det juryen hadde å seie om dei...

read more

Spenstig opning av Skodalsåa

Ole Chr. Risdal: Det blei ei verdig og flott opning av Skodalsåa laurdag formiddag. Ordførar Ole Muriteigen opna anlegget med å sage tvers av ein gammal staur. Ei symbolsk handling når ein veit kva slags rolle saga har spelt i denne samanheng. Han vart akkompagnert av...

read more

Skodalsåa kulturstig

Fron historielag har gleda av å informere om at Skodalsåa Kulturstig  opnar laurdag 12. september kl. 12.00. Les programmet her: PROGRAM FOR DAGEN Frammøte ved Harpefoss Skule Kort orientering om Skodalsåa Kulturstig Opning ved ordførar Ole Muriteigen Musikalsk...

read more

Kven trur du at du er?

Dei leita etter lagnadar og hendingar i slekta. Kva er det som er skjult? Ikkje fortalt? Kva er det spennande å hente fram? I programserien på NRK var kjentfolk i sving. Men vi har alle ei slekt der historie og levekår har forma og sett spor. Har du lyst til å gå på...

read more

Bra interaktivt kart!

Nettstaden DIS presenterer eit særs bra kart: En norsk-amerikaner med stor interesse for norske stedsnavn, gårder, gater og plasser har laget et flott interaktivt kart. Alle med interesse for slekt og hvor de bodde kan ha stor nytte og glede av dette kartet.  Kartet...

read more

Forteljarglede i levande bilde

http://www.youtube.com/watch?v=qgOqhRbTcUQ Fron er full av folk med livserfaring, kunnskap og glede over å fortelje. Det er berre å leike seg med bilde og lyd. Bruke videokameraet, eit levande ansikt, lyset, stemninga, det overraskande. Så redigere – sette saman film,...

read more

Markering i Øvre Skar

Sundag 28.06.15 kl. 12.00 inviterer Harpefoss IL og DNT Gudbrandsdalen til markering av at restaureringsarbeidet i Øvre Skar er kome så langt at det første huset kan takast i bruk i tursamanheng. Det er det vesle eldhuset som nå er rusta opp. Her er ein video frå Øvre...

read more

Kva skjedde da Frøningheimen brann?

CARL HENRIK GRØNDAHL: Her er eit godt døme på at aktivitet på sosiale medier, her Facebook, kan vere av stor verdi for innsamling av lokalhistorie og ei kjelde for framtidige historieskrivarar.  I 1943 brann ungdomshuset Frøningheimen ved Jensbakken. Ragnar Øvrelid...

read more

Kom til Borg bygdemuseum i Kvikne!

Historielaget inviterer til forteljarkveld på Borg bygdemuseum torsdag 11. juni kl. 19.00. Magnar Wistad fortel om historia til Borg, mens Marit Håkenstad tek for seg stortingsmannen og bonden Ole Paulssøn Haagenstad. Han kom eigentleg frå Nigard Harildstad. Du får óg...

read more

Tømmerhytte vart bil

Godt sal av vaskemaskinar i Heidal. Mykje molte ein stad mellom her og Røros. Ein tømmerhytte på Braskereidfoss før krigen vart til ein bil etter. Kystartilleristen som venta på Hitlers invasjon i England i 1940. I går kveld fekk 92 år gamle Thor Sæthersmoen årsmøtet...

read more

Fron over heile verda

PER SCHAANNING: Hei, jeg følger med så godt det lar seg gjøre herfra Taiwan, hvor jeg har vært bosatt siden midten av 1990 tallet, dette med unntak av fire år også innen shipping business mellom 1999 og 2002 ut fra Melbourne Australia. Etablerte deretter eget firma ut...

read more

41 måleri

41 måleri av nesten alle gardsbruka og setrene i Skåbu og Tverrbygda, ei fantastisk gåve til bygdahuset i Skåbu frå Sigmund Hernæs, er nå samla på ei side her på denne bloggen til Fron historielag. Med gardsnamn og noko historikk. Du finn ôg sida nede til høgre -...

read more

Den samme livsreisa som oss

Har du glede av denne heimesida? Ho blir til på frivillig, ulønna basis. På gleda over å kunne formidle livsnære, inspirerande, tankevekkande og rørande ord og bilde om menneske som var ute på den samme livsreisa som oss, før vår tid. Slik blir vi tydelegare for oss...

read more

Du kan vinne 5000 kroner!

Fron historielag inviterer til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron 2015. I Fron kan ein ause av tema for ein lokalhistorisk video. Det er lagt ut mykje videostoff på denne sida som kan brukast. Det er mange tusen historiske stillbilde i...

read more

Takk for 2014!

Gode nyttårsønske frå oss i Fron historielag.! Det har vore eit triveleg og aktivt år på denne heimesida.  Desember vart rekordmånad med 17 278 treff i skrivande stund. Omlag 60 000 besøk frå 21 land i 2014. Dei las til saman artiklane 150 590 gonger så langt. Fem på...

read more

Videokonkurransen 2015

Fron historielag inviterer til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron 2015. I Fron kan ein ause av tema for ein lokalhistorisk video. Det er berre å bla i årgangane av Fronsbygdin, så regnar det med idear. Men mange gamle kjem aldri til å skrive ned...

read more

Kvamværen i kvardag og fest

Kjem du e haug...å kjøpe julegave? Laurdag 29.11. kjem i alle fall Kvamsboka Kjem du e haug? - den første boka frå Kvam historiske forening. På 120 sider kan du vandre gjennom Kvamsbygda i 120 år. I fotografi og tekst møter du Kvamværen i kvardag, på fest, i øynn, på...

read more

Bestemors Heinkel

https://vimeo.com/105494463 Ivar Østby delte andreprisen i historielagets konkurranse om beste lokalhistoriske video 2014. Gratulerer!. Juryen meiner: Videoen er eit frydefullt møte mellom ein ung gut og ein for han fjern krig. Det som har vekka interessa hans, er at...

read more

Slår du 17 rette?

17 rette hadde dei to som vann quiz'en på lanseringa av Fronsbygdin torsdag 30.10. Spørsmåla er henta frå Fronsbygdin 2013. Kor mange rette får du? Svar nederst.  Du kan skrive ut spørsmålsarka og bruke i godt lag, om du vil. Rette svar: a b c a c a a c c c a a a a c...

read more

Lien, Slapgard og Haugen

http://youtu.be/TEeNFQPHQaU Gard Espelands frodige forteljing om tre av artiklane i Fronsbygdin 2014: Gunnar Lien har skrive om Olai - kufferkremmar og lagstav. Sigrun Slapgard fortel om barndom i Ruste og sitt Arktis i Fefortraktene, mens Anders Haugen har mykje å...

read more

Videovinnarane

Charlotte Skar vant førsteprisen på kr 5000 i historielagets konkurranse om beste lokalhistoriske video for forteljinga: Øvre og Nedre Skar. Andreprisen vart delt mellom Ivar Østby for Bestemors Heinkel og Tove Østby for Seterlivet - en verdifull skatt - med 2500 kr...

read more

Bli med på ein triveleg kveld i kveld!

I kveld kl 1900 er du velkommen til ein innhaldsrik kulturkveld på Vinstra vidaregåande skule, når Fron historielag inviterer til lansering av årboka Fronsbygdin 2014.  Og mykje anna. Dette er programmet: Vel møtt! Leiar i Fron historielag, Anders Hage Musikk ved...

read more

Du kan vinne Fronsbygdin 2014!

-Frøningane held oppe framifrå årbok-kvalitet. Det er imponerande kva årbokredaktørane får fram av stoff. Skreiv GD i fjor. Fronsbygdin 2014, er klar og blir presentert på eit ope møte på Vinstra vidaregåande skule torsdag 30. oktober, skriv Dølen. Redaksjonen lovar...

read more

Brenne eller bevare?

Når du ryddar i loft og kjeller - kva for papir skal du ta vare på for ettertida? I eit stort oppslag i Dølen seier arkivleiar Marit Hosar ved Opplandsarkivet at sjølv om mykje kan virke privat, kan det også fortelje oss noko viktig om lokalhistoria, og den er det...

read more

Og vinnaren er….

Tre deltakarar i finalen i videokonkurransen til historielaget. Ivar Østby fortel om "Bestemors Heinkel", eit tysk bombefly som styrta i Rustbygda i april 1940. Charlotte Skar tar oss med i møte med generasjonar som levde og drøymde i Øvre og Nedre Skar. Tove Østby...

read more

Fronsbygdin 2014: Skulestrid

Det har vore strid og drakampar om Vinstra videregåande skule med stort engasjement frå mange, både innanfor og utanfor det politiske miljøet. Gudbrandsdal landsgymnas kom i gang på Vinstra i 1946. Historia til skulen er mangfaldig, ei rik skulehistorie sit i veggane...

read more

I godt lag

Heimesida til Fron historielag har passert nok ein milepæl: 150 000 visningar sidan starten i april i fjor. Takk for interessa! Bli med på ferda vidare, og har du noko å bidra med, er du velkomen.

read more

Video!

Mandag førstkommande går fristen ut for å vera med å tevle om 10 000 kr i historielagets konkurranse om beste lokalhistoriske video. Vi ber om at du lagrar videoen i you-tube-format om mogeleg: HD 1080p widescreen. Og at den ikkje inneheld musikk med opphavsrett. Du...

read more

Har du bøker du vil selje?

Ligg dei i ei kasse eller står i ei hylle,  og du veit du kjem aldri til å lese dei meir? Sel dei til Fron historielag. Vi er utselde for Einar Hovdhaugens Gardar og slekter i Fron, bind 2 og Ragnar Øvrelids Historia om Fron, bind 1. Det er ikkje bra. Vi må ha dei i...

read more

Du har 13 dagar på deg

http://youtu.be/yvQEB68Mph4 Til å vera med på Fron historielags konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron. Videoen skal vera på omlag 10 minutt, kan byggje på intervju, demonstrasjon av praktisk arbeid, gamle foto og filmar. Juryen legg vekt på...

read more

Du har 19 dagar på deg

[youtube=http://youtu.be/FFb21Bmd2ZE]Til å vera med på Fron historielags konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron. Videoen skal vera på omlag 10 minutt, kan byggje på intervju, demonstrasjon av praktisk arbeid, gamle foto og filmar. Juryen legg vekt...

read more

Fest for Kvikne-kyrkja

Søndag 17. august er det jubileum i Kvikne. Kyrkja blir 250 år. Festgudsteneste med biskop Solveig Fiske og prost Paul Gunnar Skuland. Mange tidlegare prestar i Nord-Fron deltek. Frå kyrkja blir det så prosesjon med musikarar frå Mukampen spelemannslag til bygdahuset,...

read more

Nå er det berre tida og vegen!

[youtube=http://youtu.be/Czjp3NsEiPk]Har du idear og lyst til å lage ein lokalhistorisk video og vera med og konkurrere om 10 000 kr i premie, er det verkeleg på tid å gå igang. Frist for innlevering: 8. september. Du finn idear og tankar her. Og reglane for...

read more

Berre ein månad att!

[youtube=http://youtu.be/Rw_dMM58wQc] Fristen for å vera med på videokonkurransen til historielaget går ut 8. september. Du konkurrerer om 10 000 kr i preimiar. I Fron kan ein berre ause av tema for ein lokalhistorisk video. Mange gamle kjem aldri til å skrive ned...

read more

Kva dei fann langs E6

Gudbrandsdalsmusea melder: Gardsbutikken på Dale-Gudbrands Gard er ope. Lokale mat- og handverksprodukter til sals. I tillegg kan du sjå utstillinga "E6 og arkeologi" samt høyre den tusenårige historien til Dale-Gudbrands Gard - Oppland Tusenårsstad - digitalt...

read more

Du kan gjere det betre

På denne videoen fortel Ingemund Midttveit om det som hende da heimbygda hans vart hardt råka av krigen i 1942. I Fron kan ein berre ause av tema for ein lokalhistorisk video. Og du kan vinne 5000 kr, blir du med på konkurransen til historielaget. Mange gamle kjem...

read more

Med fortida inn i framtida

Kva for rolle kan Fron historielag spele i dei omskiftingane som nå skjer i Fron? Korleis styrke interessa for det lokalhistoriske engasjementet? Kva for kompetanse bør ein ha i styret? Kva for nye arrangement kan laget dra igang? Torsdag hadde styret og redaksjonane...

read more

Veldig moro

Fra NORARK: Vinstravassdragets østligste og lavestliggende vann er Olstappen. Det er langs dette vannet at snøen har smeltet og kulturminnene er tilgjengelig for oss arkeologer, for øyeblikket. Fjorårets sesong var spennende og førte til dateringene av brent elgbein,...

read more

Nokon som tar utfordringa?

[youtube=http://youtu.be/Fdynp0joKxg] Fron historielag har invitert til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron. Kr 10 000 i premiar. Frist: Måndag 8. september 2014.Vi hadde òg eit tilbod: "Historielaget vil innby til ein verkstad i mai, der dei som...

read more

Sensasjon i Skåbu

Arkeologer kan nå slå fast at det var mennesker i Skåbu for 10.000 år siden. Funnene er sensasjonelle i Norge, skriver GD i dag. – Kan dette være spor etter den første befolkningen i landet? spør avisa. – Nei, det finnes eldre dateringer fra langs kysten, rundt 9.000...

read more

Ei innestengd bok?

CARL HENRIK GRØNDAHL: Dei fleste har hørt om Ivar Kleiven og det nybrottsarbeidet han gjorde, da han skreiv det grundige lokalhistoriske verket Fronsbygdin, som kom i 1930. Men kor mange har lese boka? Han skriv godt og levande, Ivar Kleiven, men han skriv med ”ånda...

read more

Kan du sele på ein hest?

Lyst til å lage ein video? Som fortel noko om Fron før i tida? Vera med på historielagets videokonkurranse? Med premiar på til saman 10 000 kr? Meld gjerne frå i kommentarfeltet her om du tenkjer på det, så veit vi litt meir og kan ha kontakt.  Kva er det som egnar...

read more

Eitt år

I dag har denne sida vore på nettet i eitt år. Og fordi det er så god tilgang på lokalhistorisk stoff i Fron, har ho vel utvikla seg til å bli ei digital historisk lokalavis. Meir enn 300 innlegg, over tusen bilde, film og videoar sidan starten, og desse innlegga er...

read more

Du har noko

Noko du har lyst til å sjå nærare på. Nokre folk du vil prate med for å få greie på korleis det var og kva som hende. Noko du vil leite etter og lese og sette saman til ei forteljing. Noko du har vore med på. Det ligg noko i eit skap eller ei skuff eller ei kiste på...

read more

Aktivt år

Så mange som 55 møtte fram på årsmøtet på Sygard Grytting. Ingen stor strid om årsmeldinga 2013. Blant høgdepunkta: Lanseringa av boka Fronsbygdin 2013 var på Dale-Gudbrands gard 31. oktober. Heile 75 møtte fram. Boka kom ut for tiande gong og hadde derfor 16 sider...

read more

Har du idear? 10 000 kr i premiar.

Fron historielag innbyr til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron. Videoen skal vera på omlag 10 min, kan byggje på intervju, demonstrasjon av praktisk arbeid, gamle foto og filmar. Juryen legg vekt på innhald, originalitet og teknisk kvalitet. På...

read more

Gåmålt frå Qvam

Årets første "Gåmålt" er komme frå trykkeriet, melder Kvam Historiske Forening. Mellom anna med ein artikkel om da Bjørnstjerne Bjørnson kom til folkehøgskulen. Får du ikkje bladet, stikk innom Abaris, så skal det bli ei råd, seier Facebook-sida til...

read more

Infomøte om kulturminne på Dalseter

OLE CHR. RISDAL: Torsdag kveld var det infomøte om dei nye kulturminneplanane i Nord-Fron, Sør-Fron og Gausdal. Det passa bra at det var lagt til Dalseter Høyfjellshotell da dette er midt i kjerneområdet for dette arbeidet. Etter god kaffi og kringle fortalde arkeolog...

read more

Draum og video

Frå mandag 17. mars kan du få  god hjelp på biblioteka i Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu  – eller andre av dei 11 folkebiblioteka i Oppland – til å fortelje din draumar og tankar inn på mobil eller nettbrett – eller i webkamera på ein pc i biblioteket. Så går draumane...

read more

Good for you

Mykje og uvanleg trafikk på denne heimesida desse dagane, så vi spurde ei som driv systemet i WordPress, om dei kunne finne noko irregulært. Er det nokon som tullar med Fron historielag? Ho svara: I don't see any thing strange on your account. Just consider it a...

read more

Korleis heng dette saman?

CARL HENRIK GRØNDAHL: Noko underleg hende på denne bloggen i går, søndag 9. mars. Ei sak er at det vart sett ny rekord. 806 unike brukarar las 1507 innlegg. Men berre 305 av desse 1507 treffa var frå Noreg. Heller ikkje kom dei berre frå typiske ferieland som Spania...

read more

Kulturminner på Dalseter

Program for åpent møte om kulturminneplanarbeid i Gausdal, Nord-Fron og Sør-Fron kommuner  på Dalseter Høyfjellshotell,  torsdag 13.mars, kl.18.30: Hildegunn Maria Haanes Ruset orienterer om hva en kommunal kulturminneplan er og hvilke rolle kommuneinnbyggerne har i...

read more

Draumar for Norge

Ein sein kveld i året 2214 sit ei ung jente med undrande store auge og ser og høyrer på deg gjennom århundra. Brått skjønar ho at livet er ei gåte - og at vi alle har  sunge og sørga, dansa og drøymt ein gong.  Nå kan du gjere noko for tipp-tipp-oldebarna dine og...

read more