RAGNAR ØVRELID: Under krigen og i åra etter gikk det stadig meir slakt frå Fron til Fellesslakteriet i Oslo. Problemer med desse sendingane var at dei måtte ordnast i fellesskap. Produsentane måtte vente til dei kunne sende ei full jernbanevogn med dyr. Fordi...
Minnesmerke i Fron: Bukkerittet
Skulptur i tre av Svein Tore Kleppan - omtala som nasjonalmonument. Ni meter høg. Plassert ved Rondablikk høgfjellshotell. Avduka av skodespelar Toralv Maurstad 2. august 2000. Reist etter privat tiltak av hotelldirektør Svend-Erik Krogh.
Vil du sjå trollkjerringane i bygda?
IVAR KLEIVEN: Dei som hadde hug til å sjå trollkjerringane i bygda, når dei Jonsoknatta hadde møte med Styggmannen sjølv i kyrkja, laut "setjast ne". Men denne nedsettinga var det berre få som forsto å gjera, og så måtte dei nok ha svartboka, skulle det lykkast. Han...
Nybrottskongen
UKJENT: I 1956 skrev den kjente historikeren dr. Torstein Høverstad en artikkel i avisene om en sagnomsust nybrottsmann på Tofte i Sør-Fron, Israel Krupp: Alt no må det vera klårt for alle som vil sjå, at Israel Krupp er ein nyskapar i norsk jordbruk. Ein...
Medan vi ventar på nye E6
RAGNAR ØVRELID: Skikkeleg køyreveg gjennom dalen kom ikkje før i 1850- og 1860-åra. Reisene sørover og nordover frå Fron gjekk framleis helst med slede på isen om vinteren. Elles måtte dei gjerne kløyvje. Kongevegen frå slutten av 1600-åra var knapt køyrande. Ein...
Mor til gudbrandsdalsosten
RAGNAR ØVRELID: Anne Hov på Rustadhågå i Ruste har fått ære for å ha skapt raudosten, gudsbrandsdalsosten. Ho var fødd på Kvålen i Skåbu i 1846. Sidan kjøpte foreldra Solbrå i Sør-Fron. På Solbråsætra blanda Anne fløyte i mysosten for å ha noko godt å trakere dei...
Fanefunn vart video
http://www.youtube.com/watch?v=KGfOBEjrunw "Ein dag i 2006 fann eg ei gammal fane. Det var fana til ”Totalafholdsforeningen Mjølner, Søthorp” fortel Vemund Hagen. Og så laga han ein video om funnet. Så enkelt og bra kan det ôg gjerast: Meld deg på videokonkurransen...
Frøningane ville ikkje lese bøker
RAGNAR ØVRELID: Det første biblioteket i Fron fekk ikkje lang levetid. Det kom i stand i 1830, og i 1843 skriv bibliotekaren, klokkar Peder Nilsen, at det har ikkje vore lånt ut bøker dei to siste åra, og at biblioteket nå er oppløyst. Alle dei interesserte hadde nå...
Telefon? Nei takk.
RAGNAR ØVRELID: I 1893 fekk fronsbygdene lokaltelefon. Det gjekk ikkje så fort å få folk til å ta telefonen i bruk. I 1895 kom det henstilling frå Ringebu og Fron telefonselskab om at Nordre Fron kommune burde teikne seg som abonnent. Kommunestyret ville ikkje:...
Fron over heile verda
PER SCHAANNING: Hei, jeg følger med så godt det lar seg gjøre herfra Taiwan, hvor jeg har vært bosatt siden midten av 1990 tallet, dette med unntak av fire år også innen shipping business mellom 1999 og 2002 ut fra Melbourne Australia. Etablerte deretter eget firma ut...
Ugift kvinne? Vanærande!
RAGNAR ØVRELID: Etter som husmoryrket stort sett var det einaste kvinnene kunne få, var det viktig å finne nokon å gifte seg med. Mange kvinner vart gåande ugifte livet ut. I det gamle bygdesamfunnet var dette både vanskeleg økonomisk og truleg vanærande sosialt. Dei...
Golaa Høifjeldssanatorium 1892-2015
Kroken på døra på Gålå A/S melder Dølen. Styreleder Nagell-Erichsen mener det er ekstra tragisk at det blir kroken på døra akkurat nå. "Vi er nå inne i vår beste driftsperiode med fantastiske snøforhold på vakre Gålå, og da er det for oss tragisk å skulle måtte gå til...
Torger Iverstugun – ein samansett kar
OLE CHR. RISDAL: Etter andre verdskrigen var trekkspelet eit dominerande instrument i dansemusikken i bygdene våre, og fela vart kanskje ikkje halden så høgt. Ein gong Torger Iverstugun gjekk gjennom Vinstra sentrum med fela under armen, var det nokre ungdomar som...
Lynet tok henne
MORTHEN AUKE: Søsteren til min tippoldemor Ragnild Sundstuen, Thora, giftet seg med Erland Stenen fra Sør Fron (tror jeg). Hun ble bare 52 år gammel, fordi hun ble rammet av lynet da hun stod i døråpningen med sin lille baby i armen i 1885 på prærien i Pope,...
Vart det bråk, skulle dei slå med spaden
CARL HENRIK GRØNDAHL: Ein gong etter 1941 vart Sverre J Hovden frå Hundorp utkommandert til obligatorisk arbeidsteneste saman med andre unge menn frå Midtdalen i vernepliktig alder. Dei held til på Fylkesskulen i Ringebu. Han har tatt desse bilda frå denne tida. Nokon...
Dei kom aldri attende
I dag, 27. januar, er den internasjonale holocaust-dagen. Eit lite kjend kapittel i krigshistoria i Midtdalen er da holocaust kom til Fron, i november 1942. Men ei historie er etter kvart kjent, historia om Karpol-familien, som budde på småbruket Skurdalsbrenna i...
Hvor mange kalverumper mellom himmel og jord?
IVAR KLEIVEN: Lars Dalshaugen var ein dugeleg og gløgg skyttar, stor, staut og røssleg. Han hadde ord på seg for å ha svarteboka og kunne kverve synet på folk. Somme sa han hadde tatt alterbrødet ut av munnen og skote gjennom det. Lars Dalshaugen var skomakar og dreiv...
Dei hadde sett og hørt einkort som ikkje var riktig
IVAR KLEIVEN: Det er oppsett så mange gilde fiskjebuer og naust ved Furusjøen at det såg mest ut som ei lita grend, og det var bruk for husrom der ôg til somme årstider. For det var ikkje berre skyttarar og fiskjarar som låg i desse buene ved Furusjøen, skal tru: om...
Kva folk veit!
Eit framifrå døme på kor bra ei Facebook-side kan fungere til å få fram lokalhistoriske fakta. Og kor mykje lokalkunnskap det finst hos folk. Kåre Hosar la ut denne teikninga på Du væt du e frå Sør-Fron når... og denne kunnskapsutvekslinga følgde: John Morten...
Ved eit vegskil – tettstader og kulturminne
Gudbrandsdalsseminaret 2015 Maihaugen onsdag 28. januar 2015: Når den nye Europaveg 6 står ferdig, har vi sett det største menneskelege inngrepet i Gudbrandsdalen etter at jernbana kom til dalen. Det gjeld både fysisk og kulturelt. For meir enn hundre år sidan vart...
Allernaadigste Konge, hav medlidenhed med os!
OLA MORKEN: Angående sunnhetstilstanden i Fron i gamle dager, kom jeg over følgende, satt sammen av flere brev i det Danske Kanselli, fra mai 1773, der flere "med Venerisk Sygdom befængte", søker om fri kur på Salvation Huuset i Christiania: Vi undertegnede fattige...
Dei ti siste Hernæs-måleria
OLE CHR. RISDAL: På veggane i bygdahuset i Skåbu heng det 40 måleri av gardar i Skåbu og Tverrbygda, i tillegg til nokre bilete av den flotte naturen i og rundt Skåbu. Ei fantastisk gåve frå Sigmund Hernæs! Han var ein utruleg allsidig og produktiv mann. Som mange...
Klondyke i Espedalen
EINAR HOVDHAUGEN: Den raske framvokster av eit gruvesamfunn i Espedalen frå 1850-åra skapte ei folkevandring frå store deler av austlandet. Av og til kunne det nok gå noko vilt for seg, men det allmenne preget er seigt blodslit. Mange bygdefolk frå Fron og andre...
Levva livet
HANS PETTER KLEIVEN: Når far slaktet høner, var det alltid spennende. Hvem av de hodeløse hønene ville flakse lengst? Det var kakling og flaksing inne i hønsegården før den rette høna ble fanget. Leven var det til øksa traff hønsehalsen og satt i hoggestabben. Det var...
Tormodsøndagen
TOR LARSEN: Skiløypene i Sorperoa under Tormodrennet kryssa som oftast både to og tre vegar i sløyfe mellom furutre og bustadhus. Biltrafikken var denne søndagen meir eller mindre bannlyst, og dei som kom for å sjå på eller delta, kom som oftast på ski. Slik var det i...
-Folk sa jeg var gal
http://www.youtube.com/watch?v=BcydXbgx9lg Vi la ut tv-programmet om Ragnvald Krogenæs og møbelfabrikken i Skåbu her på sida 4. januar i ein nokså skrøpeleg versjon. Denne er betre. Musikk og bilde hakkar litt, og det er frå svart/kvitt-tida, men triveleg er det like...
Den samme livsreisa som oss
Har du glede av denne heimesida? Ho blir til på frivillig, ulønna basis. På gleda over å kunne formidle livsnære, inspirerande, tankevekkande og rørande ord og bilde om menneske som var ute på den samme livsreisa som oss, før vår tid. Slik blir vi tydelegare for oss...
Dei revolusjonerande amerikabreva
EINAR HOVDHAUGEN: På mange måtar var amerikabreva revolusjonerande lesnad. Dei fortel om eit ungt tradisjonslaust samfunn, der kvar var sin eigen lykkes smed, der berre eins eige dugleik talde, der gardmannsonen og husmansonen levde side om side som gode grannar og...
Den årlige julegaven
Ulvei trollkjerring
IVAR KLEIVEN: I Skuthella ovanfor Kjorstad budde det eit jutulkvinnfolk i utgamal tid, før St Olav kom og innførde kristendomen her i dalen. Ho kallast Ulvei, og da det vart bygd kyrkje på Fron og kyrkjeklokkene bar til å ljome utover bygda, vart ho Ulvei så sint, at...
Du kan vinne 5000 kroner!
Fron historielag inviterer til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron 2015. I Fron kan ein ause av tema for ein lokalhistorisk video. Det er lagt ut mykje videostoff på denne sida som kan brukast. Det er mange tusen historiske stillbilde i...
Takk for 2014!
Gode nyttårsønske frå oss i Fron historielag.! Det har vore eit triveleg og aktivt år på denne heimesida. Desember vart rekordmånad med 17 278 treff i skrivande stund. Omlag 60 000 besøk frå 21 land i 2014. Dei las til saman artiklane 150 590 gonger så langt. Fem på...
Kvamshumoren
HÅKON SVEEN: «Eg skal fortelja ei kvamshistorie.» Dei fleste som har vore på kurs, seminar eller i festlege lag, kjenner seg vel att? Neste same kor du er, vil du oppleve at ein eller annan i forsamlinga tek ordet og startar slik. Utanfor distriktet følgjer så ein...
Segner om Vis-Knut
Tidleg på 1930-talet samla elevar ved Skåbu skule inn segner. Som takk. Grosserar og generalkonsul Nils Tønder Bull frå Oslo kjøpte Fjellheim i Skåbu i 1930. Han tok i bruk plassen som feriestad og vart svært interressert i Skåbu. Han gav mellom anna døypefonten da...
Historia om et slott
CARL HENRIK GRØNDAHL: På Fron vestfjell, med utsikt over Øyangen, ligger en diger tømmerbygning. Et eventyrslott. Som så mange slott var det til glede først, og så til bry og bekymring. Bygget av oljemannen Georg von Krogh, overtatt av den gåtefulle gründeren Israel...
Den bitre stiden om Koloa
EINAR HOVDHAUGEN: Busetnaden på Koloa står i ei særstilling og har neppe nokon fullstendig parallell andre stader i dalen. Heilt til på 1600 talet må Koloa ha lege som ein øye skogstrekning mellom Kjørum og Brebygda. Det er først på 1600-talet, da eit visst folkepress...
Boka om Tor Sæthersmoen
Nå er ho her, boka om motstandsmannen, forretningsmannen, friluftsmannen og familiemannen Tor Sæthersmoen. Saman med forfattaren Ole Chr. Risdal signerer han boka i dag på Libris, Vinstra. Ole Chr. Risdal fortel i forordet: I 2013 hadde jeg tenkt å skrive en artikkel...
Folkepresset i grågrenda Skåbu
EINAR HOVDHAUGEN: Det synast som skåbyggingane, i motsetnad til mange andre stader, har hatt eit romsleg syn på busetting i allmenninga. En stad måtte dei plassere folkeoverskottet. Og Skåbu hadde den fordel, framfor bygdene nede i dalen, at jakt og fiske der verkeleg...
Harald Rudi
RASMUS STAURI: Harald Rudi døydde 5.12.2014. Han var ein velkjent mann, ikkje berre i Fron. Han vart vel 75 år og hadde vore sjuk ei tid. Harald Rudi hadde arbeidslivet sitt i skuleverket og var fram til pensjonsalder tilsett ved Sødorp skule. Harald skreiv to...
Kufferkremmer Olai og avsløringar frå Ruste
http://youtu.be/TEeNFQPHQaU Mykje triveleg i Fronsbygdin i år! Har du skaffa deg boka? Ei julegåve?
Husmannsguten som berga Veikle
IVAR KLEIVEN: Knut Veikle var ein husmannsgut frå ein plass under Kjørøm som heitte Gamelsletta. Da han nådde soldatåra, var han ein kar som heldt sine 3 alner på høgd, framifrå velvaksen og ein utskjølt staut og vakker ungdom, og derfor vart han skrive til...
Konsten å lage ski
IVAR KLEIVEN: Kvikneverane og skåbyggingane har frå dei eldgamle tider hatt mykje bruk for ski på alle fjellferdene deira med veiding og isfiske og elles i samferdsle med grannebygdene. Derfor vart dei snøgt oppøvde skilauparar og var sikkert i lange tider dei beste...
«Slik læt det på Fron»
OLE CHR. RISDAL: I desse dagar er det 40 år sidan Anton Amundgård og Arne Risdal sette i gang med feleopplæring på Sør-Fron. I 1981 gav juniorspelemannslaget ut kassetten Slik læt det på Fron. Her er det mykje tradisjonsstoff frå Midtdalen:: Og sjå kven som deltok:...
Videokonkurransen 2015
Fron historielag inviterer til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron 2015. I Fron kan ein ause av tema for ein lokalhistorisk video. Det er berre å bla i årgangane av Fronsbygdin, så regnar det med idear. Men mange gamle kjem aldri til å skrive ned...
Sigmund Hernæs-måleria 4
OLE CHR. RISDAL: Tre nye Sigund Hernæs-måleri frå bygahuset i Skåbu. Dei andre ligg her:
Fronsbygdin 2014 på Rudi gard
Søndag 7. desember får du kjøpt Fronsbygdin 2014 og tidlegare årgangar på julemarknad på Rudi gard. Var du ikkje der? Sjå til høgre på sida.
Bruer i Fron: Harpebrua
RAGNAR ØVRELID: Harpebrua har stått der uten lange avbrot til i dag. Når all annan overfart var stengd, var det den å stole på. Vi høyrer om brua i 1633, da gardane i Rysland vart usamde om vedlikehaldet. I 1790 let bygda byggmeister Jehans Korpberget sette opp ei ny...
Sigmund Hernæs-måleria 3
OLE CHR. RISDAL: Her kjem sju nye Sigmund Hernæs-måleri frå bygdahuset i Skåbu:
Folk i Kvam får hente presten sjølv!
Når nye E6 tar form gjennom Fron, kan det vera godt å ha litt perspektiv og lesa det RAGNAR ØVRELID skriv: Skyssplikta var den verste. Frå dei eldste tider hadde bøndene hatt plikt til å skysse kongen og hans folk. Klager over dette høyrer vi om alt i 1400- og...
Ta toget gjennom Fron
http://youtu.be/A64pAZN27Zc
Bruer i Fron: Sundbrua
RAGNAR ØVRELID: Sundbrua ved Vinstra er den andre gamlebrua i Fron - saman med Harpebrua. Ved sundet er anlagt en bro over Laugen-elv på almen bekostning, Sundbroen kallet, betår av 11 stenkar skreiv presten Hiorthøy i 1781. Få år etter, i 1789, strauk Sundbrua med i...
Fleire Sigmund Hernæs-måleri frå Skåbu
Her er ti nye Sigmund Hernæs-måleri frå bygdahuset i Skåbu:
En gjestfri enke på Vik
OLA MORKEN kommentar til De er ikke uhøflige på Oden: Det kan synes som om de offisielle skyss-stasjonene på 1800 tallet ikke var særlig turistvennlige i forhold til dagens overnattingssteder. Privat derimot kunne oppvartningen være kostelig, som her i Kvam. 14 år...
Kvamværen i kvardag og fest
Kjem du e haug...å kjøpe julegave? Laurdag 29.11. kjem i alle fall Kvamsboka Kjem du e haug? - den første boka frå Kvam historiske forening. På 120 sider kan du vandre gjennom Kvamsbygda i 120 år. I fotografi og tekst møter du Kvamværen i kvardag, på fest, i øynn, på...
De er ikke uhøflige på Oden
W. M. WILLIAMS 1850: Utsikten fra vinduene her i Oden skyss-stasjon er storartet. Det er en god og stor stasjon, men litt forvirrende for en engelskmann, som har sine egne begreper om hoteller, for her er ingen ringeklokke, ingen oppvartere, ingen tjenere. Som de...
-Personlege opplevingar står i førarsetet
Har du sikra deg Fronsbygdin 2014? Boka får mykje ros og kan bli utseld. -Personlege opplevingar står i førarsetet, og med eitt blir historia levande, skriv Dølen. Her er innhaldet: Kvams eigen eidsvollsmann av Arild Teigen: Berre to gudbrandsdølar møtte på Eidsvoll...
Utukt på fjøset
RAGNAR ØVRELID: Tenarane låg i fjøset. Det var skikken frå gammalt av i Fron. Sokneprest Schiøth meiner at det er ein skammeleg uskikk at bøndene lar "såvel drenge som piger" ligge i fjøsa. Dette fører til stor "lettferdighed". Jenter og gutar er knapt 15-16 år før...
Tigging i Fron
RAGNAR ØVRELID: Dei ung gfita seg utan å kunne noko arbeid, dei hadde ikkje samla seg pengar eller klede, og etter eit halvt års ekteskap måtte dei ut og tigge, sidan stele. Foreldrelause barn streifa tiggande omkring. Fattigkommisjonen kritiserte gardbrukarane for å...
-Historia blir levande
Fronsbygdin 2014 maktar på ein heilt annan måte også å fengje ein yngre generasjon av lesarar enn det som sume gonger har vore tilfelle, skriv redaktør Bjørn Sletten i Dølen. Årsaka er at fleire av artiklane denne gongen strekkjer seg i tid fram til våre eigne dagar....
Solglytt skapte musikk
Ungdomslaget «Solglytt» mente at det var behov for et musikklag i kretsen, og hadde ved basarer og andre tilstelninger samlet sammen penger til blåseinstrumenter. I 1898 ble musikklaget startet, med navnet «Skurdal Musikkforening». Foreningen hadde ikke noe eget...
Pionerarbeid som har bore frukter
OLE CHRISTIAN RISDAL: No i november er det 40 år sidan Anton Amundgard frå Sør-Fron og Arne Risdal frå Skåbu sette i gang pionerarbeidet sitt for å sikre rekrutteringa til felemusikken i Midtdalen. Ein var i ferd med å få ei forgubbing, og det var på tide å gjere...
Jukulkula
På solsia synnafor Ny-Sambu — Nord-Fron — blir det om vinteren ei ofseleg stor sveilkule uppi li'n i ei dokk. Denne kula ligg slik til at sola ikkje kjem til der før seint på dagen, og ho held seg lenge utover våren. På Bre'e såg på denne kula når Øyangsvatnet var...
Starten var beskjeden nok
Kvam Musikkforening kom i gang den 6. november 1925. Det var lærer Tor Mohn som gjorde opptaket, og som i 20 år tok det tyngste arbeidet i foreninga. Han var i heile denne tida dirigent og instruktør. Det var berre 7 medlemar til å begynne med, og dei fortener å bli...
En lys vårkveld i året 1899
Fire venner fikk ideen om å danne et musikklag for Sør-Fron-bygda en lys vårkveld i året 1899. Disse ivrige karene var M. P. Løkken, som senere ble selvskreven formann, Anton P. Ånekre, Anton I. Ånekre og Bersvein Bålet. Etter mange vansker fikk de i stand en basar...
Stor og god feiring!
Grunnlovsjubileet vart feira stort og godt i Sør-Fron Kyrkje sundag. Fleire bilde under bretten.
Sveltihelkjerra
MARGIT LYKKJOM FORTEL TIL ANTON LØKKEN: Mjølkebilen tok til å kjøre på setra i Sødorp i 1928. Da vart det brått slutt på ysting og kinning. Det vart messom meir matlaust på seter'n au. Eg hugsar eldre folk kalla mjølkebilen sveltihelkjerra. Men det vart i alle fall...
Vin og heim i Fron
IVAR KLEIVEN: Fron har støtt vore helde for den beste bygda i Gudbrandsdalen og blomen mellom dei, inga bygd har så mykje god og vokstom jord, og dei meste av grendene ligg godt og lugumt til, og derfor har Fron frå langt atti medelalderen vore ei sterk bygd med...
Ein kveld for tanke og kjensle
-Har alltid vore strid om skulen
Artikkelforfattar Olav Bratland vart vigd spesiell plass under lanseringa av Fronsbygdin 2014, skriv Dølen. Han var lærar på Vinstra vidaregåande skule i 41 år og har skrivi om sitt liv ved skulen. -Eg har vore her veldig lenge, nokon trur at eg alltid har vore her,...
Seterlivet – en verdifull skatt
https://vimeo.com/105594300 Tove Østby delte andreprisen i historielagets konkurranse om beste lokalhistoriske video. Gratulerer! Juryen meiner: Videoen fortel om ein viktig og rik tradisjon – seterdrifta gjennom århundra. Med konkret utgangspunkt i filmskaparens eiga...
Bestemors Heinkel
https://vimeo.com/105494463 Ivar Østby delte andreprisen i historielagets konkurranse om beste lokalhistoriske video 2014. Gratulerer!. Juryen meiner: Videoen er eit frydefullt møte mellom ein ung gut og ein for han fjern krig. Det som har vekka interessa hans, er at...
Slår du 17 rette?
17 rette hadde dei to som vann quiz'en på lanseringa av Fronsbygdin torsdag 30.10. Spørsmåla er henta frå Fronsbygdin 2013. Kor mange rette får du? Svar nederst. Du kan skrive ut spørsmålsarka og bruke i godt lag, om du vil. Rette svar: a b c a c a a c c c a a a a c...
Videovinnar: Øvre og Nedre Skar
http://youtu.be/6r8Hld-wVs8 Charlotte Skar vann historielagets konkurranse om beste lokalhistoriske video 2014. Gratulerer! Juryen meiner: Denne videoen fortel litt om ei fortid som var meir strevsam og mindre kravstor enn vi kan førestille oss i dag – nemlig korleis...
Malerbakken, Ødegård og Fevolden
http://youtu.be/eRMakGVN2EI Dette er siste videoen av presentasjonen frå boksleppet. Kjøp boka. Mykje å kose seg med i godstolen. Magne Malerbakken har samla ord og uttrykk i fronsmålet. Jon Ødegård fortel om kor farleg det var å ta seg frå Kjønås til Frya...
Ruset, Bjerke og Beitrusten
http://youtu.be/sBT0J1u-maA Kva skjedde med familien Karpol? Kjartan Ruset har skrive om då Holocaust kom til Fron. Sør-Fron sangkor er 100 år i år, og Vegar Bjerke fortel interessant organisasjonshistorie. Mange kjente folk har vore innom Kvam gjennom tida - frå...
Lien, Slapgard og Haugen
http://youtu.be/TEeNFQPHQaU Gard Espelands frodige forteljing om tre av artiklane i Fronsbygdin 2014: Gunnar Lien har skrive om Olai - kufferkremmar og lagstav. Sigrun Slapgard fortel om barndom i Ruste og sitt Arktis i Fefortraktene, mens Anders Haugen har mykje å...
GD: Klar med Fronsbygdin
Boka er klar. Den 11. Frondbygdin-boka i rekken. Redaksjonssekretær Gard Espeland og redaktørene Rasmus Stauri og Per Ottesen blar i den rykende ferske boka. De er fornøyd med resultatet, skriver GD.
Bratland og Odenrud
http://youtu.be/A2Qg6oylEdI Historiene om ein skule og om ein mann. Sjå Gard Espeland fortelje om Olav Bratlands artikkel om Vinstra vidaregåande skule og Hans Odenruds forteljing om ein mann med ein latter som skremde ungar. Den tredje av i alt seks videoar om...
Megaarden, Espeland og Grytting
http://youtu.be/jSmShBkn160 Fleire gode grunnar til å kjøpe Fronsbygdin 2014. Her kan du sjå Gard Espeland fortelje om Gamle segn og soger frå Skåbu av Georg Megaarden, Da det vart sleppt yngel i Fossåa av Gard Espeland og Innmarksnamn på Tåkåstadgardane av Sigurd...
Skriubakken og Fevolden
http://youtu.be/dvujVgWE8eY Bli med inn i Fronsbygdin 2014 og følg Gard Espeland. Her fortel han om to artiklar: Eit lite samfunn som nesten er borte av Odd Jan Skriubakken og Omgangsskulelæraren i Langli’n av Tore Fevolden. Det kjem fleire smakebitar.
Fullt hus og godt sal
Heile 90 personar var til stades da leiar i Fron historielag, Anders Hage, ønskte velkommen til lanseringa av Fronsbygdin 2014. Vi kjem tilbake med video frå kulturkvelden.
Videovinnarane
Charlotte Skar vant førsteprisen på kr 5000 i historielagets konkurranse om beste lokalhistoriske video for forteljinga: Øvre og Nedre Skar. Andreprisen vart delt mellom Ivar Østby for Bestemors Heinkel og Tove Østby for Seterlivet - en verdifull skatt - med 2500 kr...
Bli med på ein triveleg kveld i kveld!
I kveld kl 1900 er du velkommen til ein innhaldsrik kulturkveld på Vinstra vidaregåande skule, når Fron historielag inviterer til lansering av årboka Fronsbygdin 2014. Og mykje anna. Dette er programmet: Vel møtt! Leiar i Fron historielag, Anders Hage Musikk ved...
Du kan vinne Fronsbygdin 2014!
-Frøningane held oppe framifrå årbok-kvalitet. Det er imponerande kva årbokredaktørane får fram av stoff. Skreiv GD i fjor. Fronsbygdin 2014, er klar og blir presentert på eit ope møte på Vinstra vidaregåande skule torsdag 30. oktober, skriv Dølen. Redaksjonen lovar...
Brenne eller bevare?
Når du ryddar i loft og kjeller - kva for papir skal du ta vare på for ettertida? I eit stort oppslag i Dølen seier arkivleiar Marit Hosar ved Opplandsarkivet at sjølv om mykje kan virke privat, kan det også fortelje oss noko viktig om lokalhistoria, og den er det...
Dei siste åtte teikningane frå Skåbu skule
No er heile heftet publisert, og dermed er også namna på alle elevane gjort kjent.
Halvdan Krag – ein mangslungen kar
Mange vaksne frøningar hugsar Halvdan Krag, som levde mellom 1901 og 1976. Han bygde båtar, han teikna og produserte prefabrikerte hus. Han var ein mann med humor, sjølvironi og rike poetiske evner. Han var hundre prosent frøning, men etternamnet fortel om utabygds...
Enda fleire!
Fleire teikningar frå Skåbu
Meir om Segner frå Skåbu
For ei stund sidan la vi ut ein god del segner frå Skåbu. Det var altså fjerde klasse ved skulen som laga eit hefte til Tønder Bull, som takk for alt han hadde gjort for Skåbu. Elevane som var med på dette var 1919-1923-årgangar. I tillegg til å skrive segner, hadde...
Storfremmon i Kvam
[youtube=http://youtu.be/zTPZOQ55U9o] Alle som reiser gjennom Gudbrandsdalen, må innom Kvam sentrum anten dei vil det eller ei. Slik har det støtt vore. Men om få år og i all overskodeleg framtid blir heimbygda mi liggjande utanom storvegen, nesten som i ei bakevje,...
Jegerlarven i Skodalsåa
Jegerlarven er montert som utendørs skulpturprosjekt langs kulturminnestien ved Skodalsåa. Arrangør: Skodalsåas venner. Her vil skulpturen fungere både som utkikkspunkt, kunst i landskapet og overnattingstilbud for publikum og turgåere. Som tidligere konstruksjoner av...
Kua kom laus støtt
KAARE HAGEN: Det var borti Graslia, der er setra til Hov. Dei hadde bygd nytt fjos, og der var det ein bås det ikkje fanst råd å få kua til å stå bunde. Ho kom laus støtt, anten det var natt eller dag dei batt ho. Men så kom brukaren oppå der og sa: "È ska binde ho é,...
Og vinnaren er….
Tre deltakarar i finalen i videokonkurransen til historielaget. Ivar Østby fortel om "Bestemors Heinkel", eit tysk bombefly som styrta i Rustbygda i april 1940. Charlotte Skar tar oss med i møte med generasjonar som levde og drøymde i Øvre og Nedre Skar. Tove Østby...
Korleis dei underjordiske vart til
KAARE HAGEN: Nå skal dykk få høyre korleis eg har høyrt dei underjordiske vart til. Det var Adam og Eva som hadde så mange ungar. Dei fekk besøk av Vårherre ein gong, og dei syntest det var skam å ha så mykje ungar. Dermed gøymde dei nokon av dei nede i kjellaren. Da...
Det Qvambske Compagnie Destrect
"Militært Vei-cart over Det Oplanske Infanterie-Regiments 2den Nationale Batalion, Det Qvambske Compagnie Destrect. Cartet er som befalet tegnet efter Øÿe-Maal Aaret 1805 af P L Stiboldt. Compagniets heele Længde i alt 6 mil 5625 alen". Den som er interessert i gamle...
Og mannen skratta te kjeften sprakk
Ein mann kjem ut for ei skræmande diger kråke. Han skyt kråka og nyttar skrotten til fulle. Kråkevisa, også kalla Mannen og kråka, Bonden og kråka eller Den store kråka er ei folkevise av typen medelalderballade. Visa er også kjend i Danmark, Sverige og på Færøyene. I...
Tamrein i Fronsfjella
IVAR KLEIVEN: I 1840 eller deromkring vart det freista med å halde tamrein på Fron. Det var nokre som slo seg i lag og kjøpte ei drift av Rørosfinnane, men det gjekk ikkje rart med desse tiltaka, kva det nå kunne vera som var skulda. Ulven var stygg her i dalen denne...
Namn i Fron: Lia
BRIT NILSEN: Grenda Lia på vestsida av Laugen går frå Ringebugrensa til Skodalsgrenda, og namnet er laga av naturgrunnordet li, som altså betyr "skråning i fjellsida, oftast skogkledd." Vanlegvis er slike mykje brukte naturgrunnord samansette for å peike dei tydlegare...
Ormen og Svartboka
Det var Heilag Olav som forbaud ormen å “vise seg mellom Jolun og Golun, mellom Hågåhaugen og Laugen”. Men kvifor er det ikke orm i Søre Lia? Jo, det hadde seg slik: Det var to karar som skulle åt vedskogen oppi Kampen. Da dei hadde drivi på ei stund, vart dei...
